Hardingfele-stående

LFS: – Viktig auke til folkemusikkfestivalane

Landslaget for Spelemenn er svært fornøyde med at også folkemusikken får økt støtten fra kulturrådets festivalstøtteordning. - Vi merker oss også at Kulturrådet har gått
bort frå tidlegare praksis om at festivalar må ha vore gjennomført i minst 3 år før dei kan få stønad.Dette gjev nye moglegheiter til små og kreative festivalarrangørar, som då får høve til å vise om dei har livets rett, skriver LfS' Frode Rolandsgard i dette innlegget.

BransjenFolkemusikk

Av Frode Rolandsgard, prosjektleiar/ informasjonsmedarbeidar, Landslaget for spelemenn

Landslaget for spelemenn (LfS) er den største folkemusikk- og danseorganisasjonen i Noreg, og er aktivt med som medeigar i mange av dei store folkemusikkfestivalane i Noreg. Landslaget for spelemenn ser det som positivt at mange av dei store folkemusikkfestivalane i Noreg får auka stønad frå festivalstøtteordninga. Auken til folkemusikk/ verdsmusikk utgjer kr. 425 000,-

Folkemusikkfestivalane i Noreg er i dag særs viktige utviklarar og formidlarar av folkemusikktradisjonen, og auka tilskot til desse stør opp om denne viktige verksemda. LfS synest det er flott at kulturrådet stør oppunder dei festivalane som har vist seg levedyktige, slik at desse får utvikla kompetansen og fagmiljøa sine. Vi merker oss også at Kulturrådet har gått bort frå tidlegare praksis om at festivalar må ha vore gjennomført i minst 3 år før dei kan få stønad. Dette gjev nye moglegheiter til små og kreative festivalarrangørar, som då får høve til å vise om dei har livets rett. Dermed vil LfS også sjølv søkje festivalstøtteordninga til neste år til nysatsinga Folkelarm, som det første året fekk tilskott frå Norsk kulturfond.

LfS er direkte og indirekte medeigarar i Telemarkfestivalen (auke 100 000,-), Den norske Folkemusikkveka (auke 50 000), Jørn Hilme-stemnet (auke 50 000) og Osafestivalen (auke 25 000) og knutepunktinstitusjonen Førdefestivalen. LfS

tek mål av seg til å vera samarbeidspartnar og koordinator for alle folkemusikkfestivalane i Noreg, og er sjølv direkte eigar av dei største folkemusikkfestivalane, nemleg Landskappleiken (over 40 000 selde billettar) og Landsfestivalen i gammaldansmusikk (ca. 20 000 selde billettar).

Hausten 2005 starta LfS opp arrangementet Folkelarm, m.a.som eit servicetilbod til festivalane. På Folkelarm fekk festivalane møte kvarandre på eit sektorsamlande bransjetreff, og dei fekk sjanse til å sjå mange av dei beste artistane i Noreg på showcasescenene. Arrangementet var særs vellukka, og i framtida ønskjer LfS å bruke Folkelarm også til seminar og kompetansehevande tiltak for konsertarrangørar innanfor sjangeren.

Gjennom Samstemt-samarbeidet er LfS også med på å arbeide for betre økonomiske vilkår for musikkfestivalane.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio