Demonstrasjon i Danmark (Foto: Thea Emilie Wang)

Artistens kamp mot strukturell rasisme

KRONIKK: Vilde Skjerdal skisserer konkrete verktøy for å kartlegge kulturell appropriasjon i egen musikalsk praksis.

Kalender

Operagalla

09/08/2020 Kl. 19.00

Oslo

Opera Soirée

14/08/2020 Kl. 19.30

Viken

Cantango på Gamle Raadhus Scene

02/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

El Muro Tango & Inés Cuello

19/09/2020 Kl. 20.00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Kronikken av Vilde Skjerdal er basert på mastergraden Skjerdal nettopp fullførte i utøvende musikk ved Rhythmic Music Conservatory (RMC) i København og Universitetet i Agder. Skjerdals mastergrad handlet om kulturell appropriasjon og autentisitetsbegrepet innen hip-hop, med utgangspunkt i hennes eget virke som hvit, kvinnelig og ellers priviligert utøver av Jazz Rap, som hun beskriver sin posisjon og bakgrunn for mastergradsoppgaven og for denne kronikken.

 

Ei tid for ansvar, antirasisme og antipatriotisme
Sett i lys av George Floyd-saka og den massive antirasisme-kampanjen som har følgt, har 2020 markert seg som eit år for omvelting og bevisstgjering. Dette verkar å vera det som skulle til for å forstå alvoret og djupna av strukturell rasisme.

Per i dag veit vi at dette også er eit problem i Noreg. No er ikkje tida for antipatriotisme, men heller for å studere i kva grad menneskerettane vert overhaldne på eit overordna nivå. Dette er eit problem som gjeld oss alle. Det finst ikkje lenger unnskyldningar – om ikkje å vite betre, om at det alltid har vore slik, eller om at kommentaren kun var meint som ein uskyldig vits.

Vi må ta det ansvaret som er vårt å ta, og det må strekke seg forbi eit svart bilete på Instagram. Det må bli tatt i dag. Og det må bli tatt kvar dag. Å demontere hundrevis av år med systematisk undertrykking tek tid. Og det er lett å trø feil i kampen – nettopp fordi det ligg så djupt i systemet at det blir usynleg for alle som ikkje blir utsette for det.

Når det gjeld globale kampsaker som denne, er det første leddet mot endring bevisstgjering. Det er det den siste veka har representert. Minst like viktig blir det å følge opp med konkrete grep vidare for at endringa faktisk skal skje. Eit relevant spørsmål blir difor: Korleis kan musikk-Noreg ta steget vidare?

Privilegert, kvit kvinne gjer svart hip-hop
Eit av svara på dette kan ligge i måten vi stiller oss til kulturarv og kulturell verdi innan musikk. I dette tilfellet tenker eg på afro-amerikanske sjangrar generelt og hip-hop spesielt.

Gjennom arbeidet med mastergrada mi i utøvande musikk ved RMC og UiA såg eg på kva moralske utfordringar som oppstod ved å tre inn i ein ny sjanger. Kort fortalt skulle eg i løpet av eit år studere rap hos Ivan Ave, produsere ein jazz rap-EP (omstridt sjangertittel), og auke mi generelle forståing for hip-hop-kulturen.

Sjølv om det, i retrospekt, slår meg som ei moralsk felle, var det ingen som stilte spørsmålsteikn ved prosjektet. Snarare opplevde eg at den uroa eg bar på vart avvist av andre. Argumentet var at kulturell appropriasjon umogleg kan vera eit tema i det globaliserte 2020. Men det er eit problem at privilegerte artistar, som meg sjølv, kan tre inn i ein sjanger som jazz rap med slik letthet. Og det problemet ligg i den kulturelle kapitalen som er bygd opp over fleire århundre. Det botnar i ei av dei tyngste og vanskelegaste historiske emna vi kjenner i vår tid.

Illustrasjonsbilde (Foto: Maria Saxegaard / Forandringshuset Norge)

Kulturell appropriasjon og autonomi
I følge Susan Scafidi kan ein forenkla definisjon av kulturell appropriasjon vera å ta eigendom i åndsverk, tradisjonell kunnskap, kulturelle uttrykk eller gjenstandar frå ein annan kultur. Utan tillating. Mest skadelig vil dette vera når det approprierte kjeldesamfunnet er ei minoritetsgruppe som har blitt undertrykte.

I følge filosof Miranda Fricker, interagerer kulturell appropriasjon med underliggande dimensjonar av sosial urettferd. Dette handlar om sosiale strukturar som har internalisert seg som ein naturleg del av måten vi tenker og handlar på. Det har blitt ein del av vår autonome moralske bedømming, og kan difor vera vanskeleg å kjenne att.

For betre å forstå kva som står på spel angåande kulturell appropriasjon ønsker eg også å inkludere filmregissør Loretta Todd si vinkling. For henne ligg definisjonen i inversjonen: kulturell autonomi. Dette omhandlar retten til å bli fortalt om sitt eige opphav og si eiga historie innanfrå. Ikkje som noko formidla utanfrå.

Parameter for å vurdere kulturell appropriasjon
Jamfør forskar James O. Young sine funn, finst det visse parameter for å vurdere den potensielle skada av appropriasjon: 1) sosial verdi, 2) ytringsfridom, 3) tid og rom, 4) omfanget av toleranse, 5) fornærming.

Sosial verdi kan vera vanskeleg å måle i forkant av release. Det er likevel verdt å tenke over om ein føler at det ein produserer er eit bidrag til kulturen. Kva har du å melde?

Det andre parameteret er ytringsfridom. Så lenge dette parameteret er motivert av artistisk utgreiing og sjølvrealisering, hevdar Young at det veg tungt i den moralske vektskåla.

Den tredje betraktninga er tid og rom. Denne vurderer tidspunktet og staden for utøvinga. Blir verket framført i eit tidsrom eller på ein stad som er av signifikans for den approprierte kulturen? I så fall: revurder.

Ei fjerde betraktning er omfanget av toleranse. Kort sagt peiker dette på grada av toleranse for appropriasjon innan den bestemde kulturen.

Eit femte parameter er fornærming gjennom misrepresentasjon, mangel på samtykke, eller grov krenking. Førstnemnde inneber å representere ein kultur på ein feilaktig eller misvisande måte. Mangel på samtykke handlar heilt enkelt om at ein bør klarere med medlem av den gitte kulturen. Sist følger misbruk av ein heilag, eller på andre måtar meiningsfull, kulturell markør.

Med utgangspunkt i desse parametera bør det altså vera mogleg å gjera ei vurdering på kvar ein står som artist når det gjeld musikk-kulturell appropriasjon.

Kulturell essensialisme
Ein av dei fremste kritikkane av kulturell appropriasjon som konsept kjem frå forskar Erich Hatala Matthes, som hevdar at det ligg ei konflikt i kjerna av debatten om kulturell appropriasjon. Dette, ettersom ein for å kunne diskutere emnet, også må akseptere føresetnaden om at det eksisterer kulturelle medlem og ikkje-medlem.

Her vil bruken av termane medlem og ikkje-medlem tilsvare ein påstand om at individa innehar bestemde, uforanderlege eigenskapar. Men det finst ingen grupper av menneske som deler slike essensielle eigensakapar. Ingen kultur som deler eit språk, ein religion, like interesser, kulturelle praksisar og kjerneverdiar. Med andre ord tvinger forsvaret av kulturell appropriasjon oss inn i ein posisjon som også forsvarer kulturell essensialisme. Dette kan vera like skadeleg, då det på ny underbygger systematisk marginalisering.

Vi står såleis overfor eit paradoks. Ved å identifisere, analysere og diskutere dei moglege skadane av kulturell appropriasjon, vil vi kanskje utøve ei like skadeleg marginalisering gjennom kulturell essensialisme.

Det er føreslått fleire løysningar på dette paradokset. Mellom anna at ein kan kategorisere ut i frå familielikskap, at medlemmane skal kunne identifisere seg sjølv, at ein baserer inndelinga på avstamming, eller at ein aksepterer strategisk og delvis essensialisme. Å forklare kvifor ingen av desse føreslåtte løysningane er tilfredsstillande ville krevje ein eigen kronikk, og eg vel difor å oppmode lesaren til eigenstudie av litteraturlista under.

Likevel, kan ei siste, mogleg løysning, presentert av Matthes, vera å fokusere mindre på kven som står på utsida og innsida av ein kultur. Her kan ein heller rette blikket mot det større biletet, og den endelege årsaken: sosial marginalisering.

Kva konkrete grep kan vi ta?
Eg skal ikkje undergrave mitt eige musikalske arbeid. Det er gjort med respekt og audmjukheit. Det mis-representerer ikkje – det er gjort i samarbeid med nokre av dei dyktigaste musikarane Noreg og Danmark har. Men det betyr ikkje at EP’en ikkje er kulturelt approprierande. Den fungerer her som ein manifestasjon av kor enkelt det er for meg, som privilegert artist, å profittere på ein kulturell kapital som ikkje er min.

Kanskje har eg også trødd feil ved skrive denne kronikken, då talestolen eigentleg burde bli tildelt ein representant frå den approprierte kulturen. Likevel vel eg å følgje aktivistar sine råd om å bruke dei privilegia ein har for å vidareformidle viktig kunnskap.

Avslutningsvis, ønsker eg derfor å oppmode musikarar om å vera bevisst på kva kultur ein approprierer i si musikalske utøving. Bli kjend med kulturen. Informer lyttarane dine. Gi kred der kred er på sin plass.

Til dømes kan du kome med ei skriftleg eller munnleg anerkjenning av kjeldene som har påverka musikken din. Dette kan publiserast i sosiale medier, pressemeldingar eller på dei plattformane ein måtte ha. Eit ekstra grep kan også vera å donere delar av salsoverskotet til ein velferdsorganisasjon innan den approprierte kulturen. I mitt tilfelle vil eg donere 20 prosent av overskotet frå salet av den komande EP’en til Hip Hop For Change Inc.

Heilt til slutt, og uavhengig av om du er artist eller ei, ønsker eg også oppmode om å:

– Støtte og vidareformidle initiativ som forsøker å informere om anti-svart rasisme.
– Donere til fond og organisasjonar som kjempar mot anti-svart rasisme – til dømes Black Lives Matter Fund.
– Arbeide for at det blir obligatorisk å undervise om rasisme i heile utdannningssystemet. Her bør det bli informert om fag-spesifikke tiltak for endring.
– Arbeide for at arbeidsplassen og fagforeininga di tek rasisme seriøst.
– Seie i frå ved upassande kommentarar – uavhengig situasjon og uavhengig av kven kommentatoren er.
– Demonstrere og signere kampanjar!

 

Kjelder:
– Fricker, M. (2008). Forum on Miranda Fricker’s «Epistemic Injustice: Power and the Ethics of Knowing»: Précis. Theoria: An International Journal for Theory, History and Foundations of Science, 23(1(61)), segunda epoca, 69-71. Retrieved May 13, 2020 from: www.jstor.org/stable/23923916
– Matthes, E. H. (2016). Cultural Appropriation Without Cultural Essentialism? Social Theory and Practice, 42(2), pp.343-366. Retrieved April 8, 2020 from: www.jstor.org/stable/24871347
– Nittle, N. K. (2019, July 3rd). A Guide to Understanding and Avoiding Cultural Appropriation. ThoughtCo. Retrieved March 26, 2020, from: https://www.thoughtco.com/cultural-appropriation-and-why-iits-wrong-2834561
– The Globe and Mail (2017, May 18th). Opinion: What is cultural appropriation? [YouTube] Retrieved March 27, 2020 from: https://www.youtube.com/watch?v=PO0tUpVNvMo
– Young, J. O. (2005). Profound Offense and Cultural Appropriation. The Journal of Aesthetics and Art

Stillinger

Kantor/ kyrkjemusikar

Gloppen kyrkjelege fellesråd

Produsent

Riddu Riddu Festivála

Produsent

Kulturfabrikken Sortland KF

Programsjef

Bodø2024 IKS

Festivaldirektør

Nordland Musikkfestuke

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev