Frode Rolandsgard

– Giske gjev LOK-midlar til Riksscena

DEBATTINNLEGG: - Overraskinga er stor i folkemusikkmiljøet etter at det i går vart kjend at Giske vil kompensere for bortfallet av LOK-midlane ved å gje ein million ekstra til Riksscena. Korkje styremedlemmer i Riksscena eller folkemusikkorganisasjonane skjønar korleis Riksscena i Oslo kan kompensere noko i høve lokale miljø. Det meiner Frode Rolandsgard i dette innlegget på Folkemusikk.no.

BransjenFolkemusikkPolitikk & debatt

Av Frode Rolandsgard,

Landslaget for Spelemenn (LfS)

Etter at Giske fjerne LOK-midlane (lokale kulturmidlar frå Norsk kulturråd) i vår, har det vore skrivi utallige innlegg om korleis dette har ramma lokale konsertarrangørar innanfor mange sjangrar. Innanfor folkemusikkmiljøet var det også mange som søkte LOK-midlar, og desse har hatt eit tøft år.

No har Giske skjønt at dette har ramma musikklivet, og som budsjettlekkasje vart det i går kjend at han gjev pengar til ei rekke musikkmiljø rundt omkring i landet. Arnfinn Bjerkestrand i Musikernes fellesorganisasjon (MFO) har vore i dialog med Giske og gjeve han råd i denne saka, fortel bladet Musikk-kultur.

Forundra styremedlemmer

Giske vil no gje ein million til Riksscena for å kompensere for bortfallet av LOK-midlane, står det å lese på nettsidene til Musikk-kultur. Sidan Riksscena skal bli ein sceneinstitusjon som skal produsere og vise framsyningar er overraskinga stor i folkemusikkmiljøet. Sjølv styremedlemmer i Riksscena har uttrykt at dei er forundra over at ein million til Riksscena kan sjåast på som kompensasjon for LOK-ordninga.

Styreleiar Karl-Einar Ellingsen for Riksscena seier til folkemusikk.no at han ikkje har kjennskap til dette, og at dei ikkje har take noko initiativ i forhold til departementet om desse midlane.

Feil på kontoret?

Eit viktig poeng for Giske er at det ikkje skal byggast opp nye strukturar for å fordele pengar. Folkemusikkmiljøet har allereie to ordningar som fungerer i høve konsertarrangørar, nemleg Folkemusikkscena og Rådet for folkemusikk si ”tiltaksordning”. Båe desse har i fleire år søkt om meir midlar. I tillegg har Samstemt-samarbeidet foreslått at organisasjonene sjølve (i samarbeid mellom rock, jazz og folkemusikk) kan fordele pengar gjennom ei utvida turne- og arrangørstøtteordning som kan inkludere jazz og folkemusikk.

Spørsmålet er då om det har skjedd feil på kontoret til Giske. Bjerkestrand i MFO svarar på spørsmål om dette at dersom det har gått litt fort og skjedd åpenbare feil bør folkemusikkmiljøet ta det opp med departementet.

I Musikk-kultur står det nemleg at midlane skal til «Nasjonalscenen folkemusikk/dans». Eit betimeleg spørsmål er då om dei meiner «Riksscene for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans» (Riksscenen) eller om tanken var at det nasjonale nettverket av konsertarrangørar «Folkemusikkscena» skulle ha midlane? Det siste er i alle fall meir i tråd med LOK-ordninga.

Dei tre folkemusikkorganisasjonane NFD, LfS og Rff skal i felles møte med departementet 13. september, og det er ikkje vanskeleg å spå at denne saka kjem til å stå langt oppe på agendaen.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Fuglefjellet som mista stemmen

Fuglefjellet som mista stemmen

Et stilnet fuglefjell åpner festival.

Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio