© Espen A. Eik

Ein tredel eller 65%?

I følgje tala for 2012 fylte Riksscenen berre eitt av tre seter ved konsertane sine, men Helge Skansen meiner besøkstalet i fjor var 65% av det optimale.

BransjenFolkemusikk

Førre veke stilte redaktør av bladet Folkemusikk, Knut Aastad Bråten, spørsmål ved organiseringa av Folkemusikk-Noreg si storstove, Riksscenen.

Utgangspunktet var eit innslag på Kulturnytt 18. mars, der dei tematiserte lågt besøktal i 2012. Det året var det totalt 6500 besøkande, noko som i følgje NRK utgjer 1 av 3 seter pr konsert. Prosentutrekninga kan diskuterast, meiner Helge Skansen, som er dagleg leiar for Riksscenen.

— Då NRK sette i gong denne saka, gjorde dei dårleg handverk. Riksscenen er dimensjonert for intimitet. Hovudscena vår tek 278 besøkande, medan klubbscena tek rundt 100 personar. Når Kulturnytt sa me hadde rundt 30% dekning er det ikkje teke omsyn til at ein del av produksjonane våre ikkje kan ha full sal, til dømes ved dansedykk. Eg meiner ein må rekna belegget ut frå det optimale besøk. Me har som mål å ha eit snitt på 100 besøkande ved kvart arrangement. Skal me arrangera 101 konsertar, som i fjor, vil målet vera kring 10 000 besøkande. 6500 er då 65% av ei optimal tilstrøyming.

Les også: – [link id=68281 title=»Ikke dårlig håndverk«]

— Du meiner altså at omgrepet belegg er relativt?

— Det interessante for meg er spørsmålet om kva som er nok publikum. Dersom me når eit snitt på 100 besøkande pr konsert, nærmar det seg tala Nasjonal Jazzscene har etter 10 år i drift. Eg trur 10 000 besøkande kvart år representerer noko av det maksimale me kan håpa på. At me når 65% av dette er ikkje dårleg etter to år i drift. Me er forbi oppstartsperioden der fleire konsertar berre nådde 10-20 menneske. I fjor auka besøkstalet vårt med 26%, i tråd med kva styret hadde sett som mål.

— Knut Aastad Bråten spør om ambisjonsnivået og den økonomiske stønaden til Riksscenen harmonerer med etterspurnaden «der ute». I likskap med deg meiner han at folkemusikken er smal, og vil hegna om det. I forlenginga av det spør han om det vert arrangert for mange konsertar, og om færre arrangement kunne gitt fleire besøkande pr konsert?

— Me er heile tida merksame på talet konsertar. Igjen er spørsmålet kva som er nok folk for den intime forma me jobbar med. I tillegg handlar dette om at folkemusikk er mykje ulikt, og me vil tilby noko for mange ulike målgrupper. Når me lagar gamaldanskonsert følgjer me med på kor mange som kjem, og når det utgjer ei stor gruppe, aukar me talet av denne typen konsertar. Framover skal me arbeida meir med verdsmusikk, til hausten startar me ein serie med latinamerikansk musikk. Me byrjar med fire konsertar i sesongen. Blir det ein suksess vil me auka.

— Aastad Braaten etterlyser også dei gode møteplassane på Riksscenen, til dømes høvet for å kjøpa seg ein matbit?

Siste nytt rett i innboksen: Ballades nyhetsmail

— Me har det same ynsket. Sidan starten har me drive bar og me serverer kaffi ved arrangement på dagtid. Maten er eit anna kapittel. I huset der Popsenteret og Riksscenen er samlokalisert har det heile tida vore meininga å ha ein restaurant i første etasje. Dette har vore Oslo kommune sitt ansvar, og det har teke tid for dei å finna ein drivar av restauranten. Signalet frå kommunen er at det kanskje kjem ei løysing før sommaren.

— Så var det spørsmålet om Riksscenen ikkje fyrst og fremst appellerer til den lyttande konserttilskodaren, og om dette eventuelt er problematisk?

— Eg er ikkje samd i påstanden. Av dei 108 arrangementa me gjennomfører i 2013, legg 35 av desse opp til aktiv deltaking, anten det er bransjefestar, dansefestar eller arrangement for dei minste. Det er eit mangfaldig program frå reine lytteopplevingar til arrangement der ein kan bli god og sveitt.

— Til sist spørsmålet om nasjonale scener for ulike sjangrar er rette vegen å gå i ei tid der sjangrane brytast mot kvarandre. Treng ein ei scene for folkemusikken isolert?

— Det finst ei bryting mellom sjangrane. Endringane skjer fortare enn for nokre år sidan, og dette gjev eit spanande landskap. Men i uoverskodeleg framtid vil det finnast sjangrar i musikken, og det er ønskeleg at ein av og til reindyrkar desse. Eg trur det er nødvendig med spelestader som er spesialiserte, og tydeleg kan signalisera til publikum kva dei får. Dersom alle konsertstader skal ha opera den eine dagen og danseband den andre, vil noko av mangfaldet vil forsvinna, og ein får heller ikkje sikra at alle sjangrar er ivaretatt. Oppgåva til dei nasjonale scenene må heller vera at dei femner breitt, og tek opp i seg mangfaldet kring sitt eige felt.

Til debatten som no er gåande, må det òg seiast at Riksscenen er eit heilt nytt prosjekt, trur Skansen.

— Det at ein har bygd eit lite kulturhus for spesialisering på nettopp dette feltet er så vidt eg veit unikt i europeisk samanheng. Då meiner eg ein må vera litt tålmodig, og sjå scena i eit tiårsperspektiv. Sjølv trur eg at folkemusikken og dansens posisjon i hovudstaden vil vera sterkare ti år frå no, og eg trur at aktiviteten på Riksscenen i større grad vil prega utviklinga innan den profesjonelle delen av feltet. Det er det vi vil — og eg trur ikkje det er å villa for mykje.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

Ballades klassisk-anmelder Ola Nordal opplevde nylig operaene «Heroin Chic» og «Nokon kjem til å komme» på Parkteatret i Oslo. I denne dobbeltanmeldelsen prøver han å fange noe av det som skjer i norsk operaproduksjon.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio