Susan McClary og Stan Hawkins (Foto: Espen A. Eik)

Forfall av kjønnsrollemønster i folkemusikken?

Musikkforskar Mats Johansson beskriv folkemusikken som ein sjanger i sterk utvikling. Framover vil han sjå nærmare på kjønnsuttrykk og kjønnsroller innanfor den norske folkemusikken.

BransjenFolkemusikkPolitikk & debatt

Onsdag inviterte MIC Norsk musikkinformasjon og Institutt for musikkvitskap (IMV) til seminaret “Populærmusikk og kjønn i en transkulturell kontekst”. Seminaret markerte oppstartinga av forskingsprosjektet “Popular Music and Gender in a Transcultural Context”, leda av populærmusikkforskar Stan Hawkins ved IMV.

I løpet av seminaret vart prosjektet grundig presentert, og deltakarane la fram hypotesane dei skal arbeide med framover. I tillegg til prosjektdeltakarane, heldt også dei anerkjente musikk – og kjønnsforskarane Susan McClary og Jacqueline Warwick innlegg.

Les også: [link id=66221 title=»Kjøttbikiner og black metal«]

Ein sjanger i omvelting
Som prosjekttittelen tilseier, adresserer populærmusikkforskarane mellom anna spørsmål kring kjønn. Her vert særskilt den norske musikken plassert under lupa. Ein av prosjektdeltakarane, Mats Johansson, har tidlegare forska på rytmiske mønster i den norske folkemusikken. Folkemusikkperspektivet er noko han tek med seg vidare inn i dette prosjektet.

— Norsk folkemusikk har vore ein ganske isolert musikkform gjennom store delar av 1900-talet. Den har vorte forvalta av spesielt interesserte, entusiastar og organisasjonar, og har vore ei eiga verd på godt og vondt. I dag er sjangeren under sterk utvikling med aukande profesjonalisering og institusjonalisering, parallelt med at leiande musikarar nærmar seg populærkulturen i presentasjonen av seg sjølv og sin musikk.

Les også: [link id=66662 title=»Rapperen i dag: Tøff eller tøffel?«]

Uutforska felt
På generell basis finnast det lite forsking på folkemusikk og kjønn innanfor akademia. Johansson har latt seg inspirere av korleis tradisjonelle kjønnsrollemønster no står for fall innanfor den norske folkemusikken.

— Norsk folkemusikk har historisk sett vore ekstremt mannsdominert med den ansvarslause og “farlige”, men karismatiske og virtuose spelemannen som sjølve symbolet for sjangeren. Det finnast derimot liten plass for kvinna utover rolla som tilskodar i det romantisk framstilte biletet. I dag er bildet, i alle fall overflatisk sett, eit heilt anna. Kvinnelege folkemusikarar er nærmast leiande i sjangeren, ikkje minst med tanke på artistisk sjølvstende og ved å skape seg ein posisjon i det samtidige musikklandskapet. Dømer på dette er utøvarar som Annbjørg Lien, Susanne Lundereng, Tuva Syvertsen, Unni Løvlid og Sigrid Moldestad.

Kjønnsrollemønster
Ved å sjå på folkemusikken frå eit kjønnsperspektiv har mange spørsmål dukka opp. Johansson er mellom anna interessert i å finne ut korleis kjønnsroller vert produserte innanfor feltet, samt korleis det skiftande landskapet av kjønnsroller kan dominere oppfatningar av musikk og stil. Han er også interessert i å finne ut korleis endring i musikk og kunstnarisk åtferd bidreg i danninga av kjønnsbestemte identitetar.

— Det er viktig å påpeike at eg ikkje hevder at dagens kvinnelege folkemusikkartistar opplev at dei er i ein slags rettighetskamp eller at dei bevisst utfordrar etablerte førestillingar og konvensjonar. Poenget er at kvinnene sitt inntog på arenaen synleggjer og problematiserer den kjønna kodinga av både musikken og dei rituala som omgjev den, legg Johansson til.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio