Agnes Buen Garnås (1946-2024) til minne
Så kom kvelden – og sola gjekk ned.
Minneord over kveder, folkemusiker og sangpedagog Agnes Buen Garnås, som gikk bort 12. november, 78 år gammel. Buen Garnås samarbeidet med mange musikere, blant dem Jan Garbarek og Mari Boine, og bidro til at folkemusikken nådde et bredere publikum, meldte NRK da det ble kjent at hun hadde gått bort. Folkemusikeren mottok flere prestisjetunge priser, som Kongens Fortjenestmedalje i gull og Norsk kulturråds ærespris. Disse minneordene ble først publisert på forfatterens Facebook-side samt i Nationen 13. november.
Av Halvor Håkanes, kvedar, ven og medspelar av Agnes
Me er mange som takkar for songen hennar, og det rause sinnelaget – musikalsk og menneskeleg.
Det intense i stemma som rørde oss og fekk oss til å lye, for ein måtte lye, når ho song.
Lange balladar, og kortare brot av balladar, småstubbar, bånesongar, bånsullar, slåttestev, skillingsviser, salmar og bygdeviser – alt dette behandla ho og framførde med, og i, respekt og kjærleik for kjeldene ho hadde fengje det frå.
Når ein har kjend og periodevis hatt mykje samkvem, og også samarbeid, med Agnes i 50 år, renn tårene over at ho no er borte.
Fordi ein fekk så mykje av henne gjennom mange år bøyger eg hovudet audmjukt i takk og respekt!
Eg har mange gode minne, glade minne, og ikkje minst musikalske minne, som eg og svært mange tek med oss vidare.
Ho kunne også vera krevjande – det høyrer også med til eit kunstnar-temperament. Men det som står att i minnet hjå meg – er som nemd, det rause sinnelaget.
Mi og vår medkjensle med den nære familien, som har mista ektefelle, mor og gomo.
Signe minnet om Agnes!
Ledige stillinger
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025
Ultima søker kreativ markedsfører og digital innholdsprodusent
Ultima Oslo Contemporary Music FestivalSøknadsfrist:25/01/2025
Professor/ førsteamanuensis i musikkterapi
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:09/02/2025