Hopp til innhald

– Kva plass får folkemusikken i Kanal 4?

Vil Kanal 4 greie å oppfylle den hyggelege konsesjonssøknaden sin – eller vil den nye kommersielle radiokanalen falle inn i ein formateringspraksis som til forveksling liknar det vi har høyrt før? På Norsk Folkemusikk- og Danselags (FND) seminar i Oslo laurdag blei spørsmålet formulert slik: Blir det slåttespel og kveding å høyre når Stein Gauslaa & Co. startar opp? Og svaret var ja. – Men, sa radiosjef Gauslaa, – vi vil ikkje lage ein gamaldags Folkemusikkhalvtime av det slaget som sender signal til alle andre om at «nå blir det hardingfele, så skru av!» Nedanfor er Kvinten-redaktør Tore Skaug sin rapport fra møtet.

Av Tore Skaug

«Slåttespel og kveding i kommersiell radio» var tittelen på seminaret. NFD-leiar Halvard Kaasa opna med å minne om at NFD var raskt ute med å gratulere kulturministeren då ho sette kroken på døra for eit folkemusikkfritt P4 og gav Kanal 4 konsesjon:

— Vi har ein folkemusikk som er unik i global samanheng, og dersom ikkje vi tek vare på han, er det ingen andre som gjer det. Kan vi rekne med Kanal 4 som støttespelar i dette arbeidet? spurde Kaasa.

— Vi kjenner oss sjølvsagt forplikta av honnørord om «norsk språk, kultur og identitet» og vilkåret om minst 35% norsk musikk, sa Gauslaa, før han lovte:

— Vi skal greie det med kontor og medarbeidarar over heile landet. Når det gjeld musikk, kan vi ikkje overlate musikkvalet til dagsformen hos den enkelte medarbeidar, men med utgangspunkt i minst 35 prosent norsk skape ein profil av variert populærmusikk, og eg trur det skal vera råd å nå nokså mykje lenger enn musikken i Radisson-heisen. Gauslaa lova og at Kanal 4 sine «talentspeidarar» ville presentere nye musikktalent før dei nådde å bli etablerte. At Kanal 4 vil satse mykje på å bli festivalradio – både frå Bergen, Notodden og Førde. Han gløymde Landskappleiken, og det fekk han naturleg nok svi for då salen seinare slapp til!

Både roots, country, blues, jazz, folkemusikk og klassisk skal få kvar sin time, og Kanal 4 vil sjølvsagt nytte både gallup, forskning og eigne testpanel av lydarar for å finne ut kva som fangar interessa hos folk.

— Eg trur elles gamle, solide og trauste NRK har sett såvidt sterkt preg på det norsk folks radiovanar at det ikkje godtek ein svært kommersiell radio, sa Gauslaa.

Økonomisk usikkert
Medieprofessor Eli Skogerbø peika på at det kan bli svært ulike program etter kven som tolkar «norsk språk, kultur og identitet». Det må gjerne ei presisering til for å sikre det samiske ein rettvis plass. Ho stilte seg tvilande til dei økonomiske utsiktene – med eit P5 på banen og fleire til å ete av minkande reklamebudsjett. Og kva er eigentleg folkemusikksegmentet verdt for annonsørane? – Eg trur at uansett korleis ein definerer allmennkringkasting – folkemusikk er og vil forbli ein nisje, sa ho.

Stortingsrepresentant Magnar Lund Bergo som representerer SV i kulturkomiteen, stilte med «Democracy for listeners» på t-skjorta og var først og fremst skuffa over utviklinga i NRK.

— Kvifor skal NRK med lisensgrunnlaget sitt vera freda? Dersom Kanal 4 lever opp til konsesjonssøknaden sin, vil NRK få noko å bryne seg på, meinte han og drog vidare opp linjene for ei medieutvikling som på få år vil gjera det naturleg at kvar og ein har si eiga private formatering som lydar og sjåar. Ikkje minst derfor trengst det eit trykk for å behalde ein viss grad av offentleg styring – mot dei som vil overlate alt til marknaden.

Ledige stillinger

Museumsvaktar?
Lovnadene frå Gauslaa var for vage for mange i salen. «Ein time på laurdagen når folk er ute og festar?!»

— NFD bør trekkje tilbake gratulasjonstelegrammet, meinte kvedaren Arnfinn Staurheim, mens spelemannen Torgeir Straand slo fast at crossover er vel og bra, men kva med dei som vil ha rein folkemusikk og kveding?

— Eg støtta gratulasjonstelegrammet, men er spent. Det kan fort bli panikk når inntektene lar vente på seg, sa Tarjei Haugen, rektor ved Valle vidaregåande skule. Mens Maria Høgetveit Berg, kultursjef i Ål, peika på at presentasjonen av musikken er mest like viktig som sjølve musikken og etterlyste kvalitet i kulturbegrepet.

— Dersom Bergo reknar seg som museumsvaktar, er han berre ei bleik avskygning av somme i salen! Eg håpar det i folkemusikkretsar også er sans for ei viss vidareutvikling, sa Gauslaa og minte om at det ikkje treng vera nokon motsetnad mellom ein kommersiell radio og ein god radio. Eg trur at dersom ein lagar program med innhald og kvalitet, vil det appellere også til annonsørane, sa han.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Radio

God respons på P5-krav

28. februar ble P5-konsesjon for å drive reklamefinansierte radiosendinger i FM-båndet på riksplan fra 1. januar 2004 utlyst. Kanalen vil...

Kanal 4: – Den mest komplette søknaden

Styreleder Stein Gauslaa i Kanal 4 mottok den desidert hyggeligste førjulspresangen av de seks søkerne til konsesjon for riksdekkende, reklamefinansiert...

P4 om musikken

P4 argumenterte i sin søknad med at de brukte mye ressurser på å fremme norsk musikk. Kanalen har i løpet...

Radio Nova logo

Studentradioene ber politikerne tenke kultur

– Å kalle P4 en allmennkringkaster er like misvisende som å kalle Hitler en pasifist, sier Radio Nova i sin...

Valgerd Svarstad Haugland (offisielt)

Radiokonsesjonen: Seks om beinet

Kultur- og kirkedepartementet har mottatt seks søknader til konsesjonen for riksdekkende, reklamefinansierte radiosendinger. Blant søkerne er Verdens Gang, P4, TV2...

Otto Haug

P4 får knusende kritikk

Fredag (14. juni) falt dommen fra Allmennkringkastingsrådet over hvordan P4-Radio Hele Norge hadde oppført seg i 2001. Og den var...

Flere saker

Kathrine Synnes Finnskog

Vil vite hva eksportører gjør, og hva de trenger

Music Norway, GramArt og MFO skal i samarbeid med BI:CCI kartlegge medlemmenes aktivitet og behov.

Skolekonserten Klangen av klima, et samarbeid mellom Oslo Filharmonien og DKS Oslo, vant internasjonal pris som beste store ensemble under YAM Awards i Brussel denne uka

Oxford Research’ flaue rapport om Den kulturelle skulesekken og Kulturtanken

– Eg er skuffa. Kanskje først og fremst fordi eg opplev at dette hadde vore enkelt å gjere skikkeleg, skriv komponist,...

Trond Reinholdtsen Foto: The Norwegian Opra

The return of "the new" in New Music!

Den felles samfunnsmusikalske samtalen er død, men gjenoppstår nå i form av vårt KONSERTHUS, skriver Trond Reinholdtsen.