På I Could Even Try To Change Your Mind har lydverda til Røsten vakse. Og det er ei god verd å bu i. (Foto: Alfred Brekke)

Dette har vi venta på

Endeleg slepp sensasjonen JUNO sin oppfølgar til Young Star – den sparkar. Og Røsten inviterer deg inn i ei romantisk lydverd på si andreutgjeving.

Kalender

Det er herleg å vere musikkelskar i Oslo om dagen, tenkte eg på fredag då eg tok turen til Youngs med høge forventningar for å høyre Mall Girl framføre nye låtar frå det komande andrealbumet, eller med begeistring høyrde at Ola Øverby er ny fast trommis i Needlepoint og kasta meg på sykkelen til Postkontoret laurdagen. Eg lot meg nok ein gong fascinere av Veslemøy Narvesen sin intense groove med Mall Girl, og zooma inn på fingrane til bassist Nikolai Hængsle i Needlepoint og tenkte – fyttikatta, han er framleis den beste.

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Det skal ikkje meir til å vekke opp inspirasjonen.

I ei verd der ein desillusjonert kan tenke at pengar og algoritmer har full kontroll på oss, så er slike liveopplevingar med på å vekke oss til live. Og fullt til live vart eg på Tuvas Blodklubb. Stappfullt kvar gong, det er ein fascinerande suksesshistorie Tuva Syvertsen og teamet hennar på Riksscenen står bak. Det er ei studie. I denne utgåva var det vokaltrioen Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen som skulle opne dansegolvet. Vokaltrioen. Nok ein seier for «det smale». Stemmene deira greip inn i den mørke klubben, smart skrudd til med høgt volum, og trioen braut ut i full energi med ein stemmeleik eg aldri har høyrt maken til.

FOMO kan ein jo alltids ha likevel – eg gjekk glipp av «eingongsmusikken» til Vegard Lien Bjerkan og Karl Bjorå på Vaterland, og for den del Borealis i Bergen. Ei takk til rikskringkastaren som sørga for at vi dagen etter kunne høyre eit lenger portrett av duoen Vilde & Inga i Spillerom, der dei mellom anna snakkar om verket Niti av Jo David Meyer Lysne og hans mekaniske sjølvspelande vidunder. Kanskje det eg var mest lei meg for å gå glipp av på årets Borealis-festival. Episoden er varmt anbefalt.

Røsten – I Could Even Try To Change Your Mind

Røsten – I Could Even Try To Change Your Mind (Spupz Night Crab Life 2023) kjem ut fredag 31. mars. (Foto: Alfred Brekke)

I 2021 gav Jonas Leon Jacobsson Røsten ut plata Dystode under namnet Leon Røstens Oddyssey, der han er pianist og komponist i ein drivande jazzkvintett. Same år kom også plata I You He She It We You They ut under namnet Røsten. Visepop, intim gitarklimpring og vokal ispedd linjer frå cello og fiolin. To solide utgjevingar i kvar si retning.

I Could Even Try To Change Your Mind har lydverda til Røsten vakse. Og det er ei god verd å bu i. 

Opninga «Our Love» er sakral, i tradisjonar etter engelsk barokk. Røsten set oss tidleg i ei tankesvevande stemning, med romantiske harmoniar. Ein tørr gitarlyd der du høyrer kvar minste dynamiske detalj og ein kjenslevar trio i fiolinist Tuva Halse, Håkon Brunborg på bratsj og pedal steel og cellist Ellen-Martine Gismervik. Erland Dahlens lyttande perkusjonspel.

Den mjuke stemma til Leon Røsten er mild mot deg. Melodien på tittellåta «I Could Even Try To Change Your Mind» går rett inn i ditt såraste kjenslespekter, vidare hjelpt av det varme, romantiske orkesteret rundt.

Det er ikkje tilfeldig, det er solid handverk, og i heilskap framstår utgjevinga som nøye gjennomtenkt. Det er sterke arrangement, og orkestreringa er gjort med finesse. Produksjonen er også smart – når lydverda med stryk og pedalsteel blir opnare og større rundt Røsten, så blir hans vokal og kassegitar liggande intimt inntil øyret. Dette skaper ei djupn i lydbiletet, ein drøymande dimensjon.

Han er innom både mystiske og romantiske bevegelsar, inn og ut av ulike rom. 

Sjølv om Røsten står sterkt i sin tradisjon, er det unikt godt handverk. Eg trur at hemmelegheita ligg nettopp i den breidda Røsten syner uttrykksmessig på sine to utgjevingar frå 2021. 

Det er musikk med omsorg, som får deg til å puste rolig.

Juno – Myriad Path

JUNO – Myriad Path (Jazzland 2023) kjem ut fredag 24. mars. (Foto: Jazzland)

Ein av dei store sensasjonane i musikknorge siste åra er JUNO, og deira debutalbum Young Star frå 2020. Det vart fort ei liveoppleving ein måtte få med seg, og dei mottok mellom anna Subjektprisen for Årets artist det året.

Sjølv om dei varmar deg opp med ein mjuk start i «Bliss», så er Myriad Path endå skarpare i kantane enn debuten. Det er høgre volum, meir kraft, meir fandeninvaldsk. Eg vil også seie at jazz-identiteten står sterkare denne gongen. JUNO er kompromisslause, og dei har med seg motstanden, dei forstyrrande lydane midt blant riff og hooks.

Dei oppgir sjølv både Kendrick Lamar, og ikkje minst den enormt interessante musikaren Moor Mother. Sjekk ho ut, om ho ikkje er på radaren din! Vi kan også høyre Juno i samanheng med både til Sons of Kemet og Petter Eldhs Koma Saxo, for eksempel. Jazz og hip hop har påvirka kvarandre fram og tilbake så mange gongar no, og i dag sit vi igjen med eit enormt spennande landskap i midten.

Ein må stoppe opp å tenkje seg om – dette er altså berre bass, trommer, saksofon og vokal? Det låte som om det skulle vere ein tentett. Stemmene til Thea Ellingsen Grant og Malin Dahl Ødegård, inn i mellom også med fleire bandmedlemmar har ein sentral plass.

Kontrabassen er dominant i lydbiletet, og Georgia Wartel Collins har eit enormt kreativt spel der det ofte er hennar bidrag som er nøkkelen. Strykebassen på «Volcano Call» – det er eit latterleg kult grep, og noko eg aldri har høyrt før.

Opp mot denne kontrabassen spelar trommeslagar Ingvald Vassbø. Hardtslåande, ja – høyr berre på Kanaan – men igjen er det kreativiteten og dei uventa vendingane han gjer, som fascinerer meg mest. Han går ikkje på første og beste idé, men brått kan det dukke opp nesten komiske brekk.

«Smoke Into Dust» er ei vakker ballade halvvegs på plata, som blir ei oase i det elles aggressive uttrykket. Den korte «Lion And Iron Tendrils» kjem mot slutten med ein absurd, deilig twist før tittellåta «Myriad Path» kjem som platas høgdepunkt.

Rappinga til Malin Dahl Ødegård  har blitt endå meir sofistikert. På «Screens» har ho ein vanvittig flytande rytmikk, ho leikar med å ligge frrampå og bakpå, på tvers av beaten. Same låt har forresten eit lite hint tilbake til Shinings megahit «Red Room» frå 2007. Og så er jo linja «so you do run run run, you do» på aggressive «Run Hun» eit vittig teksthøgdepunkt.

JUNO er eklektisk og opne for referansar frå alle endar, alle innfall. Gjennom dette kompromisslause, står dei att med eit solid og unikt uttrykk. Under innspelinga har dei lagt fleire spor, så det blir interessant å sjå korleis dei løyser denne musikken live – nok ein konsert å gle seg til.

Det er berre å juble over retninga JUNO tok på si nye Myriad Path!

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland omtaler og anbefalinger av ny, jazzbeslekta musikk – rundt rekker av sammenhenger mellom uttrykkene og musikkens tilblivelse.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo