Mange musikarar frå andre delar av verden enn Europa og USA blir sett i ein politisk bås utan å ville det, står det i Oslo World Music Festival sitt programhefte. Kvifor kan ikkje musikarar frå krigsherja land få lov til å vere musikarar utan at det må forklarast med dramatiske historier?
Dette var temaet for seminaret «Packaging the Music» tidleg i festivalveka. Seminaret var eit av fleire under festivalen som reiser spørsmål om musikk og representasjon. Det er ikkje utan grunn at akkurat denne festivalen ser behovet for å diskutere slike problemstillingar.
– Alltid fokus på politisk kontekst
Khyam Allami var den mest engasjerte debattanten under «Packaging the Music»-seminaret. Han er musikar med base i England, med bakgrunn frå irakisk familie i Syria. Allami besøkte Oslo saman med sitt band, Alif Ensemble. Bandet er ein del av festivalturneen til Beirut & Beyond International Music Festival, som er arrangert i samarbeid med Oslo World-festivalen.
Allami meiner at musikarar med hans bakgrunn alltid blir sett i ein politisk kontekst.
– Som ein rockfan lyttar eg til musikk frå heile verden, og eg er ikkje oppteken av kvar musikken er frå. Eg kan lett nyte musikk på språk eg ikkje forstår. Men når musikken eg spelar blir presentert er det alltid fokus på politisk kontekst. Kvifor kan ein ikkje berre fokusere på musikken, spurte han under seminaret.
– Musikken må seljast inn
Allami sat i panelet saman med tre festivalsjefar: Amani Semaan frå Beirut & Beyond, Lars Petter Hagen frå Ultima og Alexandra Archetti Stølen frå Oslo World. Som festivalsjef er det kanskje naturleg å sjå saka frå ei litt anna side.
– Mesteparten av artistane vi presenterer er ukjente sjølv for vårt særskild interesserte publikum. Vi jobbar masse med media for å skape merksemd rundt festivalen, og då må vi bruke kjendisar og innpakking for å klare å selje oss inn der, forklarte Alexandra Stølen.
Også Amani Semaan frå Beirut var klar på at det er eit reelt behov for slik innpakking.
– Eg forstår behovet for å skape ei historie eller ei pakke rundt musikken. Sjølv prøvar eg å fokusere på musikken, men av og til må vi fokusere på politisk konflikt for å selje oss inn til internasjonale aktørar. Då kan problemet vere at folk einast tenkjer på historia og gløymer musikken, sa ho.
Eit vestleg problem
Men blir ikkje all musikk pakka inn i slike historier, enten det er Justin Bieber eller Khyam Allami? I samtale med Ballade etter seminaret var Semaan tydeleg på at dette var ganske einsidig.
– Eg treng ikkje å pakke inn norske musikarar i Libanon på same måte som eg må for å presentere arabisk musikk for den internasjonale scena. Det faktum at dei er norske er interessant nok for publikumet i Libanon. Utover det prøver vi å skape smarte program, med kjente lokale aktørar som trekker til seg publikum, slik at dei igjen kan bli kjent med ny musikk, sa ho.
– Men er det slik at publikum i vesten har eit behov for desse krigshistoriene? – Ja! Dette handlar ikkje berre om musikk eller musikkbransjen, men er ein del av den generelle effekten media skapar. Folk elskar sørgelege historier og å synest synd på andre. Ein dramafilm frå Libanon ville også selt betre enn ei komedie, forklarte festivalsjefen.
«World Music»-problemet
Effekten Semaan snakkar om er neppe ukjent for arrangørane av Oslo World-festivalen. «World Music» er i seg sjølv eit kontroversielt omgrep, og har vore det lenge, nettopp på grunn av korleis det fremjer eit syn på musikk frå andre verdshjørne enn vesten som noko framand, eksotisk og mystisk (les meir om det her). Ein diskusjon som aldri ser ut til å ta slutt.
Før nokon rekker å stille spørsmålet til Alexandra Stølen annonserte ho sjølv under seminaret at dei stadig jobbar for å finne eit anna namn for festivalen. Etterpå forklarte ho vidare for Ballade.
– Alle dei fordommane mot «World Music» spelar litt mot oss. Det er krevjande å måtte forsvare seg mot det kvart år, å vere i ein slik forsvarsposisjon. Når vi presenterer musikk frå heile verden, blir det musikk innanfor mange sjangrar. Vi har aldri omhandla «World Music» som ein sjanger, og vil ikkje bruke det som ein sjanger. Men vi er likevel fanga i det namnet, slik at debatten kjem opp.
– Bryt ned fordommar
Samtidig er ikkje det berre negativt, meiner ho.
– Vi får høve til å snakke om dette og bryte ned fordommar, og vise fram musikken bak den litt belasta merkelappen.
Likevel jobbar dei altså kontinuerlig med namnet sitt.
– Det har vi gjort kvart år i fem år. Men det er klart at det å finne og å marknadsføre eit nytt namn og ny logo er ikkje gjort over natta.
– Musikken eksisterer ikkje i eit vakuum
Ultimasjef Lars Petter Hagen meiner det er ein viktig del av festivalane sitt arbeid å skape eit rammeverk rundt musikken.
– Innanfor klassisk musikk har det vore fokus på musikken som autonom. Det er ein illusjon. Musikken eksisterer ikkje i eit vakuum. Det er alltid ein kontekst, og det vil alltid vere ulike meiningar om kva musikken handlar om. Men det er ikkje nødvendigvis artistane som er dei beste til å setje seg sjølv i ein større samanheng, sa han under seminaret.
Hagen meiner også at eit klårt rammeverk er viktig særleg i dagens globale musikklandskap.
– Vi har ikkje lenger ei lineær musikkhistorie å forholde oss til, men mange parallelle univers. Slik vert mottakinga frå både publikum og presse uforutsigbar, og vi som festival må lage eit subjektivt rammeverk.

– Eg vil bli booka fordi eg spelar god musikk, seier Khyam Allami (Foto: Lars Opstad/Oslo World Music Festival)
– Ikkje ei byrde
Medan Hagen, Stølen og Semaan ser slik innpakking som noko naudsynt, er det ikkje alle som meiner det er så dumt heller. Under seminaret «Soundtrack of a nation» seinare samme dag, uttalte den fransk-libanesiske journalisten Mayssa Issa seg om problemstillinga.
– Å bli sett inn i ein politisk kontekst som artist er ikkje ei byrde. Artistar og kunstnarar er ofte dei første som reagerer på urett. Problemet er at i det media og publikum heng seg på diskusjonen har som regel kunstnarane gått vidare, og brukar ikkje tid på å analysere sitt eige arbeid i etterkant, forklarte ho.
– Musikken må kome først
Den forsinka diskusjonen Issa snakkar om kan kanskje forklare frustrasjonen hjå artistar som Khyam Allami. Vi spolar tilbake til hans innlegg under «Packaging the music»-seminaret. Der fremja han kor viktig det er med rekkefølga i presentasjonen
– Presentasjonen av artistane må skje lagvis, og då må musikken først ligge til grunn. Deretter kan ein snakke om kvar ein kjem frå og kva musikken handlar om. Eg vil bli booka fordi eg lagar god musikk, ikkje få spesialbehandling fordi eg har irakisk bakgrunn og spelar oud, slo han fast.
Oslo World Music Festival gjekk føre seg 28. oktober til 2. november. Seminara «Packaging the music» og «Soundtrack of a Nation» fann stad 29. oktober på Kulturhuset og Nobels Fredssenter.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.















































