Kongens Fortenstmedalje til Hilde Bjørkum
Den tidlegare leiaren av Førdefestivalen får utmerkinga for innsatsen for kultur og folkemusikk her heime og ute i verda.
Hilde Bjørkum var leiar av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival gjennom mange år. 20. mai vart det klart at ho får Kongens Fortenstmedalje for arbeidet ho har gjort og engasjementet ho har synt for kulturen generelt og folkemusikken spesielt, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, melder Førdefestivalen på nettsidene sine.
– Eg er djupt beæra og overvelda over å få ei slik heidersutmerking!, meldte Hilde Bjørkum sjølv på Facebook-sida si då ho delte nyheiten.
Utmerkinga får ho fyrst og fremst for innsatsen som kunstnarleg og administrativ leiar av Førdefestivalen i mange år. Bjørkum har vore ei drivkraft bak etableringa og utviklinga av denne festivalen, som under hennar leiing har vakse til å bli den største i sitt slag i Skandinavia, skriv festivalen. European Festival Association heidra i 2019 Førdefestivalen med EEFE award, som ein dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Hilde Bjørkum mottok også sist haust Budapest Ritmo Award, ein pris som kvart år går til ein person som har bidratt med ein eineståande innsats for det globale verdsmusikk-miljøet og for musikklivet i sentral- og aust-Europa.
Mykje av det Bjørkum har gjort må reknast som nybrottsarbeid, fortsett festivalen i omtala av Bjørkums heidersbevisning frå H.M. Kongen, der dei trekker fram spesielt Bjørkums kreativitet, pågangsmot og store gjennomføringsevne som har skapt nye møteplassar for utøvande folkemusikarar frå inn- og utland. Hilde Bjørkum har lagt til rettes for formidling av musikken til nye publikumsgrupper og medverka til større respekt og auka interesse for denne delen av kulturen, både i media og samfunnet elles, melder festivalen.
Hilde Bjørkum har dessutan lagt ned ein stor innsats på fritida, som aktiv utøvar av folkemusikk og dans, som instruktør og med tillitsverv i mange ulike organisasjonar. Som utøvar har ho særleg markert seg i dans, der ho saman med dansepartnaren sin har gått heilt til topps på Landskappleiken tre gonger, og vunne ein Kongepokal.
Den formelle utdelinga av medaljen er sett på vent inn til vidare på grunn av koronasituasjonen.
Ledige stillinger
Stipendiatstilling i musikkterapi
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Stipendiatstilling i musikkvitskap
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Kantor/kirkemusiker
Vågsbygd menighet - Kristiansand Søknadsfrist:06/02/2025
A&R Manager
Universal Music ASSøknadsfrist:05/02/2025
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025