Hatlevik og platecover
Av Hallgrim Berg, kulturist
Musikkraljøren Svein Egil Hatlevik er på nytt i farten. Sist var det ei melding av Odd Nordstoga si plate, der sjølve musikken ikkje vart omtalt, då skribenten var meir oppteken av Nordstoga sin suspekte funksjon som sentralt ledd i ein rural konspirasjon.
Denne gongen er det ein kommentar til mine oppfatningar om kule og minimalistiske plateomslag. Eg ber om spalteplass for følgjande:
1) Eg har ikkje hatt noko «utspill» i NRK, men har svart ubyråkratisk på eit par spørsmål som P2 og P1 stilte meg i telefonen.
2) Eg er ikkje leiar for Innkjøpsutvalet for fonogram, berre eit vanleg medlem.
3) Eg uttalar aldri noko som helst på vegne av Kulturrådet, men gir uttrykk for personlege meiningar.
4) Eg har ikkje «trukket frem plateselskapet Rune Grammofon» i denne samanhengen – det var det NRK som gjorde. ( Likar sjølv omslaga til RG godt, og har difor mange av CD’ane i hylla her i heimen).
5) Hatlevik nyttar seg av ein gjennomført uærleg debattmåte: Han lagar seg høvelege sitat av meg, i direkte tale og med hermeteikn rundt, for deretter å argumentere mot det eg har «sagt.» Snedig, men falskt.
6) Folkemusikkutgivelser (pluralis) er ikkje alltid mønstergyldige, slik raljøren påstår at eg hevdar. Men «Rammeslag» med Sandèn-Warg og Brokke er døme på ein mønstergyldig produksjon, både med god informasjon, fin utteikning og utstyr, og med uvanleg godt spelt musikk inni. Kan gi nyting, lærdom og ettertanke både i utlandet og i innlandet.
7) Hatlevik konkluderar med at eg må vera ein byråkrat som ikkje elskar god musikk, eller at eg tenkjer meir på saksbehandling enn på kunst. Begge delar er feil.
8) Hatlevik meiner at eg vil ha straumlineforma CD’ar så folk av min type slepp å arbeide overtid. Eg opererar ikkje med normal arbeidstid, og slepp difor å jobbe overtid.
Hallgrim Berg, kulturist

Ballade video: Søvnløse netter
Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne
Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon
Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...
Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk
INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

– Vi trenger en ny økonomi. En økonomi for fremtiden.
KRONIKK: – Vi må ha et nytt økonomisk system. Vi må legge inn tall for det som gir menneskeverd og forståelse. Ut med tall som gagner de som gjør seg rike på umenneskelighet og jordens undergang. Det haster sånn.





















































