
Bygger lyden av Bergen med app
– BITWaves skal vere ein øyreopnar. Det handlar om å vere bevisst på kva lydar me har rundt oss, seier prosjektleiar Håkon Skjæret. Med appen er publikum med på å skape «Lyden av Bergen».
Den nye appen BITWaves vil vekke «lydhoarderen» i deg.
Det eksperimentelle BIT20 Ensemble har laga appen BITWaves med ynskje om å vekke vår nysgjerrigheit og bevisstgjere oss på lydane som omgjev oss. Sist sundag heldt dei lanseringskonsert for å sjå kva lydbileter som kan oppstå når ein leiker med lyden av snurrande skulpturar, bybanen, fotgjengarfelt og alt anna mellom himmel og jord.
Då koronapandemien brøyt ut såg BIT20 moglegheita og behovet for å nå publikum på nye måtar. Som tilskot til den tradisjonelle konserten snudde dei på hælen, søkte på nyoppretta koronamidlar, og utvikla «Lyden av Bergen». Med appen deira, BITWaves, som verktøy vert me invitert til å samle inn lydar frå byen og saman skape «Lyden av Bergen». Med appen kan ein ta opp lyd, strekke den over tid og lage komposisjonar. Prosjektet går i heile høst, og er ein del av Bergen sitt 950-årsjubileum.
Håkon Skjæret arbeidar med formidling i BIT20, og er ansvarleg for prosjektet «Lyden av Bergen». Han har òg vore med på å bidra i utviklinga av BITWaves. Eg tar meg ein tur til BIT20 sine kontor i Grieghallen for å få meg litt kaffi, ein Dumle og ein prat med Skjæret.
– Får du ikkje lyst til å ta opp alle lydar?
– Jo!
Leiar av BIT20, Laila Melkevoll, heller kaffi i koppane våre. Etter eg lasta ned BITWaves oppstod eit nytt behov: å samle lydar. Det er litt som når man ein sjeldan gang heng kameraet rundt nakken og plutseleg ser fotomotiv overalt. Ved sidan av kaffien ligg ein karamell til kvar. Korleis høyrest lyden av karamellpapir ut i ein komposisjon? Eller når lyden strekkast ut i låg pitch?
Sidan i sommar har Skjæret gått rundt som ein hoardar og samla lydar.
– No som eg er så inni det vert eg ekstra bevisst på alle lydar.
Han har prøvd å samle inn lyden av Bergen i forbindelse med ein lydsafari som er satt opp i byen for anledninga.
– Me har lagd ei løype i byen der sju lydar typiske for Bergen er markert. Tanken er at ein kan dra på lydsafari i byen, fange dei opp med appen, og så gå heim og leike med å lage ulike komposisjonar.
Plakaten markerer eit av dei sju punkta på lydsafarien. Foto: Håkon Skjæret
Prebz frå Youtubekanalen «Prebz Og Dennis» er med på lanseringa av appen, og har laga videoar der han går rundt i eit særs vått Bergen og leitar etter lydar. Med Prebz med seg på laget håpar BIT20 å nå ut til ungdommar, men Skjæret understrekar at appen er utan aldersavgrensingar.
– Appen er lagd for alle. Den fungerer om du ikkje har nokon erfaring med å lage musikk, men òg om du allereie er ein etablert musikar. Alle kan bruke den for å lage noko kult.
BITWaves kan ta opp sju lydar på opptil ti sekund kvar. Opptaket kan spelast av som det er, eller ein kan dra opptaket ut i tid slik at det får ein mørkare pitch.
– BITWaves har to funksjonar: spelebrett og komposisjon. På spelebrettet kan ein improvisere og spele polyfonisk ved å trykke rundt på skjermen med så mange fingrar du ynskjer, mens i komposisjonsmodus kan ein setje saman dei sju lydane til sin eigen komposisjon.
Funksjon 1: Spelebrett. Ved å dra fingeren over skjermen vil lyden endra seg. Foto: Thor Brødreskift
Funksjon 2: Komposisjon. Til høgre er sju innsamla lydar. Det lilla opptaket er originalt ein stemme, men ved å overlappe dei vert stemmen duplisert til eit fullverdig kor. Foto: Thor Brødreskift
Dei to funksjonane, spelebrett og komposisjon, og maks sju ulike opptak gjer appen veldig enkel å forstå.
– Det var heilt bevisst å ha mange avgrensingar i utviklinga av appen. Me ynskja å laga ein app alle kan bruke, og tenkte at ved å ha mange avgrensingar vert den meir inkluderande. Og jo fleire som kan bruke den, jo betre. Nokre musikkprogram, som GarageBand til dømes, har uendeleg mange funksjonar, og ein kan bli heilt overvelda av moglegheitene. Me har stramma det inn og prøvd å gjere den veldig intuitiv.
Dei få funksjonane er befriande og bremsar din indre lydhoarder. Det er som å gå på restaurant som pesketerianar og berre tillate seg å begjære halve menyen. Kva er vel meir befriande enn avgrensingar?
Eg tar på stoppeklokka mens Skjæret held inne opptaksknappen. Kor lenge varar ti sekund? Me høyrer på det ferske opptaket av Skjæret sine fingrar som trommer mot bordflata. Det høyrest bra ut.
Den intuitive, enkle utforminga til appen gjer den tilgjengeleg for dei heilt små, og til lanseringskonserten av «Lyden av Bergen» kjem fleire små, aspirerande musikarar. Det familievenlege arrangementet til det familievenlege tidspunktet, sundag klokka 13.00, stiller med ein liten scene kor dei under ein meter på sokkelesten kan vere med på å leike seg med lydar. Formatet er proft, og samtidig intimt.

Bilde frå lanseringa – og utprøvinga – av appen på USF Verftet 23. august (Foto: Thor Brødreskift)
Fire musikarar frå ensemblet med mellom anna perkusjon, synth, vokal og bassklarinett som instrument står på ein stor scene og spelar mot ein litt lågare miniscene, med litt andre instrument; Ipad, mikrofon og spritdispenser.

Gut frå publikum fangar lyden av Prebz (t.h.) sin penn som dragast over eit tavle med riller (Foto: Thor Brødreskift)
Nokon i publikum har med seg lydar, mens andre finner dei i rommet på USF Verftet. Publikum vert invitert til å spele av opptaka sine på miniscena medan musikarane i BIT20 Ensemble prøvar å etterlikne lyden av mellom anna raslande planter.
Det er tankevekkande og fint at både dei dyktige musikarane frå ensemblet og dei små ti-sekundsopptaka kan lyde kult, og det får meg til å stille spørsmålet:
– Kan det bli for lett å lage musikk?
– Eg vil eigentleg seie nei, svarar Skjæret. – Det skal vere enkelt å lage musikk. Og så er det jo opp til ein kvar å vurdera kva som er bra musikk. Nokon av dei største hittane som er lagd, er ikkje nødvendigvis dei som har blitt brukt lengst tid på. Ofte handlar det meir om ideen. Ta John Cages 4’33», til dømes.
John Cages stykke 4’33» vart ein milepæl i musikkhistoria, men tok heilt klart ikkje langt tid å komponere.
– Det kan vere enkelt å lage musikk, og det kan vere vanskeleg. Det som er så fint med musikk er at man aldri vert ferdig med den.
– BIT20 sitt fokus er jo på eksperimentell- og samtidsmusikk. Har de ein intensjon om å spreie interesse for samtidsmusikk med BITWaves?
– Ja. Me har ein intensjon om å spreie inspirasjon og nysgjerrigheit til lyder generelt, og me ynskjer at BITWaves skal vere ein øyreopnar. Det handlar om å vere bevisst på kva lydar me har rundt oss.
På konserten vert alle lydar tatt godt i mot. Då Skjæret lurar på kva lyd me høyrer, då eit slags kvinande hyl vert spelt av (lyden av Sverre Hoels skulptur Bjella Donna) og får «musikk!» som svar, vert han tydeleg nøgd.
I september får BITWaves ei oppgradering som gjer det mogleg å lagre lydspora og dele med vener. Og med BIT20.
– Me ser for oss at folk kan dele komposisjonane deira med oss i BIT20, og at me til slutt sitter med ein stor bank av lydar, fortel Skjæret. – Ting er jo framleis litt usikkert med tanke på konsertar framover, men me håpar på å ha eit eller fleire offentlege arrangement utover hausten, der me kan bruka opptaka frå lydbanken.