Bandet Amalie Dahl's Dafnie har nettopp gitt ut debutalbumet "Dafnie" – vårens heftigaste eventyr, skriv kritikar Torkjell Hovland i denne utgåva av Ballade assosierer. (Foto: Juliane Schütz)

Frå seljefløyteskogen, den råaste musikkfamilien og dei mest spennande unge norske musikarane

Det er berre to veker i året det går an å lage seljefløyte. Og dei beste unge jazzmusikarane kjem nesten alltid rett frå jazzlinja i Trondheim.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

 

Ballade assosierer seg frå ei enkel fløyte på Krokskogen til jublande, kraftfull saksofon.

Melding: Hans Fredrik Jacobsen – Svadilja (Heilo 2022)

Hans Fredrik Jacobsen – Svadilja (foto: Heilo) (Foto: )

Krokskogen er namnet på den delen av Oslomarka som ligg rett aust for Tyrifjorden. Her var det perfekt  for fløytemeister Hans Fredrik Jacobsen å spele inn si femte soloplate. Der er det nemleg eit instrumentlager som er ope berre to veker i året.

Hans Fredrik Jacobsen har gjennom ei lang karriere ført tradisjonar vidare, alltid med eit ope sinn og med ei vid interesse for uttrykksformer. For nokre år sidan kom det ei plate med det som må vere det råaste familieorkesteret her til lands, med kona Tone Hulbækmo og sønene Alf og Hans som er å finne i ein heil haug med jazzsamanhengar.

Torkjell Hovland skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

I fjor på denne tida, månadsskiftet mai/juni, tok Hans Fredrik med seg lydmagikar Audun Strype ut i skogen. Og 27. mai i år, midt i den viktigaste tida på året for alle seljefløytefans, kjem albumet Svadilja. 

Det er nemleg berre to veker i året det går an å lage seljefløyte!

Min morfar lærte meg å lage tvitt, som vi kalla det. Den enklaste typen seljefløyte. Og då var det ei regle vi skulle synge medan du bankar på pinnen for å få av barken:
Likkje tvitt, likkje tvitt – vil du gå for mej i år,
so skal ej gå for dej eit anna år.

Hans Fredrik syng etter si bestemor: Sva Dilja, Sva Dilja, la fløyta mi sva…I denne videoen kan du lære av Hans Fredrik sjølv, korleis du lagar seljefløyte:

Fuglesongen omsluttar Jacobsen som eit orkester på Svadilja. Det er som du ser sola og luktar sevjen i det plata startar – vi er i skogen. Lyden av fuglane har ein sentral plass, på linje med fløyta i lydbiletet. Og det er ikkje ein gimmick, der fuglesongen er lagt på i starten. Nei, dette er lyden av rommet der fløyta skal spelast.

Det er fascinerande kor mykje det groovar, spelet til Hans Fredrik. Ein tidleg favoritt på plata er «Skrømt»Her går vi frå den eine grooven til den andre i tunge temposkifte. Og dansar du rundt, er sjansen stor for at du veltar. Og så får du «Kom mai, du skjønne milde» i tidenes sløyaste versjon!

Fingeren trommar mot hólet i enden av fløyta og dette har heldigvis Audun Strype valgt å framheve i opptaket – det er sentralt for opplevinga!

Les også Glenn Erik Haugland, komponist og festivalsjef for TronTalks si tanketekst om Svadilja her.

Sidiki Camara, Øyonn Groven Myhren og Olav Torget – TILÉ (Jazzland/OK World 2022)

Sidiki Camara, Øyonn Groven Myhren og Olav Torget – Tilé (foto: OK World) (Foto: )

Musikarmøte mellom tradisjonsmusikarar frå kvar sin verdskrok er alltid like lærerikt, ikkje berre musikalsk, men medmennekeleg. Øyonn Groven Myhren har teke med seg norske folketonar og middelalderballader, og den Oslobaserte perkusjonisten og songaren Sidiki Camara har teke med seg sine songar frå Mali. Olav Torget flettar det i hop med gitaren. Og alle tre improviserer dei og leikar seg med sine språk og uttrykk.

«Soli» opnar plata i eit solfylt driv. Øyonn sin song flyt opp på den perkussive strengeleiken. På «Fuglen i Skallen» leikar Øyonn og Sidiki seg med perkussiv stemmebruk. Ofte syng dei i lag, og kva som er norsk, frå Mali – eller ein heilt annan stad i verda – er ikkje alltid godt å vite.

TILÉ er enkelt oppsummert ni samtalar mellom tradisjonar som fascinerande ofte har same tonale språk.

Det er den lydverda trioen opnar på «Linet» som vekkjer mi fulle interesse. Her er uttrykket råare og lydane tørrare, og tonane skeivare. Eg tenkjer tilbake på Ånon Egeland og Mikael Marins Sorpesoll – høyr for deg desse på same scene! Når Øyonn vidare tek med langeleiken på «Snjoren og soli» og dei mystiske tonane blandar seg med Camara si syngande tromme, så forsvinn vi inn i ei draumeverd.

Amalie Dahl’s Dafnie – Dafnie (Sonic Transmissions 2022)

Amalie Dahl’s Dafnie – Dafnie (foto: Sonic Transmissions Records) (Foto: )

No er øyrene våre klare for den enorme krafta som er Amalie Dahl’s Dafnie. På Ingebrigt Håker Flaten sitt nyoppstarta plateselskap Sonic Transmissions kjem debutplata til kvintetten. Dafnie – vårens heftigaste eventyr.

Ok, ok, ok – squeeeek! Eg ser levande for meg Amalie voggar fram og tilbake og tilfører energi til kvintetten. «Don’t get me started» opnar Amalie Dahl med. Dette er eit band som insisterer frå første tone. Dette er musikk levert med vilje. Så set bassist Nicholas Leirtrø i gong eit riff, eit heilt kult sekstitals kvint-riff.

Oppå dette leikar trompetist Andreas Haug seg i ein uhyre kreativ solo. Det er som om han heile vegen leitar etter dei tonane som smakar sterkast, kva sparkar mest no? 

Dafnie er ein god stad å gå for å få ei lyninnføring i kven som er dei mest spennande unge, norske jazzmusikarane om dagen, og dei kjem, som så mange andre gongar, rett frå jazzlinja i Trondheim. Jazzprisens første heiderspris gjekk heilt riktig til jazzlinjesjef Erling Aksdal. Veslemøy Narvesen på trommer frå plateaktuelle Mall Girl, Kongle Trio og ein heil horv med andre settingar, Oscar Andreas Haug på trompet, som mellom anna er med på ei av årets hittil sterkaste jazzplater med Bliss quintet. Nicholas Leirtrø frå bandet I like to sleep på kontrabass. Og trombonist Jørgen Bjelkerud, som mange fekk øyrene opp for under jazzlinjas turné «NOW» i vår.

Og saksofonist Amalie Dahl sjølv er eit strålande energifelt på denne utgjevinga. Komposisjonane hennar på denne utgjevinga er tydelege, og gir rom for fantasifullt spel. Gjennom lydleik på «Point of no return» og gjennom melodiøse soloar. Spelet hennar på balladene, «Anna’s dream» for eksempel, er like givande. Her får også dei rolegaste, stillaste tonane den same intense energien.

«Hr. Nilsson» avsluttar plata, og er ein fest av ei låt. Ei hymne, i stil etter 70-talets Jack de Johnette Special Edition – for eksempel.

Og det er no, etter at øyrene er fylt med all denne musikken, at det er gøy å tenkje tilbake til seljefløyta vi starta med! Høyrer du det?

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.