Blå og Oslo World høyrer saman – vi kan ikkje miste Blå! Vi kom inn i denne vakre svarte boksen Blå er, i gulbrun belysning frå stearinlys på borda og velkomponert scenelys. Erykah Badu strøymde frå anlegget. For ei deilig varmestove.
Ein barkrakk midt på scena, ein cajon, akustisk gitar og rhodes, den brune skinnjakka til Louam sjølv – estetikken osar MTV unplugged frå milleniumskiftet med Badu, Lauryn Hill, Mary J. Blige. Opningslåta «Like 90s RnB» går rett i kjernen. Louam slepte si debutplate i fjor, «Wreckless Love», som framstår som ein hyllest til nettopp nittitals RnB og neo-soul og dyrkar soundet.
Låtane frå plata er godt arrangerte for det akustiske formatet, og ei av dei sterkaste låtane, «Mezmerize me», får eit ekstra løft i den intime koringa. MTV unplugged-formatet passa fint når det no var eit nedpå Blå med sitjeplassar og stearinlys. Men eg gler meg til å høyre ho med litt meir trøkk når vi er tilbake til ståplass-livet (og det kjem tilbake!). Det blir spennande å fylgje utviklinga når Louam vidare skal utvikle prosjektet sitt og kanskje ta soundet eit hakk vidare etter dette djupdykket i nittitalet.
Etter ei god pause med meir Erykah Badu på anlegget, scrolling i staden for mingling og påfyll med app-øl i glaset, går Chika Dole på scena med perkusjonist George Kwadwo Ofori, også kjent som King George VIII og bassist Jenny Jorde Lunde. Vokal, bass og trommepad – minimalistisk Neo-soul.
Det mest slåande med Chika Dole er hennar unike vokaluttrykk. Det er forsiktig og lavmælt, men likevel med ein sterk intensitet. Tekstane tek for seg problematikk rundt rasisme, samtykke og hykleri. Det er ærleg, personleg, men treff universelt. Og når desse til tider vonde, betente tekstane blir levert gjennom det vare vokaluttrykket får det ekstra sprengkraft. Chika Dole er ikkje minst ein sterk formidlar. Ho uttrykkjer mykje med blikket, og hennar smått quirky vitsar fekk oss til å senke skuldrane i den litt stive situasjonen som det jo er med denne låste stolplasseringa for publikum.
Eg må gi eit ekstra godord om bassist Lunde – ho leverte nokre spesielt smakfulle linjer som var avgjerande for dynamikken i dei minimalistiske låtane. Men også Chika Dole gler eg meg til å høyre i ståplasstider, gjerne med eit større band som kan utvide liveuttrykket.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.












































