Terje Isungset i Russland 2018 (Foto: http://www.terjeisungset.no)

Storbekkens musikkpris til Terje Isungset

Musikar, komponist og instrumentbyggjar Terje Isungset har hatt naturen som sin musikalske inspirasjon i over 30 år. Naturen skal handsamast med respekt, seier prisvinnaren.

Kalender

Måneskinn – klaverrecital – matiné

27/04/2024 Kl. 13:00

Agder

Lørdagsopera

27/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

FIA OFIA – RELEASEKONSERT & ETTERFEST

27/04/2024 Kl. 20:00

Oslo

FIA OFIA – RELEASEKONSERT

27/04/2024 Kl. 20:00

Oslo

– Det er ei stor ære for meg å verte tildelt denne prisen, seier Terje Isungset, mannen som er spesielt kjent for sin «is-musikk» og instrumenter laga av is. Prosjektet med is-musikk starta han heilt tilbake i 1999, og starta mellom anna ismusikk-festivalen på fødestaden Geilo i 2006. I boka Percussion Profiles (Soundworld, 2001) er han rangert som ein av dei 25 mest kreative perkusjonistane i verda.

Denne veka blei det klart at han er årets vinnar av Egil Storbekkens Musikkpris.

– Eg har brukt store delar av livet mitt på å jobbe med og utforske lydkjelder og alternative/nye musikalske uttrykk, fortel Isungset til Ballade. – Dette er hardt arbeid. Og det at nokon meiner dette arbeidet har verdi er veldig inspirerande for meg.

Egil Storbekkens Musikkpris blei oppretta for å fremje interessa for norsk folkemusikk, og er ein nasjonal heidersbevising, melder prisutdelaren. Prisen blei oppretta i 2006 som eit samarbeid mellom NOPA, Norsk Lur- og Bukkehornlag, Tolga kommune og familien Storbekken.

Musikar, komponist og instrumentbyggjar Terje Isungset. (Foto: Kaupo Kikkas)

Koronakansellering
Som dei fleste andre som lever av musikk har også Terje Isungset mista arbeid under koronapandemien.
– Eg fekk nettopp koronakansellert ein planlagt trevekers turné i Kina med kvartett (isharpe,isbass, istrommer, perkusjon, med meir) som spelar på is inne i store konsertsalar med omlag 2000 menneske i publikum.

– Diverre måtte dei også ta all isen ut av fryselageret i Beijing no på grunn av leigekostnader. Dette er alle isinstrumenta med traller, deksel og spesialbygd utstyr som vi brukte på siste turné i 2019. Så koronaen får definitivt langsiktige og til no uoversiktlige konsekvensar for oss musikarar, fortel Isungset.

Men Isungset har trass alt vore ein av dei heldige, med ei rekke prosjekt og oppdrag på gang gjennom pandemien. Eit av dei er samarbeidet med Det Norske Teatret, der han har komponert musikken og stått for lyddesignet til framsyninga Inn frå regnet; Frode Gryttens siste drama «om ein flaum av vatn som set i gang eit ras av familiære oppgjer», som teatret beskriv stykket som på sine nettsider.
– Dette var ein spennande prosess, med eit fantastisk team, gode arbeidsforhold og ein nydeleg tekst, fortel Isungset. Inn frå regnet har urpremiere 25. september.

Skodespelar Svein Roger Karlsen i Inn frå regnet på Det Norske Teatret. (Foto: Magnus Skrede/Det Norske Teatret)

Isungset har også hatt mange framsyningar med Transiteatret-Bergen og Det Vestnorske Teatret si produksjon 03:08.38 – Tilstander av unntak, ei framsyning som er ein rekonstruksjon av ettermiddagen 22. juli 2011 presentert i sanntid, sentrert rundt ein komposisjon av autentiske radiosendingar og lydopptak, og som varer i nøyaktig tre timar, åtte minutt og trettiåtte sekund – tida det tok frå bomba sprang i regjeringskvartalet til terroristen blei tatt på Utøya. Produksjonen blei belønna med Heddaprisen 2020 for «Beste audiovisuelle design».

Sårbare prosjekt
Det siste året har Terje Isungset også fått spele ein god del konsertar, fortel han, mellom anna med fri impro-solo munnharpe på 20 aldersheimar hausten 2020 og fleire turnear med ismusikk i skular gjennom Den kulturelle skulesekken.

Han ga ut duoplata The Art of Travel med Arve Henriksen, og heilt nyleg blei remiksen med ismusikk, Ocean Memories, gitt ut. Komponisten og musikaren bygde seg òg ein iglo på fjellet for å spele inn ei ny isplate, Ice Only, som kjem ut i løpet av hausten. Ein dokumentar om Isungset og ismusikken er også under arbeid, og vil bli satt opp på kinoar rundt om i landet.

Ismusikkfestivalen på Geilo blei avlyst i 2021, men er tilbake i februar 2022, opplyser Isungset, som har ei travel tid foran seg: Turné med Arctic Ice Music-prosjektet i Storbritannia, fleire framsyningar med Transiteatret-Bergen, Sverigeturné og ein konsert på Riksscenen med bandet Groupa som feirer 40 år i år samt vere med på Under stjernone-prosjektet med tekstar av Olav H. Hauge.

Terje Isungset under Ismusikkfestivalen på Geilo i 2014. (Foto: Emile Holba)

– Ellers jobbar eg med å utvikle eit iglo-konsept for iskonsertar. Eg har under koronaen investert i nytt og spesialdesigna utstyr som gjer det mogeleg å sette opp igloar og få tilgang til store mengder is for kunstnerisk og musikalsk bruk. Dette er eit spennande prosjekt som også er veldig sårbart for naturens krefter. Og nettopp naturens krefter er det viktigaste av alt her på jorda – og har vore min musikalske inspirasjon i over 30 år. Naturen skal handsamast med respekt, avsluttar prisvinnar Isungset.

Egil Storbekkens Musikkpris 2021 blir formelt delt ut i Kulturhuset på Tolga den 18. august. Prisen er på 25 000 kroner og eit kunstverk. Juryen er satt saman av representantar for Norsk Lur- og Bukkehornlag (NLB), NOPA og familien Storbekken, og har i år bestått av Eilif Gundersen, leder (NLB), Hildegunn Øiseth (NLB), Hans Fredrik Jacobsen (NOPA), Sigrid Moldestad (NOPA) og Eli Storbekken (familien Storbekken).

Tidlegare prisvinnarar:
2006 musikar Geir Egil Larsen, Verdal
2007 innsamlar Leif Løchen, Vågå
2008 instrumentmakar Magnar Storbækken, Tolga
2009 musikar Steinar Ofsdal, Oslo
2010 musikar, forfattar og innsamlar Atle Lien Jenssen, Hamar
2011 musikarane Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jakobsen, Tolga
2012 musikar og komponist Karl Seglem, Årdalstangen / Oslo
2013 instrumentbyggegruppa i Gjøvik spelmannslag, Gjøvik
2014 musikar Eilif Gundersen, Ål
2015 musikar og komponist Henning Sommerro, Surnadal / Trondheim
2016 musikar og instrumentmakar Sverre Jensen, Oslo
2017 musikar, musikkforskar og forfattar Bjørn Aksdal, Trondheim
2018 musikar og komponist Hildegunn Øiseth, Kongsvinger / Trondheim
2019 musikar, pedagog og komponist Tom Willy Rustad, Oslo / Vinstra
2020 musikar, instrumentbyggjar og toneskald Einar Selvik, Bergen / Fredrikstad

Les meir om prisen her på Ballade.no.

Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Norsk Komponistforening, NOPA og Musikkforleggerne er medlemmer i Foreningen Ballade.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.