— Det er særs skuffande og overraskande at det ikkje kjem nokon signal om korleis staten har tenkt å medverke til etablering og drift av ein ny Riksscene for folkemusikk og folkedans, seier Maria Høgetveit Berg, som er leiar for utvalet som nå arbeider med etablering av Riksscena.
Riksscena skal ikkje innebere bygging av nok eit prangande kulturhus, men etablering av ”ein viktig og nødvendig institusjon for eit veksande profesjonelt miljø av utøvande kunstnarar innan folkemusikk og folkedans i heile landet, som også omfattar folkemusikk og dans med tilknyting til innvandrarmiljøa i Norge”.
Etableringa inkluderer også oppbygging av eit tidmessig og sjangertilpassa produksjonsmiljø som skal gje moglegheiter for kunstnarleg utvikling, styrking av arbeidsmarknaden for kunstnarar frå heile landet, kompetansebygging innan produksjon, scene og formidling for heile sektoren, samtidig som det vil gje fleire og betre opplevingar basert på tradisjonell folkemusikk og folkedans til publikum.
— Etter at Kulturdepartementet sjølv i Kulturmeldinga slo fast sitt spesielle ansvar for sjangeren, og etter at ein samrøystes Kulturkomité på Stortinget gav si støtte til ”initiativet for å få i gang en nasjonal scene for folkemusikk og folkedans” i Kulturmeldingsperioden er dette uforståeleg, seier Maria Høgetveit Berg.
Oslo kommune gjekk nyleg inn for ei ”etablering av et kulturkvartal i tidligere Schous bryggerier på Grünerløkka, med Opplevelsessenter for pop og rock, øvingslokaler for musikk i Vørterhuset, nasjonal Folkemusikkscene samt lokaler for Bårdar danseinstitutt og Oslo musikk- og kulturskole.”
— Alternativet som no er under planlegging i Kulturkvartalet Schous i Oslo må ha ei avklaring i haust om arbeidet skal koma vidare. Husleiga vil ikkje kome før i 2007 eller 2008! Når me ser at det er pengar til andre sjangrar i stort mon, er dette ein prioritering det er vanskeleg å forstå, seier Høgetveit Berg i sin kommentar til framlegget til kulturbudsjett for 2006 frå Valgjerd Svarstad Haugland.
Utvalet for Riksscena for folkemusikk og folkedans består av Maria Høgetveit Berg (leiar, kultursjef i Ål kommune, styremedlem i NFD), Asgaut Bakken (prosjektleiar for Den norske Folkemusikkscena), Stein Olav Henrichsen (kunstnarleg leiar Bit 20 og Opera Vest/ styreleiar i ULTIMA), Benjamin Kehlet (utøvar i Folkedansteatret i Oslo), Unni Løvlid (utøvar/ leiar i Laget for folkemusikk i Oslo og medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans) og Martin Revheim (gründer for BLÅ og festivalsjef for Kongsberg Jazzfestival).

Tekstforfatterpris til Ane Brun
– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter
Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne
Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon
Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...
Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk
INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.




















































