"Steamdome II" er Ola Kvernberg (foran), Nikolai Hængsle, Erik Nylander, Øyvind Blomstrøm, Daniel Buner Formo, Olaf Olsen og Martin Windstad. - Det enorme lydbiletet overveldar deg på utescena og ølen veltar ut av glaset for kvart jublande hopp. Vi skal tilbake, og Ola Kvernberg har komponert lyden av gjenopninga, skriv Ballades anmeldar. (Foto: Marthe Amanda Vannebo)

Ola Kvernbergs gjenopningsplan

Om mykje er uklart i regjeringa sin gjenopningsplan, har i alle fall Ola Kvernberg lydsporet. "Steamdome II: The Hypogean" pumpar liv i tunge heimekroppar og ber bod om ei konsertoppleving du aldri vil gløyme. 

Kritikk, kommentar og debattElektronikaJazzPlateanmeldelseProgrock

Ola Kvernberg
Steamdome II: The Hypogean
Med Ola Kvernberg, Nikolai Hængsle, Erik Nylander, Øyvind Blomstrøm, Daniel Buner Formo, Olaf Olsen og Martin Windstad.
Utgitt på Grappa Musikkforlag 23. april 2021

Platecoveret til Steamdome II: The Hypogean (Foto: Rune Mathisen / Trond Aslak Øvrum)

«Arpy» opnar Steamdome II med eit tema på hammondorgel som snirklar seg rundt som ei barokk etyde. Ein synth doblar temaet, ein slidegitar byggjer på etterkvart. Motstemmer flettar seg i det. Når bass- og trommegrooven slår inn er vi blitt hypnotisert inn i fullt fokus. Så veks det. Vi blir kasta ut i høg fart, sugd inn i eit bilspel med flygande bilar.

«The Hypogean» er tittelen på del to av Ola Kvernbergs Steamdome, og tyder det underjordiske (omtrent). Og under jorda har det vekse fram eit heilt nytt dyr frå supergruppa som i 2017 gav oss eit lokomotiv av groove midt i trynet. Tre trommeslagarar i Erik Nylander, Olaf Olsen, Martin Windstad. Bassist og gitarist Nikolai Hængsle, gitarist Øyvind Blomstrøm og Daniel Buner Formo på synth med meir. Det må ha kokt i Athletic Studio, men eg mistenkjer at det har blitt gjort mykje finurlege pålegg i heimestudioet til Kvernberg.

Det er ein tung bruk av synthar i denne runda av Steamdome, det lét science fiction. Solofela går hand i hand med solosynthen, og sveitt trommedriv blir dopa med trommemaskiner. Likevel får kvart element sitt eige rom – dei gongane fela kjem inn, får ho skine i eit eige lydrom. Det akustiske og det elektroniske er organisk smelta i hop utan at ein mistar noko.

Etter ein kort fantasi i «The Vault», som kunne vore komponert av Claude Debussy sin gamer-son, landar vi i «Get Down». Ein tittel som gir passande assosiasjonar til 70-tals soul. Eg skal sjå den som klarer å sitje stille når «beaten droppar». Her er det laus klubbgroove der pentatone melodiar rører seg gjennom melankolske harmoniar, spesielt representert ved Øyvind Blomstrøm sitt gitarspel slik det er å høyre i hans eminente trio, Orions Belte.

Kvernberg er innovativ på uføreseielege måtar denne gongen. Det er klart heilt frå inngangsporten: dette smakar av grundig arbeid og gjennomtenkt kvalitet i kvart einaste ledd. Ein kan grave seg ned gjennom djuplytting og finne uendeleg med detaljar. Små lydar som berre kjem ein gong, eit underlag langt i bakgrunnen. Kvernberg har eit ustoppeleg nerde-gen som vi får nyte fruktene av.

Ein av dei fremste kvalitetane ved Kvernbergs komposisjonar og produksjonar er evna han har til å bygge lange linjer i utvikling. Det er ein fleirdimensjonal dramaturgi i musikken som gjer lytteopplevinga enormt engasjerande. Kvernberg har etterkvart ei lang portefølje av musikk for film, tv og radio. Det er lett å skjøne.

Grunnsteinen i Steamdome-prosjektet er ein dampande groove. Det er groovar som snur, einarar blir flytta på og markeringar på rare stader. Høyr berre på tittelsporet «Hypogean». Det er prog, men – og dette er viktig – ein tenkjer ikkje over det. Musikken flyt organisk av garde utan å gi hverken polyrytmikk eller teknisk virtuositet fokus. Men vit at, hjelpe meg, dette er virtuost. I bass og trommer er det solid fundament som gjeld.

Yeehaa – dette er punktet på konserten med flest glis.

Små detaljar får enorm effekt i denne drivande musikken. Den stramme syntetiske, riden som slår inn på offbeaten halvvegs i «Carbonado» er latterleg godt tenkt. Det er ein lyd som ein i utgangspunktet skulle tru var malplassert, ein eindimensjonal lyd midt i eit rikt lydlandskap. Det er eit av mange eksempel som syner kor gjennomtenkt denne musikken er.

Den over 14 minutt lange «Devil Worn», som også var første singel ut, har eit djevelsk orgel og ein ondskapsfull slidegitar som drivkrefter. Trommelyden er med på å gi ein råare klang av dette sporet. Dei slappe tammane i brekka og det dansande perkusjonsspelet til Windstad. Høgdepunktet kjem heilt mot slutten i det trommene er aleine om dansen. Før Kvernberg kjem inn med ein rodeo av ein slått. Yeehaa – dette er punktet på konserten med flest glis.

Vi skal tilbake, og Ola Kvernberg har komponert lyden av gjenopninga.

Men viktigast av alt i Kvernbergs musikk er jakta på motivet. Melodien og den perfekte sentens. Siste spor, «Diamondiferous», opnar med ein sår melodi på fela slik berre Kvernberg kan. Den nattlege stemninga som slår innover oss med trommemaskina er modig løyst. Låta samlar den melankolske melodien, det futuristiske synthlandskapet, den organiske grooven og oppsummerer The Hypogean.

Steamdome II sug deg inn i ekstase gjennom suggererande groovar og hypnotiserande melodiar. Det enorme lydbiletet overveldar deg på utescena og ølen veltar ut av glaset for kvart jublande hopp.

Vi skal tilbake, og Ola Kvernberg har komponert lyden av gjenopninga.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Notodden Blues Festival i økonomisk krise

Notodden Blues Festival i økonomisk krise

Til tross for et av tidenes beste besøk går festivalen mot et underskudd på opptil fire millioner kroner. Nå jobber styret på spreng for å løse de økonomiske utfordringene.

Kim Stian Gjerdingen Bakke skal jobbe for korene

Kim Stian Gjerdingen Bakke skal jobbe for korene

Bakke blir ny generalsekretær i Norges Korforbund.

Eurovisjon med Israel tross protester

Eurovisjon med Israel tross protester

Det ble ingen avstemning om Israels deltakelse i ESC-konkurransen.

Ida Maria: Polsk orgelkassett banet vei for punkrocken

Ida Maria: Polsk orgelkassett banet vei for punkrocken

Da Ida Maria var åtte år gammel kom foreldrene hennes hjem fra Polen med orgelmusikk i bagasjen. Det ble en skjellsettende opplevelse som for alvor inspirerte henne til å vie livet til musikken.

Ballade video: Bandet med svovelstikkene

Ballade video: Bandet med svovelstikkene

Det nærmer seg jul med Utan Dom., Mari Boine, Hedda Aronssen, King Hüsky, Bastian, Torgny Amdam, Gothminister, Frode Barth, Flexi Aukan og Brynjar Hoff.

Minneord: Kjell Wernøe 1938-2025

Minneord: Kjell Wernøe 1938-2025

Det kjennes godt at Kjell Wernøe fikk glede seg over dokumentarfilmen om sin far før han døde, og det kjennes godt å se alle de vakre hilsnene som har kommet på sosiale media i den siste uken.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio