Hopp til innhald
Norsk kulturstatistikk 2012, illustrasjon

Målt musikk

SSB sin kulturstatistikk for 2012 er klar. På musikkfeltet er det dei store musikkinstitusjonane, det frivillige, kulturskulen og festivalane som får mest merksemd.

(Saken er oppdatert)

Statistisk sentralbyrå har sidan 1975 forsøkt å skildra og gje ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.

Her er nokre av nøkkeltala dei presenterer frå musikkfeltet i 2012:
— Totalt var om lag 476 000 menneske til stades ved konsertane til medlemmene i NTO (Norsk teater og orkesterforening). Dette var ein tilbakegang på 3,6 prosent samanlika med 2011. Dersom ein held besøk frå Den kulturelle skulesekken utanfor, er situasjonen mottsett. 436 000 besøk i 2011 mot 445 000 i 2012 gjev ein auke på 2,1 prosent.

— Rikskonsertane gjennomførte om lag 9 600 konsertar i 2012, omtrent som i 2011. Totalt var det 1 297 000 tilhøyrarar på desse konsertane i 2012, 93 prosent av desse var på skolekonsertar. Dei siste åra har Akershus hatt flest tilhøyrarar på Rikskonsertane.

— Dei kommunale musikk- og kulturskolane gav tilbod til 109 000 elevar i 2012. Dette er ein nedgang på om lag 1 500 elevar samanlikna med 2011. I 2012 nytta 17,6 prosent av primærmålgruppa (innbyggjarar i alderen 6-15 år) tilbodet, om lag den same delen som året før. I Nord-Trøndelag og Sogn og Fjordane hadde heile 29 prosent av 6-15-åringane plass i kommunanes musikk- og kulturskolar.

— Nær 1,2 millionar besøkte ein festival i 2012 arrangert av medlemmer i Norske Festivaler.

— BandORG har hatt stor vekst i talet på medlemmer dei siste åra. Musikk i skolen har hatt nokså tydeleg nedgang frå 2011.

Norsk Rockforbund har gjort Ballade merksame på at tala som er rapportert frå Norsk musikkråd er uriktige. Til SSB er det rapportert at det i 2012 var det nær 128 000 medlemmer i Norsk musikkråd, ein nedgang på om lag 23 300 medlemmer samanlikna med 2011. Det er vidare meldt at Norsk Rockforbund er den største medlemsorganisasjonen, med 31 500 medlemmer. Norsk Rockforbund er medlem hjå NMR og rapporterer til musikkrådet det talet på personar som er knytt til medlemsorganisasjonane. Men det er ingen enkeltpersonar som er medlem i forbundet, berre organisasjonar. I 2012 hadde Norsk Rockforbund 279 medlemsorganisasjonar (klubbar, festivalar og spelestadar). Desse organiserer igjen ca 50 000 enkeltmedlemmer og frivillige. I tallmaterialet for 2012 er de frivillige utelatt, derfor viser statistikken ein reduksjon frå 2011.
 
Les heile

#gallery-15 {
margin: auto;
}
#gallery-15 .gallery-item {
float: left;
margin-top: 10px;
text-align: center;
width: 33%;
}
#gallery-15 img {
border: 2px solid #cfcfcf;
}
#gallery-15 .gallery-caption {
margin-left: 0;
}
/* see gallery_shortcode() in wp-includes/media.php */

Kulturstatistikk 2012.pdf

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Flere saker

Pan Al, Blå, Bylarm

Inn i det store, vide åpne med PAN-AL

Pan-Al finner ikke opp techno-kruttet, men viser nok glimt av framtida til at alle som har gynget til arktisk elektronika...

Crussen i det fri.

Beats från utanmyra

Housebeats + folketoner, det funker ikke. Tenkte jeg. Men joda! Ballade elektronisk er her igjen med energipåfyll for vintertrøtte ører.

Alkul – vokalist Björg Blöndal og gitarist Thorkell Ragnar fra Island

Tónleik Jazzfest: Islandsk-norsk festival på Victoria

Musikk fra Island og Norge på Nasjonal Jazzscene 13. og 14. juni.