Hopp til innhald

Årbok for norsk folkemusikk 2002

Årbok for norsk folkemusikk kjem i år ut for 11. gong. Ein spelemann og ein spelemannstradisjon av eit heilt spesielt slag, Salve Austenå og Tovdalsspelet, er noko av innhaldet i årets utgåve. Seinare i sommar kjem Austenå og med eigen CD.

Ein spelemann og ein spelemannstradisjon av eit heilt spesielt slag blir presentert i årets utgåve av Årbok for norsk folkemusikk. Den tyske musikaren og musikkforskaren Hans-Hinrich Thedens tok i fjor doktorgraden på Salve Austenå, nå busett i Åmli i Aust-Agder, og Tovdalsspelet. I årbok-artikkelen blir dette stoffet presentert i noko popularisert form og supplert med eldre og nyare foto og litteraturtilvisingar. Seinare i sommar vil Salve Austenå (f. 1927) og speltradisjonen han representerer, bli å høyre på ein eigen CD.

Årbok for norsk folkemusikk kjem i år ut for 11. gong. Det er Norsk Folkemusikk- og Danselag som gir ut boka, og Tore Skaug i Kviteseid er redaktør. Han har sjølv signert eit større intervju med Agnes Buen Garnås som meir enn nokon har ført den vokale folkemusikktradisjonen inn i vår tid og som tidlegare i år blei heidra med Kongens gull for innsatsen sin.

Vidare er det artiklar om Aslak Brekke, den kjende kvedaren frå Vinje som blei heidra med seminar og konsertar i samband med 100-årsjubileet i fjor. Folkemusikkårboka for 2001 handla eine og åleine om ein annan 100-årsjubilant, komponisten, folkemusikkforskaren og spelemannen Eivind Groven. Også i årets utgåve er det stoff om Groven. Dagne Groven Myhren skriv meir om radiomannen, mens pianisten og komponisten Wolfgang Plagge skildrar klangkunstnaren Groven.

Elles i årboka: Artiklar om felemusikken i Gudbrandsdalen, om slåttenamn i Numedal og ein oppslagsdel med informasjon om ny litteratur og nye folkemusikkinnspelingar. Ein underfundig reisereportasje er også å finne i årets årbok, svenske Svante Höge fortel om ei pilegrimsreise frå Midt-Sverige til Besso på Hardangervidda, der spelemannen Knut Hamre kvar sommar tek imot folkemusikkvener frå inn- og altså utland.

Kontaktperson for årboka er Tore Skaug, tlf 35 05 32 01 / toskaug@online.no

Ledige stillinger

Relaterte saker

Eivind Groven portrett

Årbok om Eivind Groven

«Årbok for norsk folkemusikk 2001» er i sin helhet viet spelemannen, komponisten, tonalitetsforskaren og radiopioneren Eivind Groven (1901 – 1977)....

Ola K. Berge (Foto: Solveig Ertresvaag Espeland)

Offensiv start på det nye året for NFD

Norsk Folkemusikk- og Danselag har tilsett Ola K. Berge i den nyoppretta stillinga som prosjektmedarbeidar i Norsk Folkemusikkformidling (NFF). Arbeidet...

Halvard Kaasa

Årsmøte i Norsk Folkemusikk- og Danselag

Oppfølging av Norsk kulturråd og Georg Arnestads sin utgreiing «Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg», og arbeid for...

Halvard Kaasa

Samarbeid mellom Musikernes Fellesorganisasjon og Norsk Folkemusikk- og Danselag

Det skrives i dag ny samarbeidsavtale mellom Musikernes Fellesorganisasjon og Norsk Folkemusikk- og Danselag. Avtalen undertegnes i formiddag, og har...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Landstad-feiring frå Kviteseid til Stiklestad

Diktarpresten og folkevisesamlaren Magnus Brostrup Landstad blir feira over store delar av landet 200 år etter sin fødsel. Slekta hans...

Eurofolk samling (Foto: Jan Lothe Eriksen, NFD)

Eurofolk 2003 – invitasjon til europeisk ungdomssamling i Spania

I juni samles mer enn 70 ungdommer fra 15 land i Europa for å spille folkemusikk – for hverandre og...

Flere saker

Semifinalistene i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse

Astrid Nordstad fra Trondheim semifinalist

Trondheim-sopranen en av 12 sangere som går videre til semifinalen i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse søndag 18. august.

Logo Sami Music Week

Møteplass Alta under Sami Music Week

Sami Music Week feirer Samefolkets dag en uke til ende.

Trude Gomnæs Ugelstad

Søknadsfristen for Statens kunstnerstipend flyttes

Statens kunstnerstipend flytter fristen til 1. september, slik at kunstnere får raskere svar og bedre forutsigbarhet, skriver utvalgsleder Trude Gomnæs...