Hallvard Kaasa blei gjenvald som leiar for laget. I tillegg består styret etter årsmøtet av Maria Høgetveit Berg, Synnøve S. Bjørset (ny), Helene Høye og Harald B. Knutsen. Varafolk; Tore Bolstad, Tarjei Haugen og Andreas Skeie Ljones (ny).
I forkant av årsmøtet inviterte NFD til ope møte med temaet «Norsk tradisjonsmusikk og -dans i det seinmoderne Noreg – tid for kulturpolitisk anerkjenning». Møtet gav nyttige og inspirerande innspel til debatten om oppfølging av Georg Arnestad sin utgreiing om folkemusikk og dans i Noreg.
Professor Per Mangset ved Høgskulen i Telemark gav i si innleiing eit oversyn over særprega ved den norske og nordiske kultur- og kunstpolitikken. Han meinte at folkemusikken og dansen som unike norske uttrykk ikkje treng ty til vikarierande argument om samfunnsnytte for å nå fram overfor politiske styresmakter.
Professor Odd Are Berkaak ved Universitetet i Oslo sa i si innleiing mellom anna at den norske
folkemusikken mest har ein heilag status, sjølv om mange slett ikkje likar musikken. Han peikte på at å «flytta» dansen og musikken frå eitt miljø til eitt anna, og gjere den tilgjengeleg i nye samanhengar, gjer noko med uttrykket og forståinga av kva dette er. Han appellerte sterkt til å være
medviten om dette i arbeidet for styrkinga av sjangeren si anerkjenning, når ein ynskjer å nå ut til breiare publikum og skape fleire arbeidsoppgåver for utøvarane.
Anne Hytta, som for tida studerer hardingfele ved Ole Bull Akademiet, sa at for henne som utøvar er det viktig både å tenkje vern og vidareutvikling av tradisjonen, samstundes som ho finn sitt eige uttrykk og sin eigen stemme som utøvar. Ho meinte at det for framtida må satsast på arkiv, og at desse også må ha ressurser til å gjere opptak og registreringar frå samtida. Ho kom også med forslag om oppretting av regionale kompetansesentra for folkemusikk og dans, som i tillegg til arkivtenester bør ha som oppgåve å drive opplæring, utvikle produksjonsmiljø for konsertar og forestillingar og vere sosiale møtepunkt for utøvarar og interesserte.
Møtene vart arrangert på Bø Hotell, Bø i Telemark, laurdag 16. mars.

Seks halvsannheter om Spotify
Det er mange som har meninger om musikkstrømmetjenester, og særlig om Spotify. Det skulle bare mangle. Det siste året har gründer Daniel Ek solgt aksjer og hentet ut noen milliarder, og i sosiale medier og diverse debattfora dominerer som vanlig kritikk og frustrasjon. Noe er bygd på kunnskap og analyse fra statistikk og data, annet på anekdotiske bevis og ad hoc-data fra egne erfaringer og nettverk, skriver musikkviter Audun Molde.

Ballade jazz: Bang Bang
Kan vi oppleve tid gjennom rytme? Kritikar Torkjell Hovland reflekterar rundt nye album frå Karl Bjorå, Telehiv, Building Instrument og Hulbækmo/Kalman i Ballade jazz.

Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole
Kvalbein blir rektor i fire nye år, med musiker og professor Morten Qvenild som prorektor.

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud
Åpent for alle musikere å søke, til øving, låtskriving og fordypning i norsk folkemusikk.

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!
Et så viktig universitet som NTNU må ha et rikholdig bibliotek for musikkprofesjonsutdanningen, og med kvalifiserte ansatte. Norsk musikkbibliotekforening støtter innspill om musikkbiblioteket ved NTNU, skriver Tone Nøtvik Jakobsen.

Ballade video: I stua, i limbo
Med Marie Sahba, Adam Douglas, Iris Caltwait, Intertwine, Barren Womb og ARV. Samt en fem låters mini-konsert med Sweetheart.