Laila Melkevoll er ny festivalsjef hjå Vossa Jazz for neste års festival. Ho tek over for Trude Storheim som skal over i eit eitt års vikariat som kommunalsjef for kultur- og fritid i Voss herad. Det melder jazzfestivalen i dag.
Melkevoll kjem frå stillinga som dagleg leiar i samtidsmusikkorkesteret BIT20 Ensemble og har brei røynsle frå kulturlivet både som leiar, styremedlem og frivillig i ulike kor og festivalar og andre organisasjonar. Ho har lang fartstid i politikken på ulike nivå, men kallar seg no politisk uavhengig kulturaktivist med mangfaldig publikumsutvikling som ei av sine kampsaker. Melkevoll har stort nettverk i kulturlivet, og vil verte leiar i eit nytt programråd som vil samarbeide om å ferdigstille neste års program på Vossa Jazz.
– Eg ser fram til denne jobben med stor entusiasme og pågangsmot, og eg har stor respekt for den imponerande jobben Trude og alle dei andre i Vossa Jazz har gjort i alle desse åra, seier Melkevoll. Med ein så robust organisasjon og den nasjonale og internasjonale posisjonen som festivalen har, så er det ein draumejobb for meg, og eg gledar meg noko vanvittig!
Trude Storheim har vore del av Vossa Jazz heilt sidan ho vart frivillig på festivalen som 18-åring, og tek no eit års permisjon etter imponerande 16 år i leiarstolen.
– Det vert spanande å prøve noko nytt. Etter å ha gjennomført 50-årsjubileumsferinga i år, så trur eg det skal bli fint å ha eit år med nye oppgåver i ei annan type stilling. Etter å ha møtt Laila så er eg overtydd om at festivalen er i dei beste hender, seier Storheim.
Om lag samstundes med at Melkevoll tek over vil det også kome ny produsent i festivalen. Kari Trana, som har vore festivalsjefane si høgre hand, sluttar 1. september etter nærare 26 år. I hennar stad kjem Ingrid Øygard Steinkopf (28 år) frå Stanghelle med brei erfaring frå jazzen både som utøvar, orkesterleiar og engasjert i ulike musikkfestivalar, skriv Vossa Jazz til Ballade.no.

Notodden Blues Festival i økonomisk krise
Til tross for et av tidenes beste besøk går festivalen mot et underskudd på opptil fire millioner kroner. Nå jobber styret på spreng for å løse de økonomiske utfordringene.

Kim Stian Gjerdingen Bakke skal jobbe for korene
Bakke blir ny generalsekretær i Norges Korforbund.

Eurovisjon med Israel tross protester
Det ble ingen avstemning om Israels deltakelse i ESC-konkurransen.

Ida Maria: Polsk orgelkassett banet vei for punkrocken
Da Ida Maria var åtte år gammel kom foreldrene hennes hjem fra Polen med orgelmusikk i bagasjen. Det ble en skjellsettende opplevelse som for alvor inspirerte henne til å vie livet til musikken.

Ballade video: Bandet med svovelstikkene
Det nærmer seg jul med Utan Dom., Mari Boine, Hedda Aronssen, King Hüsky, Bastian, Torgny Amdam, Gothminister, Frode Barth, Flexi Aukan og Brynjar Hoff.

Minneord: Kjell Wernøe 1938-2025
Det kjennes godt at Kjell Wernøe fikk glede seg over dokumentarfilmen om sin far før han døde, og det kjennes godt å se alle de vakre hilsnene som har kommet på sosiale media i den siste uken.
















































