Norsk Komponistforening: – Vi har nok ikkje sett dei største tapa enno
Panelsamtalen med overskrifta «Kunst – til å leve av eller overleve med?» skulle handle om situasjonen til unge og uetablerte kunstnarar etter pandemien, men fekk eit anna perspektiv når vi no går inn i ei ny kritisk periode for kulturlivet.
SAMT – Forum for samtidsmusikk er ein serie med samtalar som Ny Musikk har arrangert dei siste fire åra knytta til det å utøve profesjonell virksomhet på kunstmusikkfeltet. Denne gongen hadde dei slått seg saman med Norsk jazzforum under overskrifta Kunst – til å leve av eller overleve med?
– Korleis er det å etablere ein kunstnarisk praksis… eg hadde tenkt å seie etter, men det blir litt feil i dag…I eit pandemiramma kulturliv, opna samtaleleiar Bjørnar Habbestad, som er kunstnarisk leiar i Ny Musikk.
Publikum i boksen på Kulturhuset – eit tverrsnitt av arrangørar, komponistar, musikarar – lo lett av “tragikomedien”. Siste ledd av det ordet blir i skrivande stund stadig svakare dess meir vi nærmar oss 7. desember kl 19 og nye tiltak.
Men det låg ei slags optimisme i lufta i Boksen på Kulturhuset førre torsdag likevel.
Det første panelet bestod av dei sokalla “unge, nyetablerte komponistane”, representert ved David Cariano Timme (musikar), Sigrid Aftret (musikar, komponist) og Guostė Tamulynaitė (komponist).
Tamulynaité svarar på spørsmålet om kva som er annleis i arbeidskvardagen før og etter pandemien.
– No spør eg meg alltid – om alt blir avlyst, og om du mistar all støtte – vil du framleis gjennomføre prosjektet? Det spørsmålet låg ikkje der på same måte før pandemien.
– Eg opplever nesten mindre respons no enn under pandemien
Guosté Tamulynaitė og Sigrid Aftret avholdt sin eksamen i 2020, og David Cariano Timme i 2018. Dei er definisjonen på nyutdanna, som Habbestad sa. Pandemien har nok påverka dei like ulikt som andre. Somme har spelt mykje, andre har øvd mykje, medan andre igjen har mista motivasjonen i perioder.
– Eg er ikkje ein av dei som har øvd masse – eg trur eg aldri har hatt så lite overskudd på instrumentet, fortel David.
Ei av bekymringane Habbestad hadde på vegne av feltet var om publikum kjem tilbake etter pandemien: – Eg opplever nesten mindre respons no enn under pandemien, svarar Sigrid: – I starten av pandemien var det så mange positive initiativ rundt omkring. Men i haust har det vore vanskelig å booke.
– Alt som var institusjonalisert frå før, har vore lettare å få opp igjen, meinar David. – Det har vore mindre respons på ting som er mindre og ukjente.
Kvelden opna med denne videoen frå kunstnarkollektivet Blomsterbed:
– Vi hadde eit behov for ein stad å vise våre eigne ting, for vi orka ikkje å ha endå eit prosjekt som måtte forhalde seg til den vanlege rekkefølga på ting, fortel Guosté Tamulynaitė om kunstnarkollektivet. Den “vanlege” rekkefølga: – Å først finne ut kven er du? Kva gjer du? Og kvifor gjer du det? Så skrive den teksten fordi du skal bruke den i søknadar, gå gjennom søknadslister for å finne kva som passar deg, og ikkje kunne gjere noko før du har fått midler.
– Vi veit ikkje heilt kva vi gjer og kven vi er – og vi er kjempenøgd med det.
Guostė Tamulynaitė takkar ekspress-støtta, og nemner gratis lån av lokaler frå Café MIR som viktig.
David Cariano Timme ser på evna til å omstille seg fort som ein viktig lærdom gjennom pandemien: – Eg set utruleg stor pris på å få tid til å revurdere val eg har tatt. Som følge av det har vala mine vorte meir medvitne.
Tamulynaitė på si side trekk fram det å arbeide med nye format som ein fordel.
Mot slutten av samtalen kjem dei tre med konkrete forslag. Sigrid meinar at ein bør stimulere til unge, uetablerte oppvarmingsband rundt på scenene, mellom anna. Og korleis skal ein få seg noko å vise til etter studia som ein kan bruke i booking og søknadar? Kunne ein laga ein startpakke?
– Samtidsmusikken i dag er undertrykt av ein link til ein dum idé av kva klassisk musikk er. Og vi slit med å skilje dei.
Tamulynaitė foreslår ei forprosjektstøtte, litt slik som finst på kunstfeltet, slik at ein kan tørre å spør musikarar for å prøve ut ting utan at ein veit om dei får betalt, slik det er lagt opp i dag. Ho ynskjer seg ordningar med kortare fristar og mindre krav til budsjett, lokaler for å kunne eksperimentere med form. Og at aktørar – arrangørar, organisasjonar og politikarar, signaliserer tillit: – Å signalisere at vi er ynskt.
David Cariano Timme meinar at det ville vere fint om ikkje alt blir institusjonalisert: – Vi må senke terskelen. Alt treng ikkje bli ei megagreie – men berre ein del av det vi gjer. Samtidsmusikken i dag er undertrykt av ein link til ein dum idé av kva klassisk musikk er. Og vi slit med å skilje dei.
– Vi har nok ikkje sett dei største tapa enno.
Kveldens andre panel bestod av Jørgen Karlstrøm (styreleiar i Norsk Komponistforening), Hans P. Kjorstad (musikar, komponist, og representant frå Motvind Kulturlag), Omar Samy Gamal (kulturbyråd i Oslo) og Tine Hvidsten (Konsertforeninga). Samtaleiar var Solveig Skår, styremedlem i Ny Musikk.
– Det har ikkje vore lett å tolke kva som er dei overordna tendensane – inntrykket er at dette har slått veldig ulikt ut på gruppenivå og innad i dei ulike gruppene, opnar Jørgen Karlstrøm med, og bekreftar med det inntrykket vi sit med etter å ha høyrt på første panel.
Karlstrøm trekk fram utsetjingane og avlysingane som ei av dei største utfordringane: – Ein såg at det var ein manko på oppdrag når samfunnet opna opp igjen etter sommaren, og ser no på ulike støtteordningar som kan avhjelpe dette.
– Men når det kjem til dei som skaper musikken har vi nok ikkje sett dei største tapa enno.
For komponistar er økonomien “forseinka”, forklarer Karlstrøm: – Dei får ikkje pengane før eit år eller halvanna år etter at aktiviteten skulle finne stad. Så dei tapa som har påløpt i 2021 vil kome med full styrke i 2022, og vi ser allereie at tapa i 2021 ser ut til å vere større enn i 2020.
Dette kan dessverre få konsekvensar også for komponistar som prøvar å etablere seg: – Med mindre dei ser på moglegheiter der ein del strukturar er råka litt ved, og ein kan gjere noko litt anna enn slik ting var før.
– For å vere ærleg hadde vi politikarar ikkje nok fokus på det i starten av pandemien.
Tine Hvidsten og Konsertforeningen har vore medvitne på å booke uetablerte band til sitt program: – Bookar ein unge folk, så kjem det unge folk på konsertane, meinar ho. Konsertforeningen er avhengig av frilansarar i fleire ledd, og meinar at lydteknikarar også høyrer med i denne debatten: – Kjem dei til å vere der etterpå? Og kjem spelestadane til å vere der? Vi har inga eiga scene, og treng stad å vere. Vi har ikkje midlar til å starte scene.
Og Hvidsten meinar at svaret på mange av utfordringane her er pengar.
Byråd for idrett, frivillighet og kultur, Omar Samy Gamal meinar at pandemien har forsterka tendensar i samfunnet som låg der allereie. Ein av desse var den sårbare situasjonen som unge kunstnarar står i: – For å vere ærleg hadde vi politikarar ikkje nok fokus på det i starten av pandemien.
Ein såg at unge som havna mellom fleire stolar: – Mange kvalifiserte ikkje for NAV, hadde ikkje nok å vise til i søknadar og kunne ikkje ta oppdrag – dei havna i ein ekstrem situasjon, som eg er ganske sikker på har tvunge mange vekk frå feltet. Vår bekymring var at vi var i ferd med å miste ein generasjon musikarar, noko som samfunnet vil tape på i eit lenger løp.
Han trekk fram ordninga Neste Generasjon kulturnæring som eit initiativ som skal hjelpe nyetablerte kunstnarar:
– Då tek vi ein del av risikoen for at aktørar skal velge fleire unge, nye, uetablerte kunstnarar. Ordninga styrast av feltet sjølv, gjennom Creo, Bylarm Ung og Møst som har drifta og skal sørge for at ordninga treff fleire enn berre deira nedslagsfelt, understreker Gamal.
Hans Kjorstad, som representerer både musikaren og plateselskapet Motvind, meinar at også kunstnarane sjølv har eit ansvar for å tenkje annleis, og at ein må prøve å gjennomføre noko sjølv om ein ser at ein kan gå i minus: – Om du tenkjer på alt du brukar på Netflix og kaffi, øl på byen så er det mogleg å finne noko budsjett til å gjennomføre prosjekt, meinar han:– Eg seier absolutt ikkje at det er bra å vere fattig, men at det finst prioriteringar ein kan gjere.
Til meir aktivitet ein har, dess betre stiller ein i støtteordningane, noko han og Motvind har merka: – Og alle ville jo gi ut plate no, så vi har vore heldige oppe i det heile.
Solveig spør panelet til slutt: Kven har eigentleg ansvaret for at denne gruppa skal få moglegheita til å jobbe med det dei har utdanna seg til?
Hans Kjorstad opnar: – Eg er kanskje litt sjølvkritisk, så eg tenkjer at vi som lagar musikken, kunsten må ta ansvaret. Vi er heldig å ha politikarar her som bidreg til musikken her i dette landet.
Jørgen Karlstrøm påpeikar at dette er eit vanskeleg spørsmål: – Men dette handlar om kva slags samfunn ein vil ha. Det er eit felles demokratisk ansvar.
– På same måte som arrangørar har ansvar for å booke mangfald og balansert, har dei også eit ansvar for å booke nyetablerte kunstnarar. Og så saknar eg litt høgare betalingsvilje frå publikum – om du går på konsertar som er arrangert av oss i Konsertforeningen eller Motvind, så kan du vere trygg på at det er av høg kvalitet.
Gamal fylgjer opp Karlstrøms ord: – Om vi ynskjer eit samfunn der kulturlivet skal vere ein del av samfunnet, så har fellesskapet eit ansvar. I det minste for å gjere slik at det er mogleg å velje musikk.
Red. mrk.: Foreningen Ballade er eigar og utgjevar av redaksjonelt uavhengige Ballade.no. Norsk Komponistforening er eit av medlemma i Foreningen Ballade.
Ledige stillinger
Lydtekniker
NasjonalbiblioteketSøknadsfrist:17/11/2024
Kulturskolelærer fiolin og piano
Vestby kommune/ Vestby kulturskoleSøknadsfrist:17/11/2024
Professor i fiolin – 50%
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:01/12/2024
Professor i fiolin -100%
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:01/12/2024
Førsteamanuensis i komposisjon
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:01/12/2024