Prosjektutviklaren sine oppgåver vil mellom anna omfatta:
* Å greie ut etablering av festivalen med tanke på fyrste gjennomføring i 2005.
* Å legge til rette for forankring og samarbeid om gjennomføring med aktuelle partnarar i regionen.
* Forberede søknader for å sikre økonomien til etablering og gjennomføring.
* Samt å gjennomføre nokre pilotarrangement hausten 2004.
Me søker etter ein nøyaktig, omgjengeleg og kontaktskapande person, gjerne med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans. Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:
* Relevant utdanning innan kulturadministrasjon.
* Erfaring frå prosjektarbeid, arrangørverksemd, festivalaktivitet eller tilsvarande.
* Evne til å kunna arbeida sjølvstendig og strukturert.
* Relevant kontaktnett er ein fordel.
Arbeidsstad vil vera Næringshagen i Valle kommune. Tiltreding 1. august 2004. Løn etter avtale.
Send søknad med kopiar av attestar og vitnemål til: Norsk Folkemusikk- og Danselag, P.b. 440 Sentrum, 0103 Oslo. Søknadsfrist er 25. mai 2004.
For meir opplysning ta kontakt med dagleg leiar Jan Lothe Eriksen på telefon 22423290, eller på e-post nfd@folkogdans.no.
Norsk Folkemusikk – og Danselag – landslag for slåttespel, kveding og bygdedans – har som sitt fremste føremål å halde oppe dei ubrotne folkemusikk- og bygdedanstradisjonane i Noreg, å fremje norsk folkemusikk og bygdedans som fullverdige kunstformer, og ivareta utøvarane sine faglege, økonomiske, sosiale og kunstnarlege interesser. Laget driv Norsk Folkemusikkformidling og Norsk Folkemusikkatalog (http://www.folkogdans.no/), og er aktiv deltakar i Nordisk folkemusikkomite og European Network of Traditional Music and Dance.
I samarbeid med og stønad frå Cultiva (Kristiansand Kommunes Energiverkstiftelse), Bykle kommune, Setesdal regionråd, Valle kommune og Vest-Agder Fylkeskommune skal NFD no i gang med å utvikle ein ny festival for tradisjonelle folkemusikk i Kristiansand/Agder-regionen.