Only Connect er ein årleg festival for samtidsmusikk som vart halde for første gong i 2005. Som arrangør av festivalen måtte kunstnarisk leiar Bjørnar Habbestad og resten av Ny Musikk i år tenkje seg godt om. Dei såg tidleg med bekymring på situasjonen som utvikla seg.

Kunstnarisk leiar i Ny Musikk, Bjørnar Habbestad (Foto: Karina Gytre / nyMusikk)
– Samtidig spurde vi oss sjølve; kvifor er ein festival viktig? Kva betyr det for samtidsmusikkfeltet at vi arrangerer Only Connect?
Dei umiddelbare konsekvensane, som at publikum ikkje får oppleve ting og at billettar ikkje blir selde, er ein ting: – Men det er også eit kunstnarisk arbeid som blir gjort usynleg i det augeblikket ein festival blir avlyst.
Det var rett og slett ikkje eit alternativ for arrangørane å berre avlyse: – Det ville fort blitt for passivt. Sjølv om det blei openbart at vi ikkje kunne arrangere på vanleg måte, ville vi finne ein annan måte å jobbe med festivalen på.
Dei snudde skuta og arrangerer til helga ein ny festival på internett der så godt som alle kunstnarane frå det opphavlege programmet er representert på eit eller anna vis. Festivalarenaen er flytta til nettsida www.onlyconnect.no, der det kvar dag klokka 12.00 blir lagt ut dagsprogram.
Men Ny Musikk har vore opptekne av å vere ryddige: – Då vi såg vi ikkje kunne gjennomføre festivalen, kansellerte vi og betalte alle inngåtte honoraravtalar. Samtidig inviterte vi alle involverte til å vere med på ein dugnadsbasert festival. Så bidraga frå dei forskjellige kunstnarane her er ikkje honorert, men gjort på frivillig basis.
Slik held Only Connect den avlyste, fysiske festivalen og den nye nettfestivalen som to ulike kapittel. Og responsen frå kunstnarane har vore utelukkande positiv: – Det har vore viktig for oss at kanselleringa ikkje skal gå ut over kunstnarane sin økonomi, at deltaking på denne nettfestivalen er frivillig, og at ein utfører arbeidet ut i frå dei føresetnadane som den enkelte har. Og det er med like stor delar takksemd og stoltheit at vi presenterer dette programmet – det ligg ein enorm innsats bak.
Festivalen vil vere gratis tilgjengeleg for publikum.
Når ei optimal attgjeving av konsertsalen ikkje er mogleg, ville Ny Musikk heller tenkje kva andre kvalitetar kan vi finne her.
– Ein festival som Only Connect er eit samlingspunkt, ikkje berre for opplevingar, men også eit fokuspunkt for eit komplekst og breitt type arbeid – komposisjonsprosessar, innstuderingsprosessar, arrangeringsprosessar.
Konvensjonell strøyming, som ein etterkvart kan seie, passa nemleg ikkje for Ny Musikk: – For oss ville ein overgang til det formatet bety at vi måtte redusert talet på produksjonar til kanskje berre eit par, rett og slett fordi at innspelingsprosessen ville bli dyr. All energien måtte i såfall leggast inn i eit fåtal produksjonar. Då forsvinn den kuraterte samanhengen og den konteksten som ein festival utgjer.
– Vi har heller ikkje lyst å ta over det som har vist seg å vere ein kjærkomen inntektsstrøm for enkeltmusikarar og ensemble.
– Tenkjer du at samtidsmusikken passar seg mindre til facebookstrøyming?
– Eg trur at alle vil vere einig i at det forsvinn ting i overgangen frå live-øyeblikket til at noko er mediert. Det er dagens situasjon eit tydeleg eksempel på. For mange av våre kunstnarar sine uttrykk gir strømminga gjennom dei kommersielle kanalane suboptimale lyttesituasjonar.
Nytt verk for koronaregulasjonar og internasjonalt pustekor
Arrangørane byrja å sjå etter kva slags andre type materiale som ligg i dei prosessane: – Då dukka det opp videodagbøker frå utviklingsprosessar, øvingar for eit innestengt publikum, intime opptak av materiale som er spelt inn supertett på utøvarane på øvingsromma deira, verk som er laga spesifikt for denne situasjonen her, og også kommentarverk til dei verka som var tenkt framført.
– Så vi ser ein veldig mykje breiare og diskursiv festival enn det vi presenterer i eit normalt liveformat. Kvar dag blir slett ikkje lik, men presenterer eit slags tverrsnitt av ulike måtar å oppleve komponistar og utøvarar sitt arbeid på.

Oslo Sinfonietta (Foto: Fabian Fjeldvik/ Ny Musikk)
Frå programmet kan Habbestad mellom anna freiste med Oslo Sinfonietta og kunstnarisk leiar Christian Eggen sitt nye verk for koronaregulasjonar, fri improvisasjon over 450 km avstand frå bassist Christian Meaas Svendsen og gitarist Ole Martin Huse Olsen og eit intimt klangportrett av den tyske pianisten Magda Mayas, der lyttaren og sjåaren får flytte opp på flygelkrakken og bli med henne inn i instrumentet.
– Opplevingar som er heilt annleis enn kva ein kunne hatt gjort fått i ein konsertsal.

Den tyske pianisten Magda Mayas inviterer publikum med inn i instrumentet (Foto: Peter Gannushkin)
Den tyske fløytisten Michael Schmid har utvikla ein instruksjonsvideo for innestengte koronapublikummarar med pusteøvingar og oppfordra publikum til å sende innspelingar av desse øvingane til han, og gjennom festivalen vil han bygge opp eit pustekor.
– Programmet har blitt eit fleirstemt svar på spørsmålet; kva er ein festival?
Det ligg i kjernen av samtidsmusikken å vere fleksibel
– Korleis har de som organisasjon opplevd at de har blitt tatt vare på både av myndigheiter og organisasjonar?
– Vi saknar nok den same tydelegheita som mange av dei større aktørane etterlyser, men vi har jo relativt sett mindre budsjett enn dei store festivalane. Det gjer at vi i større grad kan vere fleksible.
Fleksibiliteten er noko som også ligg i samtidsmusikkfeltets natur, meiner Habbestad: – Det betyr at vi i ein situasjon som dette, har moglegheit for å sette i gang dei prosessane som skal til for å omdanne festivalen.

Bilde fra produksjon og forberedelser til den digitale festivalen (Foto: Fabian Fjeldvik / Ny Musikk)
– Om det skulle vere mogleg for nokon å respondere, endre og lese samtida på ein ny måte så raskt, måtte det vere nettopp samtidsmusikkfeltet. Den endringsviljen og endringskompetansen tenkjer eg ligg heilt i kjernen av spisskompetansen til samtidsmusikken.
– Har du nokre tankar om kva de tek med dykk vidare frå erfaringane rundt denne nettsidefestivalen? Eller er det berre ei fattig trøyst?
– Vi har valt å tenke på dette, ikkje som ei fattig trøyst, men heller ei anledning for å tenke nytt. Det vil vi nok ta med oss i seinare situasjonar.
Habbestad synest også det ligg spennande moglegheiter i den digitale kompetansen Ny musikk no opparbeider seg også etter koronasituasjonen:– Moglegheiter for å køyre samkøyring, dokumentasjon eller komplementering av opphavleg program på nett.
Det viktigaste her er overlevingstrongen, fortel Habbestad: – No kjennast det heilt rett å ikkje avlyse. Det har kosta både oss og kunstnarane masse arbeid, men eg er glad for å kunne seie at vi klarte å snu skuta i ein krisesituasjon som dette. Det er vi veldig glade og takknemlege for.
– Det er noko med å ikkje la seg fange av den spiralen av avlysing og negativitet som på ein måte omgir oss no. Men å klare å bruke det til noko som kan vere positivt.

Ballade video: Fristeder og intergalaktisk dans
Vi deler et romskip med Vegar Vårdal, Rebekka Karijord, Ora The Molecule, Don Juan Dracula, Gunerius & Verdensveven, Rimmslimm, Simon Moholt, Chris Eriksen, De Press og Statsmenn.

Hvor brenner det? Stemmer i musikkbransjen svarer
KI-innblanding i musikkproduksjon? Spotifys fordelingsmodell? Spellemannprisen? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

– For meg er det sikreste tegnet på at jeg har mestret låta, at jeg klarer å skru av hjernen
Brede Sørum anses for å være en av de virkelig store favorittene i det norske jazzmiljøet. Men musikken han formidler er alt annet enn den 'den nordiske jazzen'.

Elna skal jobbe for likestilling i nordisk kunstmusikk
Databasen ELNA – Equality Library for Nordic Art Music skal bidra til likestilling i kunstmusikken i Norden.

– Det er ikke algoritmene, men håndverket som til syvende og sist gir resultater
Gitarist Magnus Berg gav nylig ut albumet «Electric Sugar» til strålende kritikker. Ballade har fått innblikk i prosessen bak verket.

Bylarm lanserer «Bransjeprisen»
Musikk-Norges største bransjekonferanse og -festival presenterer Bransjeprisen: Til menneskene som sjelden får applausen, men som alltid fortjener litt mer av den.