Ellen Ugelvik er pianist, forskar og leiar for Ph.d-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid. Her framfører ho "The Hands. The Double" av Henrik Hellstenius, Kristin Ryg Helgebostad og Ellen Ugelvik. Komposisjonen er ein del av prosjektet "Extended Composition", eit forskingsprosjekt i kunstnarisk utviklingsarbeid. (Foto: Privat)

Historisk mange disputasar i kunstnarisk utviklingsarbeid: – Dette er forsking gjennom kunst

Kva kunnskap går vi glipp av når den ikkje passar inn i tradisjonelle akademiske rammer? At Noreg har laga ein ph.d.-grad i kunstnarisk utviklingsarbeid set spor i forskingsmiljø verda over, og på to månader har heile fem kandidatar i programmet disputert ved Norges musikkhøgskole.

Kalender

Sommerpønsj

01/07/2022 Kl. 19:00

Oslo

Rockeklubben i Porsgrunn 30+2 år 20. august!

20/08/2022 Kl. 17:00

Vestfold og Telemark

Ellen Ugelvik er leiar for Ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid og nestleiar ved Arne Nordheim-senteret for kunstnarisk forsking på Norges musikkhøgskole (NMH). Ho er sjølv pianist og forskar, og fullførte i 2017 eit ph.d.-prosjekt i kunstnarisk utviklingsarbeid der ho fokuserte på solistens rolle i samtidas pianokonsertar.

– Om du skal gje meg heisversjonen: Kva går kunstnarisk utviklingsarbeid ut på?
Det viktigaste er at arbeidet går føre seg på kunstens eigne premiss. Det er forsking der ein stiller spørsmål som blir undersøkt gjennom å utøve og skape kunst. Refleksjonsarbeidet undervegs blir ein del av kunsten, og i formidlingsarbeidet deler vi komponent frå prosessane som kan ha betydning for andre.

– Dette er forsking gjennom kunst og ikkje kunst, fortel Ugelvik.

FORSKING GJENNOM KUNST: Ellen Ugelvik og Jennifer Torrence under framføringa av Utflukt av Carola Bauckholt, Elizabeth Hobbs, Jennifer Torrence og Ellen Ugelvik på ECLAT-festivalen 2022. Komposisjonen er ein del av prosjektet «Performing Precarity», eit forskingsprosjekt i kunstnarisk utviklingsarbeid. (Foto: Reiner Pfisterer/ECLAT)

I 2003 vart Stipendiatprogrammet i kunstnarisk utviklingsarbeid etablert, og i 2018 vart programmet gradsgivande ved NMH og andre kunstinstitusjonar i Noreg som gav tittelen Ph.d. i kunstnarisk utviklingsarbeid etter fullført og bedømt prosjekt. No er det over hundre kandidatar som har fullført programmet i Noreg der Nasjonal forskarskole i kunstnarisk utviklingsarbeid står sentralt.

På NMH har dei ca. tjue stipendiatar samtidig på ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid i alle musikksjangrar, både utøvarar, komponistar og kunstnarar som jobbar interdisiplinært. I fjor var det over nitti søkarar, og i år 75 søkarar frå heile verda – på tre plassar. Det er rift om plassane, og nivået skal vere høgt for å kome inn.

Og denne våren disputerer altså fem stipendiatar.

– Alle som har gått her har eit sterkt kunstnarskap frå før. Og gjennom prosjektperioden får kunstnarane moglegheit til å gå i djupna på noko som gjer at deira eigen signatur blir enda tydelegare, ein går gjennom ei forandring som opnar nye dører for kva som er mogleg i eigen praksis. Ein blir sterkare som kunstnar og får eit anna refleksjonsnivå.

Undersøkinga som Den nasjonale forskerskolen i kunstnerisk utviklingsarbeid gjorde i 2021, viste at dei som har gått ut frå programma i kunstnarisk utviklingsarbeid sidan starten har fått relevant arbeid.

– Kunnskapen som kjem fram er med på å dytte feltet framover, meiner Ugelvik.

– På musikkinstitusjonar, kanskje spesielt på klassisk, er det ein tung tradisjon for sokalla «meisterlære». Men gjennom kunstnariske utviklingsarbeid blir ein oppfordra til stadig å stille spørsmål ved sitt eige felt, kunsten sjølv, tradisjonell rolleforståing og premiss for eiga utvikling. Slik kan det kanskje komme eit større mangfald i uttrykk ut i andre enden om vi utfordrar sokalla «etablerte sanningar» og responderer kunstnarisk på problemstillingane, trur Ugelvik.

Resultatet av ein ph.d. i kunstnarisk utviklingsarbeid er ikkje ei akademisk tese, men består av to komponentar; ein refleksjonsdel og et kunstnarisk «resultat». Ein skal ha ei kunstnarisk vinkling i det ein deler med andre.
– Måten vi formidlar arbeidet på skal være kunstnært, generøst, og på kunsten sine eigne premiss, fortel Ugelvik.

PÅ KUNSTEN SINE EIGNE PREMISS: Ellen Ugelvik og Jennifer Torrence under fremføringen av animalia II av Simon Løffler på ECLAT-festivalen 2022. Denne komposisjonen er også ein del av forskingsprosjektet «Performing Precarity». (Foto: Reiner Pfisterer/ECLAT)

Ph.d.-programmet er unikt i internasjonal samanheng. Ingen andre land har like sterkt fokus på det kunstnariske prosessorienterte arbeidet i sine ph.d.-grader:
– Imidlertid er det store endringar på gong ved institusjonar i Europa som vi samarbeider med, og også i land som Singapore, Sør-Afrika og Australia, som ser til oss og «den norske modellen».

– På kva måte blir denne kunnskapen formidla utanfor institusjonane?
– Vi er opptekne av å ta inn kunstnarar på ph.d.-programmet som vi tenkjer har samfunnsrelaterte tema eller som er sterke kunstnarar som også har ein innverknad ute i det frie feltet. Forskinga skal ikkje gå føre seg i spiralar innover, men ha sprengkraft ut i det verkelege livet, uansett sjanger.

– Kva tilfører dette programmet til annan tradisjonell forsking som går føre seg på Norges musikkhøgskole?
– Min visjon er at dei ulike fagmiljøa kan samarbeide tettare og lære av kvarandre, og at vi saman på NMH skal vidareutvikle og foredle kva kunstnarisk utviklingsarbeid skal kunne romme og korleis vi kan formidle kunnskapen til andre på ein fruktbar måte.

Kandidatane som har disputert denne våren gir ulike vinklingar inn til feltet og viser kor store variasjonsmoglegheiter og fleksibilitet kunstnarisk utviklingsarbeid byd på.

Fredag 17. juni disputerte ein av dei. Den danske cellisten og komponisten Jakob Kullberg har gjennom 20 år arbeidd med komponisten Per Nørgårds musikk. I ph.d.-prosjektet hans har han utforska rollene til utøvaren og komponisten, og dialogen mellom dei. I tillegg til Nørgård har prosjektet involvert komponist- og utøvar-dialogar med finske Kaija Saariaho, norske Henrik Hellstenius og danske Bent Sørensen.

– Kvifor valde du å søke på ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid?
– For det første er eg veldig interessert i å utvikle meg. Eg mislikar å vere i ein situasjon der eg ikkje utviklar meg – ideen om at eg kjem til ein stad, og så blir der, er framand for meg.

Den danske cellisten Jakob Kullberg disputerte fredag 17. juni med det kunstnariske forskingsprosjektet Transmogrification. Dialogic Composition. (Foto: Camilla Winther)

Kullberg er oppvaksen i ei akademisk familie, så han er ikkje framand for akademiske tradisjonar: – Blant akademikarar er eg lite akademisk, og blant ikkje-akademikarar er eg akademisk. Eg er liksom litt midt i mellom.

Den intellektuelle dimensjonen har alltid vore til stades i cellospelet til Kullberg, fortel han: – Eg har eit særs medvite forhold til min teknikk. Men det gøye er at gjennom det kunstnariske (gjennom for eksempel komposisjon, journ. anm) er eg mykje meir intuitiv.

Kullberg ynskte seg ein intellektuell refleksjon rundt sin eigen kunstnariske praksis: – Eg kom frå ein performativ praksis, og noko av det eg og Nørgård jobba mykje saman om var korleis eg kunne vere meir kreativ med musikken hans.

 Skapar og utøvar
– Det interessante med å høyre andre som spelar Per Nørgård er at vi snakkar det same språket, fortel Kullberg: – Det skjer ikkje frå tone til tone, men gjennom dialektar i Nørgårds språk.

Kullberg deler opp i sekundær og primær posisjon i forhold til det kreative. Ein komponist står i ein primær posisjon, og som utøvar er du i ein sekundær posisjon.

– Då eg søkte meg inn på dette studiet ville eg gå frå det sekundære til det primære.

Og til den sekundære posisjonen høyrer også analysen til: – Eg starta med den bevisste bevegelsen frå performance til komposisjon, men etter det kom refleksjonstida. Eg har lytta og spelt Nørgård sin musikk i tjue år. Eg kan ikkje reflektere medan eg spelar, men reagerer intuitivt. Eg reflekterer etterpå.

Den danske komponisten Per Nørgård er i følgje Store norske leksikon mest kjend for si symfoniske og musikkdramatiske produksjon og ein særegen musikalsk stil basert på den sokalla «uendelighetsrekka». – Eg har lytta og spelt Nørgård sin musikk i tjue år. Eg kan ikkje reflektere medan eg spelar, men reagerer intuitivt. Eg reflekterer etterpå, forklarar Jakob Kullberg om måten han går inn i musikken til Nørberg på gjennom det kunstnariske forskingsprosjektet. (Foto: Camilla Winther)

– No snakkar eg om primær og sekundær – men heile poenget er at det eigentleg er same posisjon, og står ikkje i motsetnad til kvarandre.

– Slik at ein kan seie at ein er skapande også gjennom utøvinga?
– Ja, ein kan både vere sekundær og primær samtidig. To sekundære praksisar som er både performance og refleksjon – og igjen er dei heller ikkje skilde.

Ein av filosofane som Kullberg har støtta seg på i utviklingsarbeidet er Mikhail Bakhtin, som snakkar om den groteske kropp i motsetnad til den kanoniske kropp: – Hjå han finn du grunngjevinga til kvifor du kan gjere som du har lyst å gjere. Det groteske er her meint positivt. Det finnast ikkje noko som er avslutta eller forskansa – alt heng saman med alt. Å forholde seg til ein komponist sitt verk utan å kunne endre noko er altså heilt unaturleg for Bakhtin.

Kullberg ville nettopp gå inn i andre sin musikk: – Ein kan finne ein dimensjon i ei språkverd, ein tankegong som du kan bruke i dine eigne verk eller prosjekt. Og dette gjer vi ikkje for å bryte lova, men fordi det er meir naturleg.

– Men eg må spørre – kvar går den grensa? Når blir det din komposisjon, og når sluttar det å vere Nørgård – og er det relevant i det heile tatt?
– Spør eit ektepar – kven elskar kven mest? Når du spør kvar grensa går, spør eg – kven set grensa? Det gjer forlaget, og dei sit på definisjonen.

– Eg har no eit prosjekt med Nørgård der eg rekomponerer ein rekomposisjon. Vi veit enno ikkje kven sitt det er. Hadde det vore snakk om millionar av dollar, hadde det kanskje vore verdt å tatt kampen, men…

– Så det du seier er at desse grensene er unaturlege i skapinga, i den kreative prosessen?
– Livet utviklar seg, verda utviklar seg. Mennesket utviklar seg. Det er ikkje godt å vite korleis vi menneske er om hundre år. Ting skjer uavhengig av om du har ein regel eller ikkje.

Kullberg trur at ph.d.-programmet i kunstnarisk utviklingsarbeid ved NMH kan fange opp kunnskap ein elles går glipp av.
– Dess meir akademisk tungt eit slik program blir, dess vanskelegare blir det å få tak i kunstnarane. Det som er fantastisk med dette programmet er at ein fangar opp kunstnarane og gir dei ein akademisk dimensjon til deira intuitive og kunstnariske praksis.

– Eg synest Noreg ligg langt foran Danmark, for eksempel, når det kjem til kunstnarisk utviklingsarbeid i forhold til akademisk utviklingsarbeid. Det er to veldig forskjellige måtar å tenke på, akademisk og frå eit performativt perspektiv.

– Utfordringa i kunstnarisk utviklingsarbeid er å opne opp og forstå den rikdommen som du kan få frå teori og filosofi. Den skapande sin natur er ein som bryt reglar, bryt med konvensjonar – ofte. Den interesserer seg ikkje for å passe inn i ei riktig form. Somme gongar kan det bli for autonomt, nesten narsissistisk, fokusert utelukkande på sin eigen praksis. Men om alt skal passe inn i den riktige akademiske forma, så er det ikkje plass til alt.

Jakob Kullberg påpeikar at dette er ein “farleg diskusjon”:
– Det er nesten som å diskutere religion, somme gonger. Fordi det er to som står på kvar si side og som føler veldig sterkt.

Kullberg avsluttar med at han kjenner seg enormt heldig som har vore ein del av dette programmet, og synest det er strålande at Noreg har satsa så sterkt på det: – Eg trur kunstnarisk utviklingsarbeid har ei stor framtid.

 

Her kan du lese dei fem som disputerte ved NMH i vår:

Lars Skoglund: The Theatre of Words set to Music

Josh Spear: Composing Together and not Together. Composing for a new Intimacy.

Andrea Parkins: «Sonic Spaces for the Stray»: (Dif)Fusing Dis-Location in Sound Installation and Performances.

Bjørn Erik Haugen: The Use of Human Beings

Jakob Kullberg: Transmogrification. Dialogic Composition.

 

 

Forskerskolen for kunstnerisk utviklingsarbeid står bak ph.d.-programmet, og er eit tverrkunstnarisk og tilbyr et opplæringsprogram og faglege møtepunkt for ph.d.-stipendiatar i kunstnarisk utviklingsarbeid frå Kunsthøgskolen i Oslo, Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet i Trondheim, Den norske filmskolen, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, UiT – Norges arktiske universitet, Høgskolen i Østfold og Norges musikkhøgskole.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Kommunikasjonsrådgiver

Norsk musikkråd

Administrasjonssjef

Norsk musikkråd

Virksomhetsleder ved Kulturskolen

Fredrikstad kommune

Gitarpedagog

Sør-Varanger kulturskole

Produsent

Nasjonal jazzscene

Vokalpedagog

Horten kulturskole

Daglig leder

Norske Kulturarrangører (NKA)

Kantor/organist

Østre Halsen menighet

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev