Hopp til innhald
Prismottakar Velle Espeland

RFF-prisen 2014 til Velle Espeland

Espeland får prisen for sin store innsats ved Norsk visearkiv.

Espeland var med på opprettinga av arkivet i 1983, og har vore dagleg leiar sidan då.

Rff grunngjev tildelinga slik:

«Interessefelta hans femner folkeviser, skillingsviser og balladar, i tillegg til arbeidssongar og songar for born. Gjennom sitt arbeid har han gjort visearkivet til ein svært viktig kunnskapsbase for både folkemusikkinteresserte og alle andre som har spørsmål omkring norske songar og viser. Her har mange utøvarar, studentar og forskarar fått kyndig hjelp i sitt arbeid. Norsk visearkiv har vore eit lavterskeltilbod med svært mange og ulike brukarar. Ingen for høg, ingen for låg; alle spørsmål har vore like viktige.

Stikkord for Espeland sin produksjon kan vere folkloristisk og kulturhistorisk mangfald. Han har forfatta mange artiklar og bøker om emna folkeminnevitskap og kulturhistorie. Dette omfattar artiklar om balladar, kvardagssong, skillingsviser, songideologi og bøker om spøkelse, helgenar, mat, svartebøker og by-og bygdesongar. Han har òg arbeidd med omsetjing av teikneseriar som Sprint og Spiralis. Saman med broren sin, Gard Espeland, har han skrive tekst til julehefte som Smørbukk og Tuss og Troll.

Eit viktig interessefelt for Espeland har vore kvardagssongen; dvs. introvertsong, song i dusjen, allsong, den ikkje-profesjonelle og ikkje-organiserte songen. Han har vore oppteken av at kunnskap om viser og visesong ikkje berre må omfatte tekstene, men like mye melodiane, syngemåtar og kontekst. Slik har han utvikla Norsk visearkiv til å være et tverrfaglig kompetansesenter for norsk songtradisjon.

Arkivet har nå blitt ein del av Nasjonalbibliotekets musikkseksjon saman med bl.a. Norsk jazzarkiv og Norsk folkemusikksamling. Då Norsk visearkiv ble oppretta i 1983, var det for å sikre at nokon tok vare på og utvikla kunnskap om den norske visetradisjonen i ei tid då ingen andre gjorde det. At ein stor og statleg institusjon som Nasjonalbiblioteket nå fører dette arbeidet vidare, viser at Espeland har lyktes i sitt arbeid for å heve statusen for visa som arkiv- og forskingsobjekt.»

Ledige stillinger

Relaterte saker

Gunnar Stubseid

Gunnar Stubseid mottar Rff-prisen

For sitt arbeid som spelemann, forfatter og kulturarbeider, tilfaller årets Rff-pris Gunnar Stubseid.

Sverre Jensen Foto: Gjermund Kolltveit

Rff-prisen til instrumentbyggar Sverre Laumb Jensen

Jensen får folkemusikkprisen for sin mangeårige innsats for dei norske folkemusikkinstrumenttradisjonane.

Tom Willy Rustad Foto: Bjørn Kjellsson Sletten

Folkemusikkpris til Tom Willy Rustad

Rustad får Rff-prisen for sitt virke som musikar og pedagog.

Flere saker

Komponist Olav Anton Thommessen

Ny, norsk musikk – 7 anbefalinger. Dag 7: Olav Anton Thommessen

Ballade publiserer komponist Gisle Kverndokks syv anbefalinger til verk av nålevende norske komponister, en serie han nylig startet på egen...

DePresno1

DePresno: – Her er en låt og den er sånn

– Jeg føler at jeg kommer nærmere min sannhet og min kunstneriske visjon for hver gang jeg setter meg ned...

Steffen «Spira» Falch

Artisten Spira ble 34 år – her er hans siste låter

Borte for et år siden – nå er de siste sangene hans ute på plate.