Kulturkomiteen om de forskjellige genrenes vilkår og vekstmuligheter
Ballade bringer her videre utdrag fra Stortingsinnstilling nr. 155, som ble lagt frem tirsdag. I denne bolken presenterer vi Stortinginnstillingens generelle fremlegging av feltene kirkemusikk, folkemusikk og folkedans, Verdensmusikk, Populærmusikk og Jazz. Om det sistnevnte feltet heter det: – Norsk jazz har stor breidd i uttrykksformer, god rekruttering og er internasjonalt orientert. Å skipa til ei nasjonal scene for jazz vil skapa ein viktig møtestad for publikum og utøvarar.
Fra Stortingsinnstilling nr. 155 (2003 – 2004): Innstilling fra Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kulturpolitkk frem mot 2014
1.3.7 Kyrkjemusikk
Den kyrkjemusikalske verksemda i norske kyrkjelydar representerer eit viktig potensial i norsk kulturliv. Rammevilkåra for norsk kyrkjemusikk er i dag lite tilfredsstillande. Difor vert berre delar av dette potensialet utnytta. Både kyrkja og kulturlivet må tilleggjast ansvar for å leggja til rette for at rikdommen av kyrkjemusikk, skapt gjennom den lange historia kyrkja har, og i vår eiga tid, skal verta ein viktig integrert faktor i det indre livet til kyrkjelydane og i norsk kulturliv. Det bør setjast i verk tiltak for å styrkja rekrutteringa til kyrkjemusikaryrket og for å fremja regional og lokal satsing på kyrkjemusikalsk aktivitet.
Det er i dag ingen særskilde avsetningar til kyrkjemusikkføremål. Kyrkjemusikkfestivalar kan søkja og få tildelt midlar over festivaltilskotsordninga i Norsk kulturråd.
Det er to overordna omsyn departementet vil tilrå å leggja vekt på når det gjeld å styrkja rammene for kyrkjemusikken med økonomiske verkemiddel. Det bør veljast strategiar som gjev flest mogeleg ressursar til aktivitet, og ein bør prøva å avgrensa bruken av ressursar til administrasjon. Det bør veljast strategiar som ikkje etablerer ein statisk struktur, men som gjev høve til fleksibilitet og variasjonsbreidd.
Departementet har kome til at ei særskild støtteordning for kyrkjemusikk gjennom Norsk kulturråd vil vera ei god løysing for å ivareta desse overordna omsyna. Det bør ikkje gjevast tilskot til einskildprosjekt, men til program over fleire år, til dømes tre til fem år.
1.3.8 Folkemusikk og folkedans
Noreg er åleine om å kunna verna, forvalta, og føra vidare den norske folkemusikken og folkedansen. Det er ei viktig oppgåve å syta for at denne kulturressursen er tevlefør i eit moderne, profesjonelt kulturliv. Folkemusikken har dei siste tiåra fått fleire utøvarar på høgt nivå, fleire arenaer og større publikum, og det skjer nytenking når det gjeld formidlings- og samversformer. Det er behov for meir samla innsats for å styrkja grunnlaget for produksjon og formidling. Interessa for og rekrutteringa innanfor folkedansen har derimot gått tilbake, og dette stiller folkedansmiljøa overfor særskilde utfordringar.
Det vil vera tenleg å styrkja prosjektmidlane til produksjon av framsyningar og til turné- og konsertverksemd, slik at eit godt utval topputøvarar får grunnlag for å satsa profesjonelt, og slik at det kan verta rom for nokre produksjonar med større grupper. Det bør òg vera rom til folkedansutøvarar og produksjonar med vekt på folkedans innanfor denne ordninga. Ei utøvarstyrt oppbygging av frie grupper og ensemble tykkjest vera mest tenleg.
Den norske folkedansen er i ein vanskeleg situasjon. Han er lite synleg og rekrutteringa er veik. Det trengst særlege tiltak for å styrkja folkedansen som allment kunstnarleg uttrykk, verneverdig lokalkultur og generasjonssamanbindande eigenaktivitet.
I åra framover vil det koma auka midlar til lokal friviljug verksemd, Frifond m.m. Saman med utviklinga av Den kulturelle skulesekken bør Frifond kunna medverka til å styrkja det lokale arbeidet med folkemusikk og folkedans.
I tilknyting til rapporten om folkemusikk og folkedans har Norsk kulturråd gjeve uttrykk for behov for ei klårare oppgåvedeling mellom organisasjonane eller ei omorganisering for å motverka oppbygging av parallelle strukturar. Det vart vidare peikt på at Rådet for folkemusikk og folkedans har ein uklår styrings- og oppgåvestruktur. Departementet vil gå gjennom funksjonar og organisatoriske sider ved Rådet for folkemusikk og folkedans.
Folkemusikk- og folkedansarkiva er eit nettverk av nasjonale, regionale og lokale arkiv som gjer rikdomen av innsamla materiale tilgjengeleg for både organisasjonane og medlemene deira på grasrota, for topputøvarane og andre kunstnarar og for dei ulike typane utdanning og forsking. Nasjonalbiblioteket bør trekkjast inn i arbeidet som kompetanseorgan for langsiktig bevaring av lyd og for drift av databasar.
1.3.9 Verdsmusikk
Å fremja formidling av verdsmusikk kan vera med på å skapa forståing og respekt for ikkje-vestlege kulturar. Den innsatsen som Rikskonsertane og ymse festivalar gjer for å spreia slike musikkuttrykk, må førast vidare.
Det er eit stort publikum for verdsmusikk i Noreg, og interessa er aukande. Som døme må nemnast Førde Internasjonale Folkemusikkfestival og Oslo World Music.
1.3.10 Populærmusikk
Populærmusikken bør fremjast som uttrykksform, og krav til kvalitet må stå like sentralt som overfor dei andre områda av musikklivet. Støtta til populærmusikk bør i større grad ytast innanfor ramma av dei generelle stønadsordningane. Det er framleis ikkje aktuelt med støtte til den kommersielle delen av populærmusikken.
Gjennom ulike ordningar er det teke sikte på å supplera og korrigera marknaden med omsyn til vilkåra for nyskaping, produksjon og formidling. For 2003 er det fordelt om lag 18 mill. kroner til populærmusikk over dei ulike tilskotsordningane, Norgesnettet, musikkverkstad-ordninga, turné-, transport- og festivalstøtte-ordninga, festivaltilskotsordninga og tilskotsordninga for landsomfattande musikkorganisasjonar. I tillegg kjem midlar frå Frifond-ordninga.
Over heile landet finst det mange ungdommar som brukar mykje av fritida i band og rockegrupper. Denne aktiviteten er omfatta av hovudmåla for tilskotsordninga for lokal, friviljug verksemd blant born og unge – Frifond. Dei økonomiske rammene for friviljug arbeid vert auka som følgje av at kulturlivet får større del av speleoverskotet. Dette vil såleis også kunna koma populærmusikken til gode.
1.3.11 Jazz
Norsk jazz har stor breidd i uttrykksformer, god rekruttering og er internasjonalt orientert. Å tryggja grunnlaget for jazzen i Noreg tilseier særleg ein innsats for å vidareutvikla spele- og møtestader for denne musikkforma.
Offentleg økonomisk innsats må innrettast slik at han tryggjer eit breitt og samansett jazzfelt, der improvisasjonsmusikken får høve til å nå ein større marknad og eit nytt og breiare publikum.
Innretninga av tilskota til jazzføremål vil verta vidareført, slik at Norsk jazzforum held fram med å vidarefordela tilskotsmidlar via medlemene sine, dvs. dei fleste norske jazzmusikarane, storbanda, jazzklubbane og ei rad jazzfestivalar, medan dei regionale jazzsentra administrerer midlar til scenedrift, produsentar og pedagogisk verksemd i kvar sine regionar.
Ein meir kontinuerleg presentasjon av både norsk og internasjonal jazz vil vera tenleg for ytterlegare å tryggja kvalitet, breidd og rekruttering. Å skipa til ei nasjonal scene for jazz vil skapa ein viktig møtestad for publikum og utøvarar. Ein samlende møteplass for jazzmiljøa og felles konsertscene bør i fyrste omgang ikkje skje som nyetablering, men bør utviklast med utgangspunkt i eksisterande miljø og eigna spelestader.
Innstillingen fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen kan du lese i sin helhet her. Ballade gjør oppmerksom på at dette dreier seg om en midlertidig, ikke-korrekturlest utgave av dokumentet, slik at enkelte endringer fremdeles kan forekomme. |
Ledige stillinger
Kommunikasjonsrådgiver og prosjektmedarbeider
FolkOrg Søknadsfrist:08/01/2025
Førsteamanuensis i akkompagnement
Norges musikkhøgskole (NMH) Søknadsfrist:05/01/2025
Produsent for NUSO
NUSO - Norsk Ungdomssymfoniorkester eies og driftes av De Unges Orkesterforbund (UNOF)Søknadsfrist:10/01/2025
Førsteamanuensis i musikkhistorie
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:05/01/2025
Førsteamanuensis i låtskriving og musikkproduksjon
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:05/01/2025