Asta Busingye Lydersen i Queendom Foto: LarsOpstad

Ein beskjeden start

Festivalen Afroslo var akkurat vellukka nok til at ein kan ta konseptet vidare. Men er det behov for eit slikt initiativ?

I midten av juni dukka Facebook-eventen «Afroslo» opp, og interessa auka gradvis utover hausten. Deltakarlista steig til ho landa på over 2700, og mange etterspurte program, medan andre lurte på kven dei skulle kontakte for å delta.
Det heile verka litt mystisk, men det var i alle høve tydeleg at mange var interesserte i eit arrangement som skulle «fremme både unge talenter og profesjonelle afrikanske utøvere i Oslo», som det stod i skildringa. Nokre posta også spørsmål om å få delta som utøvarar.

Ary Morais Foto: Rikskonsertene


Trengst ei eiga plattform?
Det er musikar Ary Morais som står bak initiativet, og han tenkjer langsiktig i dette prosjektet — med ynskje om at Afroslo anten kan bli ei årleg hending eller ein meir aktiv konsertserie. Førebels er han åleine om initiativet.

Har vi eit stort nok utval av profesjonelle afrikanske musikarar til at Morais kan lukkast med å skape eit interessant konsept med Afroslo?

Morais er opphaveleg frå Kapp Verde, og har budd i Oslo i snart tjue år. No vil han at Afroslo skal bli ein møtestad for norskafrikanske musikarar, i første omgang i Oslo, men etterkvart også frå andre delar av landet. I tillegg vil han at det skal bli ei plattform for å promotere afrikansk kultur i Noreg. Det er altså i første omgang snakk om lokale musikarar med afrikansk bakgrunn, og ikkje ein internasjonal festival.
Har vi eit stort nok utval av profesjonelle afrikanske musikarar til at Morais kan lukkast med å skape eit interessant konsept med Afroslo? Eit kjapt søk hjå SSB syner at 104 635 menneske i Noreg er afrikanske eller har afrikanske foreldre. Burde nokon vore flinkare til å fostre opp profesjonelle musikarar blant desse?
I så fall kan eit initiativ som Afroslo vere prisverdig. Vi har rett nok suksessar som Madcon, Stella Mwangi og Nico & Vinz, men der er ikkje eit særskild synleg afrikansk musikermiljø i Noreg i dag, og desse døma på suksessrike aktørar gjer seg kanskje ikkje først og fremst til kjenne som afrikanske. Musikalsk har dei i alle fall eit heilt anna fokus enn det som synte seg på Afroslo i november.
Forsiktig start
Då eg kom til Cosmopolite på Torshov 6. november klokka 21 var der lite folk. DJ De Lambert var allereie på plass på scena og varma opp med rolig afrikansk pop, hip-hop og r&b. Men førebels var dansegolvet tomt.

Sidiki Camara Foto: Sidikicamara.com


Litt over ein time seinare gjekk perkusjonisten Sidiki Camara på scena. Camara er opphaveleg frå Mali, og har spelt med storleikar som både Boubacar Traoré og Bill Frisell, for å nemne nokre. Saman med ein perkusjonist og ein pianist, Lius Baruch og André Viervoll, spelte han både djembe og kora under det første, korte settet på festivalen. Starten var fin og Camara og Baruch på perkusjon vart deretter sitjande resten av kvelden som rytmeseksjon for dei følgande innslaga.
Varierte stilartar
I husband deltok og ein gitarist, samt ein pianist og bassist som kun vart bytta ut ein gang, — slik gjekk overgangane kjapt og det spelt musikk konstant dei neste par-tre timane, etter kvart for om lag eit par hundre i publikum. Det var akkurat tett nok mellom folk på dansegolvet til at det ikkje såg glissent ut.
Husbandet måtte handtere mange ulike stilartar . Først ut var Queendom, eit prosjekt som har vore aktivt sidan 1999, leia av Monica Ifejilika og Asta Busingye Lydersen, med bakgrunn frå høvesvis Nigeria og Uganda. Afrobeat-rytmene svinga bra og dei hadde fin energi på scena, men publikum var enno ikkje lokka heilt fram på golvet.
Slik sett var den energiske artisten Sheldon Blackman, med bakgrunn frå Trinidad og Tobago, eit avgjerande innslag, med feststemte, karibiske rytmer og ikkje minst ein energisk oljefat-traktør, Clifton Harrydass. No blei det meir liv i salen, utan at musikken til føregåande Queendom eigentleg står noko tilbake for det Blackman leverte, og husbandet hadde like fin energi heile vegen. Festivalsjefen sjølv, Ary Morais, spelte til slutt (før DJ-en tok over igjen), og presenterte den spennande miksen av stilartar som finns i Kapp Verde, med innflytelse frå både Portugal, Vest-Afrika og Brasil.
Monica Ifejilika i Queendom Foto: Lars Opstad


Einsformig lydbilete
Med alle desse representert synte festivalen ein del av breidda som finnast innanfor tradisjonell musikk og blandingane som har oppstått i ulike delar av Afrika gjennom 1900-talet. Samtidig blei sjølve lydbiletet ganske einsforming gjennom kvelden.
Løysinga med eit relativt fast husband var effektiv, men blei òg eit hinder for ei dynamisk utvikling. Gjennomgåande ubalanserte og dårlege lydtilhøve gjorde det ikkje betre.

Ein skulle tru at dei fleste yngre utøvarar med afrikansk bakgrunn er meir interesserte i r&b og hip-hop som afrobeat eller highlife-musikk. Det er trass alt den musikken som gjelder på det Afrikanske kontinentet i dag

Denne ulempa kom særskild godt fram under segmentet til festivalens yngste artist, Léonne Pride, som synger sløy r&b har og ein tilbakelent, nasal sangstil som godt kan tenkast å ha henta ein del inspirasjon frå til dømes Erykah Badu. Stilen kolliderte med eit hakket meir rufsete liveband enn dei studioproduserte akkompagnementa ein kan finne på hennar soundcloudprofil, og stemma kom seg liksom ikkje riktig ut i rommet.
Uttrykket til musikarane som blei brukt i husbandet gjennom kvelden førte til ein profil med fokus på meir tradisjonell Afrikansk musikk som Léonne Pride ikkje passa inn i, og ein skulle tru at dei fleste yngre utøvarar med afrikansk bakgrunn er meir interesserte i r&b og hip-hop som afrobeat eller highlife-musikk. Det er trass alt den musikken som gjelder på det Afrikanske kontinentet i dag, som i store delar av verda elles.
Rom for meir
Om ein skal tru Morais og meldingane på Facebook er der fleire å syne fram. I første omgang blei gjennomføringa akkurat vellukka nok, til at her er rom for å prøve ein gang til.
Om det blir ny festival neste år vil programmet der vere det avgjerande svaret på om ein slik festival har ei relevant rolle å spele – og om Morais er rette mannen til å leie den. Før den tid bør han og eventuelle samarbeidspartnarar spørje seg om korleis dei skal få fram moderne musikk frå Afrika i tillegg til den tradisjonelle, eller om det kun skal dreie seg om stilartar frå 1900-talet og bakover.


Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio