Vil integrere kunst og kultur i medisin
Pianist, forskar og overlege Geir Olve Skeie er ekspert på demens og musikkterapi. Forskinga hans viser at hjernen faktisk blir yngre ved aktiv bruk av musikk.
– Mest spennande er at det ser ut til at enkelte områder i hjernen fornyar seg når ein aktivt brukar musikk. Hjernen forandrar seg gjennom livet, og det har tidlegare blitt vist at særskilt amatørmusikarar har ein yngre hjerne enn gjennomsnittet, fortel Skeie.
Denne artikkelen er skreve av Hilde Kvalvaag for nettstaden På høyden, Universitetet i Bergens interne kanal for nyheiter, meldingar og debatt for tilsette og studentar, der den først blei publisert 30. januar 2023. Ballade gjenpubliserer artikkelen med tillating.
– Du er aktuell som ekspert i NRK-serien «Demenskoret». Er du overraska over at musikkterapi med menneske med demenslidelse har blitt ein så stor sjåarsuksess?
– Ja, at det har tatt sånn av og blitt så populært er litt overraskande, men det er veldig rørande og godt laga. Programskaparane gjer demenssjukdommen eit andlet. Eg trur det hjelper folk til å normalisere forholdet til demens – at ein kan gjere ting og ha det kjekt sjølv om ein har ein alvorlig sjukdom.
Musikk gjer deg ein del fordeler seinare i livet.
– Korleis forskar du og teamet ditt på demens og musikkterapi?
– Eg er no involvert i to prosjekt. I det eine, ALMUTH, ser vi på demens og song. Dette er pasientar i ein tidlig fase av demens, det er ofte då du må gå inn om du skal ha håp om å gjere noko. Desse syng i kor eller får fysisk trening, og vi testar verknaden dette har på hjernevolum. Prosjektet blir leia av professor Stephan Kölsch ved IBMP; UiB, som også bidreg i TV-serien om demenskoret. Eg er også med i eit prosjekt med førsteamanuensis Kjetil Vikene, der menneske med Parkinsons sjukdom lærer å spele tromme. Vi undersøker i det prosjektet om tromming gjer pasientane betre koordinasjon i armar og bein samt nevropsykologiske testar og MRI. Tidlegare har vi vist at å lære folk med lettere traumatisk hjerneskade å spele piano kan betre kognitiv rehabilitering. Vi har forska på musikkterapi/bruk av song ved Parkinsons sjukdom sidan 2012. Funna vi gjorde då har stått seg – det er andre forskingsprosjekt som har bekrefta det at song kan betre stemme og mimikk.
– I NRK-serien fortel du og forskarkollega Stefan Kölsch om det som kan være sensasjonelle funn i forskningsprosjektet ALMUTH. Kva er det de har funne ut?
– Dette er jo foreløpige funn! Det som er mest spennande er at det ser ut til at enkelte områder i hjernen fornyar seg når ein aktivt brukar musikk. Hjernen forandrar seg gjennom livet, og det har tidlegare blitt vist at særskilt amatørmusikarar har ein yngre hjerne enn gjennomsnittet. I ALMUTH-prosjektet ser vi litt dei samme foryngrelsesprosessane, hjernen til deltakarane er yngre etter eit år, enn når dei gjekk inn i prosjektet. I tillegg såg vi i ei kontrollgruppe også endring i hjernevolum på dei som dreiv med trening, så det er fleire vegar til ein yngre hjerne. Så langt ser vi at nokre av deltakarane har ein hjerne som ser friskare ut på MR-bilder enn ved starten av prosjektet. Alle deltakarane har enda ikkje vore testa, og alle er ikkje ferdige, så dette må taklast med varsemd, men resultata er såpass lovande at Stephan Kölsch har turt å gå ut med dei.
Det er studier som viser at ved auka bruk av musikk, kan ein redusere bruk av medisin som sovemedisin og beroligande, og eldreomsorg er eit satsingsfelt for musikkterapi.
– Om du skulle oppsummere; kva er det som er dei helande faktorane ved musikk?
– Med musikk aktiviserer du heile hjernen. Du aktiviserer følelsar og minner. Felleskap er også ein helande faktor. Ein nøkkel er at du aktiviserer belønningssystemet i hjernen og det kan indusere nevroplastisitet. Hjernen endrar seg ved belønning. Det du synes er lystbetont reparerer hjernen i større grad. Om aktiviteten ikkje er lystbetont, får du ikkje så god effekt.
– Om musikk kan betre hjernefunksjon ved demens, er det sånn at musikk kan hjelpe friske menneske også til betre hjernefunksjon?
– Ja! I pianostudien der deltakarane hadde lettare traumatisk hodeskade, hadde vi to kontrollstudier med friske deltakarar. Dei friske fekk også betre utfall på verbale hukommelsestestar. Generelt sett gjer folk som har fått musikkopplæring det betre på skulen. Musikk gjer deg ein del fordeler seinare i livet.
– Om du skal spå framtida, trur du musikkterapi vil være eit tilbod til alle menneske med demens, like vanleg som medikament er i dag?
– Ja, det håper eg, men det er ikkje nok musikkterapeuter til å dekke behovet overalt. Eg trur at ein i framtida kan bruke musikk på ein god måte som kan betre livskvaliteten. Mange sjukeheimer har i dag program for meir systematisk bruk av musikk. Vi ser som sagt at musikk har ein heilt eigen evne til å framkalle minner og stemningar du har vore i før. Det er studier som viser at ved auka bruk av musikk, kan ein redusere bruk av medisin som sovemedisin og beroligande, og eldreomsorg er eit satsingsfelt for musikkterapi.
Red. mrk.: Førsteamanuensis Kjetil Vikene som er nemnd i teksten er også frilansskribent og -kritikar for Ballade.
Geir Olve Skeie er overlege og forskar i nevrologi ved Neuro-Sys-Med, Haukeland universitetssjukehus, og professor II ved Griegakademiet, kor han underviser om musikk og hjernen.
Han er i tillegg utdanna pianist frå Griegakademiet i Bergen.
Skeie har forska på musikkens påverking på hjernen og bruk av musikk ved Parkinsons sjukdom og hjerneskadar. Skeie har mottatt Norsk nevrologisk forenings formidlingspris 2020 for sine forteljingar om musikkens påverking på hjernen.
Skeie er ekspert på musikk og demens, og medarbeidar i ALMUTH prosjektet (Alzheimer og musikkterapi). Han er intervjua i tredje episode av NRK-serien «Demenskoret».
Ledige stillinger
Stipendiatstilling i musikkterapi
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Stipendiatstilling i musikkvitskap
Griegakademiet - Institutt for musikkSøknadsfrist:24/02/2025
Kantor/kirkemusiker
Vågsbygd menighet - Kristiansand Søknadsfrist:06/02/2025
A&R Manager
Universal Music ASSøknadsfrist:05/02/2025
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025