I 1924 laga Hans Karl Breslauer stumfilmen Die Stadt ohne Juden, basert på romanen med same tittel av Hugo Bettauer. Den østerrikske, ekspresjonistiske filmen viser eit Wien som gjennomgår etnisk reinsing av den jødiske befolkninga då ein antisemittisk kanslar kjem til makta. Familiar vert deportert med tog og barn av ‘blanda ekteskap’ vert fråskilt sine jødiske foreldre. Då 2. verdskrig brøyt ut tiåret etter vart verkelegheita mykje verre enn fiksjon. (Foto: Thor Brødreskift)

Profetisk stumfilm om antisemittisme i konsertformat

Filmen «Die Stadt ohne Juden» frå 1924 blei nyleg vist som stumfilmkonsert i Bergen. Då andre verdskrig brøyt ut tiåret etter vart verkelegheita mykje verre enn fiksjonen.

Kalender

Stumfilmen blei vist i eit samarbeid mellom BIT20, filmfestivalen BIFF og Det Jødiske Samfunnet i Bergen sundag 21. november. Filmen blei laga Hans Karl Breslauer stumfilmen Die Stadt ohne Juden, basert på romanen med same tittel av Hugo Bettauer, som sjøl blei skutt og drept av ein nazist. Den østerrikske, ekspresjonistiske filmen viser eit Wien som gjennomgår etnisk reinsing av den jødiske befolkninga då ein antisemittisk kanslar kjem til makta.

 

Det er med litt tunge steg eg bevegar meg mot Grieghallen sundag kveld. I samarbeid med BIT20 og filmfestivalen BIFF har Det Jødiske Samfunnet i Bergen satt opp Die Stadt ohne Juden som stumfilmkonsert. Vissheita om at det skal vera fakkeltog i Bergen for å minnast at det er 79 år sidan Noreg deporterte norske jødar med krigsskipet Donau til konsentrasjonsleirar i Polen og Tyskland gjer ikkje stega lettare. Dette er ikkje ein sundagskveld på kinoen.

Stillbilde frå filmen Die Stadt ohne Juden. (Foto: Still frå filmen)

I ei avis les eg at arrangørane ynskjer å auka vissheita om antisemittisme, i ei anna avis les eg om nye samanstøyt ved gamlebyen i Jerusalem. Etterspela av 2. verdskrig er framleis veldig synlege i Midtausten og kveldens tematikk om minoritetar som vert utsett for rasisme er overførbart til mange grupper; okkuperte palestinarar, etterkommarar av utdrive jødar, muslimar og jødar i dagens Noreg for å nemna nokon.

– Antisemittisme er som ein kanarifugl i ei gruva. Når jødar vert utsett for hat, er det eit symptom på noko endå verre i samfunnet vårt, meiner medarrangør Dániel Péter Biró.

Nytt lydspor etter 93 år
Die Stadt ohne Juden står i dag som ein av dei viktigaste filmane i Østerrike si filmhistorie. 93 år etter utgjevnaden fekk den nytt lydspor av samtidskomponist Olga Neuwirth som sat seg ned i 2017 og skreiv eit verk spesielt til denne filmen. Ho er sjølv jødisk og frå Østerrike og det er hennar komposisjon som ligg på notestativa til BIT20 Ensemble i kveld.

Forfattar og historikar Per Kristian Sebak startar arrangementet med å guida oss gjennom gatene i Bergen år 1910. Han kan fortella at berre mellom Torgallmenningen og Holbergsallmenningen var det 14 jødiske forretningar og byen hadde eit livleg, jødisk miljø som gradvis skulle forvitra. Etter kvart som gutane nærma seg bar mitzva-alderen var det fleire som lengta etter større jødiske miljø, og aller helst ein synagoge. Fleire drog til Oslo og Trondheim. Dette skulle diverre ikkje vera siste stopp.

Per Kristian Sebak er forfattar av boka «…vi blir neppe nogensinne mange her» – jøder i Bergen 1851-1945 (2008) og heldt eit kort føredrag før stumfilmkonserten. (Foto: Thor Brødreskift)

Sebak sin speedhistorie om det jødiske Bergen vert etterfølgt av ein samtale mellom kunstnar Karen Werner og professor ved Griegakademiet og nestleiar av Det Jødiske Samfunnet i Bergen, Dániel Péter Biró.

Mazel tov
Stemninga i Grieghallen er verdig og respektfull. Og trykka. Då nokon knuser eit vinglas mot golvet og Werner set ord til hendinga med eit Mazel Tov får salen ei forløysing. Skuldrene slepp taket og latteren slepp laus. Me kjenner alle til omgrepet frå populærkulturelle seriar og filmar som Friends, Seinfeld, Southpark og så bortover, og eit lite Mazel Tov kan fort vekka lysta til å tråkka på eit vinglas, plassera ein stol med ei brud i på akslene og synga Hava Nagila medan ein dans i ring.

– Me kjenner mange jødiske folk i Bergen, men mange er motvillige til å kome ut. Det jødiske samfunn i Bergen vart øydelagt under anna verdskrig, fortell Biró. (Foto: Thor Brødreskift)

Werner er tredje generasjons jøde i Wien og fortel om ein by der 150 000 jødiske innbyggarar budde før krigen, både sekulære og religiøse om kvarandre i tett samspel. No er det berre 12 000 att.

Weiner og Biró forlèt scena og vert byta ut av musikarane i BIT20 Ensemble. Stemninga vert trykka att. Over lerretet bak musikarane står det med stor skrift Die Stadt ohne Juden. Heilt lydlaust startar filmen. Nesten som eit minutts stillheit.

Krona går ned, uroa opp
Eit elektronisk lydbilete brer seg utover salen. Gjennom heile filmen er dette sørgmodige, tunge, trugande, mørke lydbilete konstant og det elektroniske bakteppe siver ut i heile rommet. Ensemblet vekslar mellom å legga seg over dette, og å sitta i stillheit. Lydane deira er konsentrert scena, og denne overlappinga gjer rommet fleire dimensjonar.

Stumfilmen si karakteristiske signatur, med rykkete rørsler og ujamne hastigheit, visar eit torg fylt med protesterande innbyggarar i frakk og hatt, med skilt der det står «Wir wollen Arbeit». Dei hastar av garde. Dei hyttar med nevane. Dei hyttar nevane mot kvarandre. Situasjonen er uroleg og desperasjon rår. Wien si befolkning er dårleg stilt økonomisk, og spesielt dei jødiske innbyggarane kjenner ei stigande uro med vissheita om at dei kan verte gjort til syndebukkar. Krona går ned og opptente midlar mistar si verdi. Kameraet beveg seg over marknaden og fangar konfrontasjonar som bryt ut.

Den nye, hissige kanslaren – teatralsk sminka som Dracula, ruver over skrivebordet sitt. Folket krev ei løysing på fattigdommen og stortyskarane* har kome opp med eit nytt ordtak: utvis jødane!

Den antisemittiske kanslaren (t.v.) i samarbeid med stortyskarane. (Foto: Thor Brødreskift)

Morbide tonar og ignorant trombone
Programmet si skildring av komponist Neuwirth sin musikk er presis; sjangerkryssande med eit breitt spekter av stimuli. Ensemblet vekslar mellom å spela orkestermusikk – og enkle, eksperimentelle, atonale lydar der kvart instrument står i fokus. Trombonen varierer mellom Disneyfilmaktige-lydar, og sørgmodig klezmermusikk i samspel med ensemblet.

Lystige og triste komponentar overlappar kvarandre, og det motstridande lydbilete maktar å uttrykka jødane si ulykke og maktherrane si ignoranse og kynisme samstundes. Neuwirth framhevar eit samfunn som er splitta i to sprikande retningar.

Musikarane sine til tider optimistiske, lette, naive tonar vert i denne konteksten malplassert og fjernt frå det som skjer på lerretet. (Foto: Thor Brødreskift)

Kameraet flyttar seg til synagogen og medan me får sjå bedande, desperate jødar, flyt samplar av klagande korsang over høgtalarane. Cellisten på scena dreg buen sakte over strengene. Det lugger.

Kanslaren lagar stadig nye reglar. Ein regel er at døypte barn av ‘blanda ekteskap vil verte erklært ariske, medan deira jødiske forelder vil måtte forlate landet.

Medan dei siste jødane vert deportert frå byen er ensemblet stille. Igjen er det gravalvorleg stemning og scena får si fortente merksemd. Dette vert abrupt forstyrra då ensemblet bryt ut i lystig festmusikk og applaus rullar ut over anlegget. Igjen vekslar Neuwirth mellom å spela musikk som visar alvoret i situasjon – for deretter å bryta det av ved å ta kanslaren og hans parti sitt perspektiv.

Skoten og drepen i Wien
I Die Stadt ohne Juden ender det godt – jødane får kome tilbake til landet og moralen i filmen er at byen ikkje vart eit perfekt samfunn utan sine jødiske innbyggarar, men at det snarare påverka kulturen, mangfaldet og samfunnsøkonomien negativt.

Filmen vekka kontrovers då den kom ut og fleire gonger hende det at nazistar øydela framsyningane, og i byen Linz var til og med filmen forboden. Kort tid etter premieren vart forfattar Hugo Bettauer skoten og drepen av nazisten Otto Rothstock. Sistnemnde slapp ut som fri mann etter 18 månadar på psykiatrisk institusjon.

Den østerrikske forfatteren og journalisten Hugo Bettauer (født 18. august 1872, skutt og drept 26. mars 1925). (Foto: Arkivbilde frå Wikipedia)

Leiar i filmfestivalen BIFF, Tor Fosse, meiner det er viktig med arrangement som kan retta fokus på denne type problematikk og har allereie neste prosjekt klart.
– Denne hendinga er eit bidrag til at det jødiske miljøet i Bergen får eit løft og kan initiera meir aktivitet og dialog. På eit tidspunkt har eg og lyst til å visa filmen Babi Yar. Context av meisterregissøren Sergei Loznitsa. Meir enn 30.000 jødar vart massakrert i Ukraina av nazistane i løpet av tre dagar i september 1941. Det er sanneleg ei kontekst til Die Stadt ohne Juden – og kan skildras kort og konsist som «Et land uten jøder» – etter altså tre dagar, fortell Fosse.

Dániel Péter Biró var i fjor med på å etablera organisasjonen Det Jødiske Samfunn i Bergen og ynskjer å forena jødar og engasjera ikkje-jødiske.
– Det jødiske samfunn i Bergen vart øydelagt under anna verdskrig, og svært få kom tilbake til byen i etterkant. No håper me på å kunne samla og representera den jødiske befolkninga i byen og omegn.

Dette året samla 45 jødar seg på Vestlandet for å feira Rosh Hashanah saman for første gong på 80 år. Planen til Det Jødiske Samfunn i Bergen er å ha fleire kulturelle arrangement, tilby kurs i hebraisk, jiddisk og jødisk historie, religion og kultur. På sikt vil dei også ha ein synagoge – for første gong i Bergen.

 

* Stortyskarane, Grossdeutsche Partei, var eit parti i Østerrike i mellomkrigstida som arbeida for tilslutning til Tyskland. Stortyskarane hadde støtte i delar av middelklassen, særleg i Wien, i grensedistrikta og blant studentar. Dei fleste slutta seg etter kvart til nazistane.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.