Aldri er det betre å vere til enn under All Ears, tenkjer eg i det eg forlet Munchmuseet etter siste tone på festivalen for improvisert musikk. Det er den første festivalen eg går på i år – ein perfekt nyttårskonsert.
Å sitte stille med øyrene på stilk.
Den improviserte musikken opnar i sine uventa vendingar opp for uventa tankar og idear hjå lyttaren. Somme gongar er det stille, musikken kan stå fast – når dei på scenen berre lyttar og liksom ventar på noko. Kanskje vi lyttarar i salen til og med kjedar oss innimellom? Men så kjem ein ny impuls i musikken – kva skjedde der? Av og til ser vi musikarane på scenen nesten overraska. Det er kicket.
Og ofte vandrar tankane, gjerne langt av garde. Det er som om tankane våre blir medskaparar av det som skjer på scenen.
All Ears har holdt til på Munchmuseet nokre år no. Eg har framleis ein ambivalens i meg når det kjem til det rommet, Festsalen. Det framstår ikkje ulikt eit kva som helst slags kulturhus kvar som helst i landet, og det er jo litt keisamt når vi først har bygd eit signalbygg midt i hovudstaden. Men i år veks opplevinga av rommet på meg undervegs i festivalen. Det denne svarte, tekniske boksen i alle fall gir, er fullstendig fokus til lyttinga.
Eg hadde bestemt meg for å ikkje lese meg opp på dei som skulle spele, og tidspunkt og rekkefølge var heller ikkje annonsert nokon stad på førehand. Vi måtte berre gi oss hen, og det gjorde vi. I fem timar – to kveldar.
Fullt fokus.

Schemes og Guro Moe (NO/DK) (Foto: Christian André Strand)
Schemes var først ut på fredag. Ein av dei mest spennande jazzkvartettane om dagen, forresten med ei plate rett rundt hjørnet som blir snakka om med forventningar i lyttande kretsar. Sist eg høyrde dei var det hardt-swingande på Herr Nilsen, men her på Munch hadde dei slått seg saman med punk/støy/frijazz-bassist og vokalist Guro Moe. Desse to i utgangspunktet ulike uttrykka gjekk lyttande i møte med kvarandre på scenen. Materien var frittflytande, tjuktflytande. Guro Moe nærma seg det akustiske jazzspråket med el-bassen – og Schemes gjekk inn i energien hennar.
Kvar går improvisert musikk? Dette spørsmålet har arrangørane hatt i bakhovudet under planlegginga av årets festival, fortel Rob Young under scenesamtalen med Oren Ambarchi. Det var ei stor spennvidde i uttrykk som blei presentert gjennom helga. Frå det stille, reine, akustiske til audiovisuell elektronika.
Og om ein skal snakke om headliner på ein slik festival, og det skal ein ikkje, så måtte det vere trioen Ghosted på laurdagen, med den meritterte gitaristen Oren Ambarchi frå Australia i front. Dei opna med svenske Johan Bertlings bassriff og ein introvert dansbar groove frå trommis Andreas Werlin. Det går sakte og umerka inn i ein befriande enkel eufori – dei manar fram energien.
Klarinettduoen The International Nothing kallar musikken psykoakustisk. Kai Fagaschinski og Michael Thieke har jobba med stykket «Just none of those things» i to år. Og det er ein fascinerande, virtuos presisjon frå musikarane. Gjennom det lurer dei hjernen vår, og ofte lét det akustiske elektronisk manipulert i det dei smeltar saman.
Estiske Katariin Raska & Anna-Liisa Eller er absolutt eit høgdepunkt. Med estiske variantar av sekkepipe (!) og langeleik, får dei fram musikalske refleksjonar eg aldri før har hørt. Dei oppdagar nye landskap i instrumenta, utfordrar rammene. Gjennom settet deira, så teiknar det seg eit komplekst bilete.

Katariin Raska & Anna-Liisa Eller (Foto: Christian André Strand)
Den islandske laptop-trioen Glupsk såg mest ut som dei var på eit godt gamaldags LAN-party der dei sat luta over blålyset. Men på den store svarte skjermen bak dei vart eit strekteikna landskap sakte til. Sjå for deg Jan Groth illustrere Ole Brumms hundremeterskog. Denne saktegåande streken vart som ein instrumentalist i lydbiletet. Der lyden slutta, heldt streken fram.
Det vi såg var tyske Ignaz Schick som ramponerte vinylplater og platespelarar. Det vi høyrde var noko av den mest morosame og uventa vakre og livsglade lydane eg har høyrt. Ah, herlig – rart! Noko veldig rart! Det var den frigjerande kjensla eg sat med.
Kanskje er likevel konteksten «kunsthus» den rette. Vi er der og opplever, lyttar, tek det inn. Og sjølv om det også her gjekk an å vere sosial, så inviterte rommet til lytting aleine. Eg observerte fleire som gjekk dit aleine.
For dette vart ei moglegheit til å gå inn i seg sjølv, oppdage nye tankar, lange tankar. Vi som publikum får vere med på den same oppdagingsreisa som dei improviserande musikarane på scenen.

Ignaz Schick (Foto: Christian André Strand)
All musikken på All Ears kan godt opplevast på plate heime aleine. Men å vere i denne djupe lyttinga saman er noko eg unner alle.
PS: Den norske felespelaren Hans Kjorstad har nettopp gitt ut ei plate med Ernst Reijseger på Motvind, og hadde sin sleppkonsert under festivalen. som du får lese meir om i spalta Ballade jazz førstkomande tysdag!
All Ears – festival for improvisert musikk
På Munchmuseet i Oslo
12.-14. januar 2024.
Lineup:
Hans Kjorstad/Ernst Reijseger (NO/NL)
Ghosted (SE/AUS)
Myriam Bleau (CA)
Tanja Orning & Christian Wallumrød (NO)
Schemes/Guro Moe (NO/DK)
The International Nothing (DE)
glupsk (IS)
Damsel Elysium (UK)
Katariin Raska & Anna-Liisa Eller (EE)
Ignaz Schick (DE)
Rie Nakajima & Pierre Berthet (JP/UK/BE)
Bára Sigfúsdóttir & Eivind Lønning (IS/NO)

Et lydsystem for evigheten
Etter åtte år med planlegging og samarbeid står lydskulpturen 1110 klar på Klosterøya: en permanent, åpen arena for lydkunst, elektronisk musikk og komponerte verk.

Musikkdebatt under VillVillVest: Kampen om oppmerksomheten
Det var spissformulerte meninger under debatten "Musikk, klikk & journalistikk" på VillVillVest i Bergen, med blant andre journalist Egon Holstad og Daniel Ramberg fra NRK. Ballade var til stede.

Ballade video: – Jeg elsket deg nå og da
Om den menneskelige eksistens med Anna Soleil, Lariel, Ole Martin Huser-Olsen, Simon Moholt & Pilgrim, Torgny Amdam, Julie Bergan, Rule Of Two og Kai Kidd And The City Of Pain.

Terje Boye Hansen er død
Dirigent Terje Boye Hansen sovnet stille inn om morgenen onsdag 5. november etter lengre tids kreftsykdom.

Et sonisk postkort av Oslo
Trikken, måkeskrikene og pulsen fra Oslos gater danner grunnlaget for Sound of the City, som viser hvordan vi kan knytte en relasjon til en by med ørene.

Bugges boikott
Verdens kriger og konflikter setter både offisiell og personlig kulturboikott på agendaen. Ballade møtte den bereiste jazzpianisten Bugge Wesseltoft til en prat om dette – i Tyrkia.








































