Blåmann Blåmann på scenen (Foto: Anne Vesaas)

Blåmann Blåmann feirar 20 med comeback

Silje starta mastergrad, Lars fekk seg stresskoffertjobb, Asgaut fekk seg kulturjobb og Odd blei popstjerne. Men no er Blåmann Blåmann tilbake.

Kalender

Glogerfestspillene: Klassisk fra dA til nÅ

28/01/2022 Kl. 18:00

Viken

Glogerfestspillene: Festkonsert

28/01/2022 Kl. 20:00

Viken

Glogerfestspillene: Med egne ord

28/01/2022 Kl. 09:30

Viken

Glogerfestspillene: Vox Humana

29/01/2022 Kl. 17:00

Viken

Blåmann Blåmann feirar 20-års jubileum med reutgivelse og konsert. Det skriv musikkselskapa Grappa og Heilo ei pressemelding.

I 1997 møttest fire ungdommar for øving i ei gamlestoge i Vinje. Lars Underdal (25), Odd Nordstoga (24), Asgaut Bakken (23) og Silje Hegg (21). Det var starten på folkemusikkorkesteret Blåmann Blåmann og fem år med moro, fest, surmuling, musikk, latter, allsang og kaos. No er det 20 år sidan det legendariske albumet deira kom ut, og det skal feirast med remastra vinyl med heile 5 bonusspor og reunionkonsert på Rockefeller 15. oktober, skriv dei i pressemeldinga.

Skulle reklamere for Noreg: Det heile starta med at Ellen – mor til Odd – dreiv ei lita reiselivsbedrift og hadde funne ut at denne gjengen skulle sendast til Tyskland for å reklamere for Noreg som reisemål. Då gjengen kom heimatt var det fleire som ville høyre kva dei hadde øvd seg på i Tyskland. Fyrst sporadisk, men etter kvart balla det på seg med både skulekonsertar og festivalar, TV, radio og fleire utanlandsturar. Etterkvart kom det på tale å spele inn plate, der fyrstesporet «Tippe tippe tuve» gjekk til topps på Norsktoppen og så smått kom dei også litt ut av folkemusikkens emneområde og blei ei av dei fyrste gruppene av dette slaget som spelte på festivalen Bylarm.

Blåmann Blåmann klarte å gjere tradisjonsmusikken tilgjengeleg for endå fleire lyttarar gjennom sine leikne og energiske sceneopptredenar, kreative arrangementer og suverene samspel. Den lokale, solistiske folkemusikken fekk akkordar og blei skrudd saman og tilpassa eit meir moderne bandformat. Idé og gjennomføring blei godt motteke, og publikum strøymde til lokala langs vegen dei fór. Men etter fem år med konsertar for stapp- og halvfulle hus i inn- og utland blei det brått slutt. Då byrja Silje på mastergrad, Lars fekk seg stresskoffertjobb, Asgaut fekk seg kulturjobb og Odd blei popstjerne.

Blåmann Blåmann er Lars Underdal: hardingfele, fele, vokal – Odd Nordstoga: vokal, gitar, trekkspill – Asgaut Bakken: gitar, vokal – Silje Hegg: fløyter, vokal / medvirkende: Marius Reksjø: kontrabass – Tor Bjarne Bjelland: perkusjon.

Stillinger

Produsent

Foreningen Oslo Sinfonietta og Cikada

Produsent / Arrangementssjef

Grieg in Bergen Int Festival

Musikkfaglig medarbeider

Musikk I Skolen

Festivalsjef/ kunstnerisk leder

Riddu Riddu Festivála

Universitetslektor i gehørtrening

Norges musikkhøgskole (NMH)

Country Manager

Musikkundervisning Norge AS

PR & Markedsansvarlig

Rockefeller, John Dee og Sentrum Scene

Solo OBO Bodø

Arktisk Filharmoni

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this