FIEH har gjort alt rett på si tredje plate inn i livet. Dei blir berre betre og betre. (Foto: Jonathan Vivaas Kiese)

Så deilig merkeleg musikk

Gitaristane Martin Miguel Almagro Tonne og Stephan Meidell har gitt ut kvar sine tilfredsstillande merkelege plater. Camilla Hole Trio og Torstein Slåen er ein perfekt match. Bandet FIEH blir berre betre og betre.

Kalender

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Av og til er det lydar som treff trommehinnene som koplar deg av alt anna – kva ER det der! Ei svevande elektronisk harpe, eit spisst syntetisk orgel. Billige trashy el-trommer som ropar om merksemda, innestengt i ei slags boks? Som om du blir skutt i trynet med malingspann i alle fargar!

Martin Miguel Almagro Tonne – Perita (Jazzland Recordings 2023)
Dette er den mest tilfredsstillande merkelege musikken eg har høyrt i år. Martin Miguel Almagro Tonne kjenner mange som gitarist i Pom Poko, eller som komponist i den prisvinnande førestillinga Døden på Oslo S på Nationaltheateret i vår.

Men du anar ikkje kva som ventar deg når du opnar Perita, Tonnes solodebut.

Martin Miguel Almagro Tonne – Perita (Jazzland Recordings 2023). (Foto: )

Etter den første fanfaren, landar vi i smått aggressive «Microton». Lyden er grovkorna og fargane perfekt balansert her. Ein trommegroove som aldri rekk å etablere seg under eit gitarriff som ikkje går opp.

Men fyttikatta, det er lydane dette handlar om – dei enormt deilige lydane!

Trommemaskinloopar går igjen, av og til i selskap med trommeslagarane Hans Hulbækmo, Axel Skalstad og Henrik Lødøen. Det er heftig perkussivt! Dette er ei plate som lett også kan passe inn i Brainfeederkatalogen (med Thundercat, Louis Cole t.d.) eller i selskap med Flying Lotus på sitt mest eksperimentelle.

Og midt i all denne lydleiken osar det av jazzsmartness, når ein kjærleik for godt handverk kjem til uttrykk gjennom akkordprogresjonar. Unisone linjer som like gjerne minner om Charlie Parker eller Pat Metheny – utan at dei er namn som er dei første som dukkar opp i møtet med lyden av Perita.

Høgdepunktet er den nesten komiske tolkinga av den utslitte standardlåta «Love for Sale» som eg har høyrt på repeat lattermild i nokre veker allereie. Den er gjort så smart og vittig at Tonnes versjon er i toppen blant dei tusenvis av «Love for Sale» der ute.

Så: Den absurde kontrasten mellom barokkens vakre slott og lukta av møkka som prega dei har vore inspirasjonen for eksperimentelle Stephan Meidell når han møter trioen Bergen Barokk.

Stephan Meidell og Bergen Barokk – Temporal Gardening (Aurora Records 2023)
Meidell har spesialisert seg på elektroakustiske uttrykk, og eit samarbeid med barokkensemble er dermed eit openbart interessant utgangspunkt. Temporal Gardening lét akustisk og elektronisk om kvarandre – men heile vegen organisk.

Og Temporal Gardening peikar oss mot botaniske bilete i lyttinga. «En kontrabass-blokkfløyte vibrerer som en sub-woofer plassert inne i en basstromme og et live-samplet cembalo klinger gjennom cymbaler, gonger og skarptromme.» – Vi ser plantene vekse i hop, floke seg i kvarandre.

«The Golden Oyster – Pleurotus Citrinopileatus» er optimistisk drøymande, vi blir kasta ut i eit klangleg eldorado med store fargerike lydar. På «Glory Bower – Lamprocapnos Spectabilis» blir vi omfamna av ein klang frå mjuke orgelpiper.

Stephan Meidell og Bergen Barokk – Temporal Gardening (Aurora Records 2023) (Foto: )

Cembaloen er snarlik ein synth, og dei akustiske og elektroniske lydane går i kvarandre.

Fløyta får ofte ein anna posisjon i lydbiletet enn dei andre instrumenta og lydane, og løftar fram melodiar som gir retning i eit uttrykk som fort kunne drukna i stilleståande ambient. På «Royal Sun – Agaricus Blazei» blir det rytmisk energisk, og sporet kunne fort blitt spelt på ein klubb. (Center of the Universe, kjenn di besøkelsestid.)

Det absolutt mest interessante er dei passasjane der tonane gir tydelege assosiasjonar til barokkmusikk, medan det elektroakustiske lydbiletet kolliderer. Dette absurde pirrer lyttarhjernen. Sistesporet «Wisteria – Wisteria Sinesis» er det tydelegaste dømet på dette.

Pseudo-barokk kallar dei det i presseskrivet. Neste gong du får spørsmål om musikktips kan du svare – kva med litt blodfersk elektroakustisk pseudobarokk?

Temporal Gardening er ute 15. september.

Camilla Hole Trio – Eventyrferd (Taragot 2023)
Saksofonist og komponist Camilla Hole debuterte med sin trio og plata Halvemål i 2018. Gjennom gjestespel både i fleire konstellasjonar, og sentral i OJKOS (Orkesteret for Jazzkomponister i Oslo), fekk ho ei bestilling til Pederhusdagane på Breim. Ho gjekk laus og gravde fram musikk frå folkemusikkarkiv, bygdebøker og slåttesamlingar.

Trioen beståande av Hole, kontrabassist Egil Kalman og trommeslagar Knut Kvifte Nesheim er her utvida med felespelar og kvedar Sigrid Moldestad og gitarist Torstein Slåen (mellom anna sentral i albumaktuelle Damata.)

Og denne utvidinga har plassert Eventyrferd blant den talrike kategorien innovative utgjevingar i grenselandet jazz og folkemusikk.

Camilla Hole Trio – Eventyrferd (Taragot 2023) (Foto: )

Men ein ekstra interessant dimensjon ved Camilla Hole, er at ho plasserer seg i tradisjonen folkemusikkjazz der ein er langt komen på reisa frå å kombinere, å eksperimentere, å utfordre og til at eit eige uttrykk har blitt etablert. Frå Agnes Buen Garnås, Jan Garbarek via Karl Seglem, til Nils Økland, Erlend Apneseth Trio finst i dag folkemusikkelement over heile linja og ofte gir det ikkje lenger meining å fokusere på ordet folkemusikk i det heile.

Men Eventyrferd står solid plassert etter alt dette. Solid i folkemusikkjazztradisjonen. Og saksofontonen hennar illustrerer nettopp dette, som gjerne kan koplast mot Jan Garbarek eller Karl Seglem sin utan å fornærme nokon.

Og med dette etablert er det spesielt gjevande å høyre Torstein Slåen sette sitt preg på lydbiletet, med ambient-gitartepper og hawaiiklimpring.

Men det er dei sterke låtane som gjer størsteparten av jobben for å løfte Eventyrferd opp til ei plate som skil seg ut i platebunken. Dei er tydelege, varierte og utgjer til saman likevel ein heilskap saman.

 

FIEH – III (Jansen Records 2023)
Rundt tre album inn i livet, syner eit band seg som anten ei døgnfluge – eller solid etablerte. På sitt tredje albumet har FIEH gått vidare, og beviser at dei har eit heilt liv med ny musikk framfor seg.

Dei blir berre betre og betre.

FIEH – III (Jansen Records 2023) (Foto: )

Keys-kis Kai von der Lippe har tilført meir sprøe og rare lydar, trashy strings-synth og distinkte akkordar.

Forutan Lyder Øverås Røed sine blåsearrangement og landets beste rytmeseksjon i trommis Ola Øverby og bassist Andreas Rukan er det først og fremst Sofie Tollefsbøl som er suksessoppskrifta her.

Tekstane, orda er rytmisk punchy – kor fett er det ikkje når ho seier «garaage» og «miraage» på opningslåta «Full Time (parttime Allthetime)» for eksempel. Eller sjølve hooket på «Texas baby» – det lét som ein trommegroove i seg sjølv. Som vokalist dyrkar Tollefsbøl lydane av orda ho syng, men også i intonering og frasering er ho enormt leiken.

Frå sjølvsikre «Judy Law», gjennom det som kanskje er min favoritt på plata, «Inbox», og til «Streamline» som har eit vågalt og sint riff – det fascinerande er kor stramt dei held seg til FIEH-soundet utan at eg nokon gong oppfattar det som einsformig. Kvar enkel låt får si unike retning, og arrangement og lydbilete er grundig gjennomarbeida for kvar låt.

For å gjere det enkelt denne gongen kallar vi det future soul. Og i det segmentet fløymer det over av fyllmasse der ein brått kan bli sitjande å digge til AI-genererte beats og låtar tømte for meining. Når eg høyrer FIEH blir eg klar over kor mykje anna drit som finst.

Avslutningslåta er balladen «Daylight». Den er vondt og direkte levert frå Tollefsbøl. Og det er ei  låt du berre vil vere i evig. TAKK Jørgen Kasbo, for den enorme gitarsoloen.

FIEH har gjort alt rett på denne plata. Hadde vi drive med terningkast, så hadde det vore lett å rulle terning denne gongen.

FIEH – III kjem ut 15. september.

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Direktør

Nordland Musikkfestuke

Rektor kulturskolen

Hamarøy kommune

Prosjektmedarbeider Sør-Afrika

Norges Musikkorps Forbund

Kantor/ kirkemusiker

Midt-Telemark kyrkjelege fellesråd