Ola K. Berge (Foto: Solveig Ertresvaag Espeland)

Offensiv start på det nye året for NFD

Norsk Folkemusikk- og Danselag har tilsett Ola K. Berge i den nyoppretta stillinga som prosjektmedarbeidar i Norsk Folkemusikkformidling (NFF). Arbeidet knyter seg til formidling av utøvarar, tilrettelegging av program for oppdragsgjevarar samt marknadsføringstiltak i inn- og utland. Utøvarane - spelemenn, dansarar og grupper- hentar han frå den etter kvart særs omfangsrike Norsk Folkemusikkatalog. I tillegg vil det bli ei viktig oppgåve å utvikle kontakt med nye arrangørar.

BransjenFolkemusikk

— Nokre gode arrangørkontakter finnast, og dei skal me pleie godt, andre og nye har mykje godt i vente, seier Berge, som nå er på plass i Musikkens Hus i Oslo.

Han vil leggje vekt på å bli synleg i miljøet og å halde tett kontakt med utøvarane.

— Det er viktig at både Norsk Folkemusikkatalog som heilskap og den einskilde artisten blir profilert. Her har også utøvarane eit ansvar. NFF, som er NFD sin arrangør og formidlingsorganisasjon, skal vere ein motor og inspirator i tillegg til å vere eit bindeledd til konsertarrangørar, men dette er ikkje mogleg utan eit aktiv utøvarmiljø, seier han vidare. Han legg til at han har stor tru på eit slikt konstruktivt samarbeid, i og med at utøvarane alt i utgangspunktet har vald å melde seg inn i katalogen.
— Dette syner ein vilje til å kome ut og fram, noko me er avhengige av dersom folkemusikken skal synast i det totale musikklandskapet. Det vil ikkje berre vere med på å skape ein større etterspurnad, men også generere betre rekruttering totalt til spel- og dansemiljøet, seier han. Berge peiker konkret på ein situasjon der det blir viktigare og viktigare å oppsøker ein marknad, i staden for å vente på at marknaden skal kome. Han meiner at det i denne kvardagen, om ein likar den eller ikkje, blir viktig å kunne tilby artistar som er medvetne i høve til å syne seg fram.

— Om ein er tradisjonell kvedarsolist eller ei folkemusikkgruppe i moderne tapping, spelar i og for seg ikkje noko rolle, marknaden er der for både sjangrar. Det viktige er at ein gjer seg tilgjengeleg. Konkret tyder dette at artistane i katalogen er på hogget i forhold til meg som skal formidle desse. Eg treng livsteikn i form av dei siste og beste innspelingane, pressemeldingar osb. Det er lettare å «tale varmt» for noko eg veit er i framdrift, i møte med ein oppdragsgjevar. Slik kan ein også gjere seg attraktiv for andre marknadsføringstiltak i regi av NFF, hevdar Berge. Slike tiltak er til dømes deltakinga i Celtic Connections-festivalen i Glasgow og Folk Alliance-konferansen i Jacksonville, Florida, i februar. Både desse møteplassane for verdsmusikk, er utstillingsvindauge for også den norske folkemusikken. Det seier seg sjølv at det i ein slik samanheng er viktig å presentere utøvarar som har noko på hjartet.

— Det er viktig å også nå ut til dei ulike arrangørane, og å få dei i tale, seier Berge. Han seier at som premissleverandør for utøvarane, er det viktig å på same tid lyde på kva dei har å seie, men også freiste å «oppdra» dei til beste for folkemusikkulturen. Han meiner det er eit spørsmål om å gje og ta. Dette er på same tid ein viktig strategi i møte med media.
— Det gjeldt å vere fleksibel, utan å misse eigenart, meiner han, og legg til at NFF si haldning til dette sjølvsagt er ein del av ein felles strategi som NFD til ein kvar tid legg retningsliner for. Det vert ikkje snakk om nokre sololøp i dette arbeidet forsikrar han.

Ola K. Berge som er Tinndøl, er sylvsmed av yrke. Dette er ei verksemd han vil drive vidare i halv stilling ved sidan av arbeidet for NFF. Han har brei bakgrunn og kontaktnett frå folkekulturarbeid, m.a. som spelemann, student ved folkemusikk- og metallina ved Akademiet i Rauland og arbeid ved Valle vgs. Han har i også erfaring med næringsutvikling frå prosjekt i regi av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND.

Interesserte kan nå Ola K. Berge på NFD- kontoret:

Norsk Folkemusikkformidling
Tollbugt. 28,
0157 Oslo

Tlf.: 22 42 02 94
Fax: 22 42 32 08

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio