Ah, festival! Her frå Mandaljazz i prepandemisk tid, Sun Ra Orchestra i 2016. I år er livet tilbake! (Foto: Jens Westbye)

Jazzfestivalsommaren – sterkare enn nokon gong!

Festivaleuforien i 2022 rammar også jazzistane blant oss. Ballades jazzmann Torkjell Hovland har laga ruta gjennom jazzfestivalane i sommar.

Kalender

Det er sommar, og festivaleuforien etter pandemiåra er enorm. Sosiale medier flommar over av livsglade festivalpublikum, anten dei dansar inn til metallgjerdet framfor scena eller står ved miksepulten og nyt overprisa læsk i plastglas.

Vossajazz, Polarjazz, Bodø Jazz Open, Maijazz i Stavanger, AnJazz på Hamar, Nattjazz i Bergen, Jazzfest i Trondheim, All Ears og no sist Motvindfestivalen i Oslo har allereie levert store jazzopplevingar.

Frå eg som 16-åring sprang rundt med frivilligband mellom Alexandraparken og Romsdalsmuseet på Moldejazz, for å få med meg ALT, har eigentleg festivalar vore ei liding for meg – kva skal ein velje? Når konserttidspunkt kollidererer, og du uansett må rekke å stappe i deg ei pølse på vegen? I år har eg gjort forarbeid. Eg har gått gjennom programmet til sommarens jazzfestivalar og forsøkt å lage ei rute for deg.

Torkjell Hovland skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

For jazzpublikummet er festivaltid tida for å på kort tid få med seg både kva som er det beste nye, dei store legendene og ta sjansen på å droppe innom noko du ikkje ante du likte. Programmet til festivalane blir diskutert kvar gong i alle endar av jazzpublikumspekteret – «Nei, no har det blitt for kommers…», «Er ikkje dette litt sidrompa program?», «Nei, dette er jo berre sært…»

Problemstillinga jazzfestivalane står i er om ein skal treffe alle eller ta sjansen på ein tydeleg profil. Somme har prøvd seg med «merka» rute i programmet ála DNT – grøn løype, svart løype. Kongsbergjazz har sin «Særingfest» og «Særinglørdag» på programmet, der dei har plassert friare uttrykk. Dei sel endå til «særingpass» til festivalens «særaste» konsertar.

Dit kjem blant andre Henriette Eilertsen, Signe Emmeluth og Peter Brötzmann. Joda, på denne måten får ein kanskje åtvara dei som berre ville ha litt soft bakgrunnsjazz til formiddagskaffien, og kanskje gitt  oppdagelsesivrig jazzungdom muligheita til å sleppe å måtte betale for Chris Holsten for å få sett tyske frijazzlegender. Eg ser fordelane.

Men – er det berre for særingar dette, då? Det blir som å seie til ungane før dei skal smake på maten at «dette er nok litt voksent og rart for deg». Å kalle programpostar for særing er sjølvdauda. Eller skulle vi heller gått «all in» og laga pass for alle? Eg foreslår: «Gubbepass», «Flinkispass», «Kommerspass» og «Rødvinsåndepass».

I mi lesing av konsertkartet, har eg fjerna både ord som sært og kommers frå filteret. Det er kanskje naivt av meg, men det eg har leita etter er musikkopplevingar.

Her kan du lytte medan du les:

Vi startar i Mandal og Mandaljazz 30.juni, som etter åtte år har vokst til å bli sentral på årshjulet til jazzfansen. Øvst på plakaten er kanskje Jenny Hval si siste plate Classic Objects og Ola Kvernbergs Steamdome. BangBang Watergun med sin deilige sommarhit «two for two», bør du få med deg her, og landets fremste improvisatørar i Akmee gir deg ei spirtuell oppvåkning, før Marthe Lea Band «lar det som skje, skje» – som dei skriv. På Mandaljazz har du smakt på eit tverrsnitt.

Sjå heile programmet for Mandaljazz her

Pianist Anja Lauvdal med tingingsverket «If We Could Talk» er eit desidert høgdepunkt på Kongsbergjazz 2022 (Foto: Anne Valeur)

Vidare tek du toget (eller syklar!) nordover mot Kongsbergjazz 6.-9. juli. Etter du har opplevd Stian Carstensens episke Musical Sanatorium i konsertversjon , kan du ta turen til ei av mine favorittscener for «trøkk»,  Energimølla, og høyre pianisten Anja Lauvdal sitt splitter nye verk, som både er ein konsert og ei lydvandring langs Lågen, Cosmic River: If We Could Talk som blir skildra som ein «fiktiv samtale med elva, og handler om å gå inn for å lytte til de som ikke snakker høyest, både ikke-mennesker og mennesker». Med seg har ho kanskje dei mest interessante musikarane det er å få tak i. Dagen etterpå spelar også Lauvdal i trio med bassist William Parker og Hamid Drake som gav meg ei av mine største konsertopplevingar på Cementen i Stavanger for 12 år sidan, og på laurdag kan du oppleve Anja solo i Kongsberg Kunstforening.

Til Kongsberg kjem også som sagt frijazzlegende Peter Brötzmann som MÅ opplevast i løpet av livet, særing eller ei. Vidare til gitarist Ralph Towner som i sine klangvåte ECM-utgjevingar har opna ei ny verd i gitaren. Felemagikar Helga Myhr og ein av våre sterkaste cellistar Tanja Orning møtast til samspel på Kunstforeninga fredag formiddag, og laurdag avsluttar du med Makaya McCraven, kanskje det tøffaste som har kome frå Blue Note dei siste åra. Med ei anna ung Blue Note-stjerne i saksofonist Melissa Aldana (med norske Lage Lund i bandet) og jazzens superstjerner Snarky Puppy har Kongsbergjazz eit sterkt internasjonalt program, som kanskje er ekstra forlokkande etter to år med navlebeskuelse. Og så må du gå på jam, med jazzrevolusjonære Petter Dalane som jamvertskap! Trass min litt surmaga kritikk, så har Kongsbergjazz og festivalsjef Ragnhild Menes eit av dei sterkaste programma eg kan hugse.

Her ligg programmet for Kongsbergjazz

Så er det mogleg du bør få haik med ein romsdaling (dei er lett å få auge på) for å kome deg opp til Moldejazz og rekke konsertane med Artist in Residence, John Zorn! Zorn vil eg påstå er ein av dei sterkaste kunstnarresidensane Moldejazz har hatt i si historie. Å oppleve ein slik musikkhistorisk størrelse i heile sitt uttrykksmangfald gjennom 8(!) konsertar, er verdt både reise og festivalpass i seg sjølv.

Men i tillegg får du med deg Charles Lloyd (godt mogleg siste sjanse!) med Bill Frisell, unge britiske jazzpopkomet Emma-Jean Thackray, nye verk av Lars Horntveth/Natalie Sandtorv/Erlend Mokkelbost i GLASS og Marianna Sangita sitt verk Σπίτι/Hjem med Trondheim jazzorkester.

Moldejazz-programmet

Gjennom heile åtte konsertar får du oppleve John Zorn som artist in residence på årets Moldejazz (Foto: pressebilde)

Etter ei kort pustepause kan du for eksempel segle sørover til Haugesund og Sildajazz 10.–14. august som under Andreas Meland har vakse til ein av festivalane med mest ny musikk. Heile fem urframføringar, der kanskje trompetist Eivind Lønning sitt nye elektroakustisk bestillingsverk av Jim O’Rourke (Sonic Youth) vekkjer ekstra interesse. Bobo Stenson Trio, Hedvig Mollestad og Craig Taborn.

Heile programmet til Sildajazz finn du her.

Noko so sjeldan som ein jazzharpist kjem til Munchmuseet og Oslo jazzfestival i august. (Foto: Erin Patrice O'Brien)

Når 13. august kjem, og du går opp Karl Johan, kan du gjennom Oslo Jazzfestival få med deg mykje av det du ikkje rakk ila sommaren. Kva med ein sjeldan sjanse til jazzharpe frå Brandee Younger i festsalen på Munchmuseet? Og ikkje minst Jason Moran framfor monumentalverka til Munch i ein sein solokonsert. Moran skal du dessutan sjå med Trondheim Jazzorkester fredagskvelden. A Tonic For The Troops leverte frå seg ei plate midt i pandemien, som eg tenkte – ja, dette er konserten vi treng i 2022! Søndagen pustar du inntrykksfullt ut i festsalen på Munch, med Cellist Anja Lechner og pianist François Couturier. Dette er høgpresisjons improvisasjonsmusikk.

Oslojazz-programmet ligg her.

God sommar!

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Treblåslærer

Hemnes Kulturskole

Prosjektmedarbeider i Bodø

Musikkontoret Nord

Daglig leder

Sørnorsk jazzsenter

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev