Hopp til innhald
Kim Myhr

Kim Myhr og orkesteret hans med bestillingsverket "Sympathetic Magic" på Nasjonal jazzscene under Oslo Jazzfestival sist veke. Kim Myhr til venstre i biletet, i nyansar av blått.(Foto: Jorunn Valle Nilsen / Oslo Jazzfestival)

Kim Myhrs fargar

KONSERTMELDING: Med eit perfekt samansett orkester vart tingingsverket til Kim Myhr, «Sympathetic Magic», eit fargerikt klangbad under Oslo Jazzfestival.

Kim Myhr, Sympathetic Magic, tingingsverk
Nasjonal jazzscene, Victoria, Oslo, 19. august 2021

Kim Myhr – gitarar og elektronikk
Håvard Volden – elektriske gitarar
David Stackenäs – elektriske gitarar
Adrian Myhr – elektrisk gitar og bass
Anja Lauvdal – orgel og synthar
Hans Hulbækmo – trommer
Michaela Antalová – trommer
Ingar Zach – perkusjon
Stig Gunnar Ringen – lyddesign
Martin Myrvold – lysdesign

Fargar. Det er mørkt inne på Victoria, men bakveggen til Kim Myhr lyser opp i fargar. Det var der lyden starta, lenge før musikarane gjekk på scena i hawaii-skjorter. Sympathetic Magic – lytt til alt som ligg i den tittelen.

Eg hatar å sitere Wikipedia, men høyr på dette frå artikkelen om sympatisk magi: «Smitte vil så si at objekter som har vært i kontakt med hverandre vil fortsette å påvirke hverandre på avstand, etter den fysiske kontakten er blitt brutt.»

Bandet til Kim Myhr. Adrian Myhr bakerst til venstre, Håvard Volden midt i bildet og Hans Hulbækmo på trommer. (Foto: Jorunn Valle Nilsen / Oslo Jazzfestival)

Det er lett å skjøne at Myhr finn poesi i noko slikt. Sympathetic Magic er skrive i løpet av lockdown det siste året, og er ei kjærleikserklæring til kollektive ritual og det å samlast saman med andre menneske.

Som om Beach Boys var eit legotårn, og Kim Myhr har velta det

Utanom dei fargesprakande skjortene, er det gitarar og forsterkarar som dominerer scena. Fire skarpe, klare el-gitarar kling i lag som harper i kjent Kim Myhr-stil. 12-strengsgitaren til David Stackenäs fyller rommet, og ut veks ein solid unison melodi.

Det er eit framtidsoptimistisk, utopisk tonespråk. Som om Beach Boys var eit legotårn, og Kim Myhr har velta det, lydar og harmoniar ligg spreidd utover golvet på Victoria.

Det går ei tydeleg linje gjennom Kim Myhr si utvikling som komponist fram til dette verket. Frå hans mest minimalistiske soloutgjevingar på plateselskapet Sofa til albumet You/Me (Hubro) frå 2017.

Det imiterer song, men er det ikkje.

Sistnemnde var skilsetjande sterkt, og fleire av musikarane den gong er med her, universet lét kjent. Men denne gongen har Myhr utvida grensene for kva det universet kan vere. Komposisjonane er endå meir komplekse, og Myhr unngår til ei kvar tid logiske perioder, men groovar bryt ut gjennom veggen av lyd.

Myhr instrumenterer meisterleg – den unisone songen, langt i bakgrunnen i lydmiksen er vakkert. Det imiterer song, men er det ikkje. På eit vis. Orgelet til Anja Lauvdal, i kombinasjon med Adrian Myhr sitt grove basspel og orkesteret sitt organiske forhold til notane, gir assosiasjonar til rocka 70-talsimprovisasjonar. Zappa hadde likt dette. Lauvdals naivistiske synth-soloar står i kontrast til gitardronene, og er sentral for å skape denne opplevinga av optimisme. Det er leikent, useriøst på den eine sida og nærmast sakralt, mediterande på den andre sida.

Ledige stillinger

Anja Lauvdal på orgel og synthar under Kim Myhrs tingingsverk, Sympathetic Magic, under Oslo Jazzfestival 2021. (Foto: Jorunn Valle Nilsen / Oslo Jazzfestival)

Dei tre trommisane er forskjellige, og får kvar sin funksjon i perkusjonen. Ingar Zachs store trommer og små rørsler. Den slepphendte grooven til Hans Hulbækmo. Michaela Antalova sine orkestrale og presise cymbalar. Saman utgjer dei ein perkussiv, levande skogbotn. Adrian Myhr koplar seg intensivt på, og når gitarist Håvard Volden også byttar til el-bass, og dei spelar av og på slaget vekselvis i Steve Reich-stil, kjem vi nærare og nærare Kim Myhrs utopi.

Dette var urpremiere på Sympathetic Magic, og det var mykje notelesing og litt usikkerheit i spelet inn i mellom. Det gjer at også lyttefokuset til publikum kan sleppe taket. Men lydane var på plass, klangen. Får det etterkvart ei endå tydelegare retning og fokus, kan den komande innspelinga bli noko verkeleg, verkeleg stort.

Mot slutten av konserten sat eg og vugga smilande i ekstase. Av kor deilig det er å lytte til musikk saman med andre menneske.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kim Myhr under Jazzfest i Berlin

Fra fri jazzdressur til partitur

Kim Myhr har funnet roen i studio. Istedenfor å reise jorda rundt og improvisere vil han skrive verk for femti...

Klaus Kürvers, Isak Hedtjärn og Inga Margrete Aas. Foto: Privat

Smittefarlig sanntidsmusikk

Adrian Fiskum Myhr gav ein handfull Osloborgarar ein smak av improscena i Berlin. Er Oslo på veg mot noko av...

Anja Lauvdal

– Ideane får styre

Då Anja Lauvdal fekk stipend i 2011 var det ingen tvil om kva ho ville bruke det til.

Mural, f.v. Jim Denley, Ingar Zach og Kim Myhr mottar applaus etter sin andre konsert i Rothko Chapel, 27.08.2011.

Drømmekonserter i Texas

Etter en lang prosess fikk gitarist Kim Myhr gjennomført sitt drømmeprosjekt.

Skrap Foto: Kari Elise Mobeck

Derfor skrotes Skrap

Jazzduoen legger ned bandet, men Anja Lauvdal og Heida Johannesdatter skal fortsatt samarbeide.

Flere saker

Erlend Apneseth

Erlend Apneseth: – Eg fekk strekke meg etter dei som var eldre

Erlend Apneseth fra Jølster i Sogn og Fjordane er Husvarm på Riksscenen denne høsten. Her forteller den kritikerroste musikeren og...

Musikk i tall

Musikk i tall 2023: – Bransjen har bremset

Største nedgang siden 2020, melder Kulturdirektoratet om resultatene i sin nye rapport.

Skjermbilde fra videoen til Syng ut!, der hundrevis av barn fra hele landet har sendt inn sine bidrag til Skolenes sangdags virtuelle kor

Landets største virtuelle skolekor

Feiringen av Skolenes sangdag blir skjøvet til neste år, men hundrevis av barn fra landet rundt har deltatt i det...