Er det rettferdig at platebransjen som investerer i artisten, ikkje får nyta dei store inntektene som konsertane bringer? Her metalbandet 1349 på festivalkonsert. (Foto: Lise Mette Eidet)

– Finans har inntatt showbiz

Inntektar og investeringar på dagsorden: Ivar Peersen i Enslaved er ikkje nøgd med korleis bransjen fordelar pengene.

BransjenMetalPopulærmusikk

Medan artistar tidlegare spelte live for å promotera platesal, har konsertinntektene no lenge vore den største inntektskjelda for artistar. Plateselskapa si viktigaste rolle er finansiering og marknadsføring av innspelt musikk, men i fleire år har dei opplevd at innteningsgrunnlaget har falt. Alle ledd jobbar mot same mål og har betyding for artisten sin suksess, men enkelte skapar ein betydeleg større del av inntekta.

Er det rettferdig at platebransjen som investerer i artisten, ikkje får nyta dei store inntektene som konsertane bringer? Forten plateselskap ein del av artisten sine liveinntektar? Korleis stillar booking og artistane seg til dette? Dette var eit av temaa som vart diskutert under bransjefestivalen Vill Vill Vest sitt konferanseprogram fredag. Tre paneldeltakare representerte kvar sin ståstad; bookingagent Lasse Kinden Endresen, Lena Midtveit frå plateselskapet Sony Music Norway og Ivar Peersen frå bandet Enslaved.

9 av 10 er tapsprosjekt
Plateselskapa si hovudfunksjon er finansiering og marknadsføring knyta til innspeling. Administrerande direktør i Sony Music Norway AS, Lena Midtveit, opplev at sjølv om dei i platebransjen satsar tungt på artistane sine, så er det mange prosjekt som går i økonomisk tap.
–  Jobben me gjer med å fronta artistar er utruleg viktig og me arbeidar alle rundt klokka for å gje artistane merksemda dei forten. Likevel opplev me at 9 av 10 prosjekt går med tap. Det kan vera tungt å arbeida aleine med ein norsk artist, og spesielt for dei som driv indie labels. Me vil at artistar skal tena pengar, men me opplev at det er eit lite marked i Noreg.

Administrerende Direktør i Sony Music Norway AS, Lena Midtveit, vil gjerna ha workshop med dei andre – som artist og musikar Ivar Peersen – for å diskutera korleis ein kan fordela kaka på betre vis. (Foto: Øystein Haara/Vill Vill Vest)

– Artistane straffast om plateselskap skal ha del av liveinntekter. Lasse Kinden Endresen (ACT)

I Sverige og Danmark veks omsettinga for innlandsmarknaden, medan i Noreg går det ned. Samstundes har Noreg fleire artistar enn Sverige. Midtveit fortel at dei i fleire år har stilt seg spørsmål til kvifor det er slik.
– Det er eit stort konsum av norsk musikk og det manglar ikkje på investering, men me opplev at klimaet for nysgjerrighet utanlands avtek fordi ein er opptatt med sitt eige land.

Midtveit trur det kan vera lurt å satsa hardare, men på eit færre tal artistar.
– Me har gitt mykje støtte til mange artistar, og støtteordningar her i Noreg gjer at det er enkelt å gje ut alt mogleg rart, men eg trur me må satsa tyngre på dei stjernene me har. Då kan me gå mykje tyngre inn. For vår felles kamp er å nå gjennom støyen, ikkje nødvendigvis å gje ut meir musikk enn Sverige.
Ho fortel at dei har prøvd å auka omsettinga ved å kuratera lister på Spotify for å få gjennom lokale artistar, men at det tek mykje tid og at sjølv om Spotify lyttar, har det ikkje vorte store resultat av dette. Midtveit meiner at eit dedikert management er viktig for artistar, men at ein gjerna må tenka annleis og at ho gjerne skulle hatt workshop med dei andre i panelet for å diskutera fram nye løysingar.

90-talet:over
Bookingagent og partnar i ACT Entertainment, Lasse Kinden Endresen, er fullt klar over at inntektene har forskyve seg og at endra forbruksmønstre og strøymetenester har ført til at platebransjen sine inntekter har søkkt betrakteleg. Samtidig fryktar han at det er artistane som vert straffa om plateselskap skal ha ein del av liveinntektene.

– Det er ein motsetting at platebransjen opplev nedgang for det har aldri vore meir live i Noreg, på norsk, enn no. Folk konsumerer meir norsk musikk, og strøyming gjer at butikken er open for fleire. Så me kan ikkje vera negative og sei at det vert konsumert for lite norsk musikk. Men det har vore ein totalforandring og i live har det aldri har vore meir pengar og publikum. Ein konsertbillett har til dømes auka frå å kosta 100,- til 450,-. Me kan diskutera at det er synd at 90-talet sine godar er borte, men det interessante er korleis ting er no. Kvifor klarer me i live det? Eg forstår at investeringa frå plateselskap er stor, men eg føler at å ta konsertinntekter frå artistane er straff. Eg er redd for at plateselskap som tek liveinntekt, tek livet frå artistane.

Endresen foreslår at om plateselskap skal «fortena» ein del av live-inntektane så må dei i større grad bidra med marknadsføring.
– Ein ide for å sprei inntektene betre kunne vore at plateselskap ga oss budsjett til marknadsføring. Når det kjem til marknadsføring har plateselskap ekstremt god kompetanse og dette er noko live kunne nytt godt av. Det kunne ført til større spreiing av inntektene.
Han trur ikkje at det er noko i vegen med det norske musikkmarknad, men at det er modellen som er årsaka til den skeive fordelinga.

– Noreg produserer veldig mykje god musikk. Det me ser er at færre tener meir, og fleire som tener mindre enn før. Men når ein ok artist kan ha 600 000 som årsløn må me tenka at det er jævlig bra! I konsertdrift har me ein sinnsjukt god infrastruktur med hjelp frå studentdrift og frivillige m.m. og der ser me at me er betre enn Danmark til dømes.


Artisten arbeidar meir og betre, men tenar mindre
Komponist, gitarist og bandleder for Enslaved, Ivar Peersen, meiner at ein heller må fokusera på korleis artistar kan tena meir, framfor korleis plateselskap skal få ein del av konsertinntektane.

– Før tente ein meir på færre plater. No tener ein ufatteleg mykje mindre, sjølv om artisten jobbar mykje meir og betre! Me gav ut vårt første album i 1993, og har vore gjennom både piratkopiering og no strøyming – me sel betydeleg meir musikk til betydeleg fleire menneske og tenar samtidig betydeleg mindre på sal av musikken. Heldigvis har me aldri vore redde for å jobba utanom, og heldigvis er ikkje pengar motivasjonen. Då hadde me vore temmelig tynnslitte.

Lasse Kinden Endresen og Ivar Peersen intervjues av Fredrik Forssmann (t.v.) (Foto: Ø. Haara)

– Syns du fordelinga av inntektene i strøyming og konsertinntektar er rettferdig fordelt mellom artist, plateselskap og booking?
– I mi verd; ja så absolutt. Me inngår aldri avtalar me ikkje veit me vil føle er rettferdige. Ein får betalt for jobben ein gjer – nokon gonger har me til dømes vorte så begeistra for god jobb frå bookingagent at me har auka prosenten for ein enkeltturné. Diskusjonen om å «få pengar» er enn så lenge framand i denne verda.

Eit alternativ som har vorte føreslått for å omstrukturera booking og plateselskap er 360 avtalen. Forskjellen på ein 360-avtale og ein vanleg kontrakt er at plateselskapet då administrerar booking, management, publisering og merchandise. 360 er ein metafor for ein sirkel (360 grader) der artisten står i sentrum av sirkelen med ein avtale som omfattar alle aktiviteter rundt hen. Som artist er Peersen skeptisk til 360-modellen:
– Det er positivt med eit hissig plateselskap, og som artist bør ein ikkje sitta med alle oppgåvene sjølv, men grensa går kring 120 grader. No må eg få presisere at det ikkje er sikker det er noko galt med idéen om 360-modellen. Som så mykje anna – religion, styresett og så vidare – er det gjerne «den menneskelege tilstand» som gjer at det ikkje fungerer i praksis. Eg trur det er sunt at folk med ulike perspektiv og ikkje minst interesser og økonomiske motiv dyttar og dreg i ulike retningar. Eg trur ein, gjerne ubevisst, gjer litt «ekstra» når eksterne forventningar og positivt press får spele inn. Det vert fort ekkokammer når alle involverte har same firmanavn etter alfakrøllen – same kor mykje ein seier at ein passar på å skilje hattane sine.

– Har du forslag til korleis platebransjen kan få «ein større del av kaka»?
– Eg trur, diverre, at det må reguleringar til – kall det gjerne overformynderi, skandinavisk sosialisme eller kva no frihets-manikarane likar å seie. Det har ingenting med politisk farge å gjere; det har å gjere med at platebransjen er utsatt for same utemma og grenselause rov-kapitalisme som resten av verda – finans har inntatt showbiz, seier Peersen.

– Artist, management, plateselskap, interesseorganisasjonar, og ikkje minst aktive musikk-fans må saman presse fram regulering av desse «kulturnærings-imperialistane» som valsar inn og gjer akkurat som dei vil utan å måtte svare for noko som helst. Enkeltpersonar hentar ut hundretals av millionar av streaming-konglomerata, men artistar får avrekningar som ikkje har tal større enn null før tredje og fjerde desimalplass. Vår største norske (avdeling av) major-label Sony fortel at problemet er fordelinga frå Spotify & co – men at det ikkje er noko å gjere for å påverke. Det seier jo sitt. Det nyttar ikkje diskutere og føle på det; det må lovgjeving til.


Sjølvoppfyllande negativ profeti
Noreg har mange støtteordningar, som til dømes Sverige ikkje har, og samtalen endar med spørsmålet: Er det ein sjølvoppfyllande negativ profeti at plateselskapa held oppe eit visst tal prosjekt fordi ein kan få støtte, og så raser vidare til neste prosjekt?

På ein showcasefestival for aktuelle, uetablerte artistar står dette som siste spørsmål: Må plateselskapa prioritera hardare i valet av artistar dei ynskjer å satsa på?

 

Red. mrk.: Åsa Opedal har hatt ei mindre rolle i samband med smittevernet i gjennomføringa av konferansen Vill Vill Vest. 

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Vossa Jazz-sjefen slutter

Vossa Jazz-sjefen slutter

Daglig leder i Vossa Jazz, Roger Urhaug, har sagt opp etter knapt et år.

Hvor brenner det, Egon Holstad og Sigurd Elgenes?

Hvor brenner det, Egon Holstad og Sigurd Elgenes?

Hvor er musikkjournalistikken på vei? Hvordan imøtekommer vi en stadig mer uforutsigbar fremtid? Hva kjennetegner god anmelderkunst? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

Fest i klangfargerike med forstyrrande ubehag og lågfrekvent stille

Fest i klangfargerike med forstyrrande ubehag og lågfrekvent stille

Ballade jazz: Superspreder har naila det på si andre plate, Geir Sundstøl feirer ti år som soloartist, vi får klangleg skulptur frå Sofa, og orkestrert stille frå Bristol.

Norsk premiere på "Elja" med Kronos Quartet og Benedicte Maurseth

Norsk premiere på "Elja" med Kronos Quartet og Benedicte Maurseth

Verdenskjente Kronos Quartet inntar Oslo for norsk premiere på verket "Elja" under årets Ultima.

Jazzfest Trondheim: Festivalens høydepunkt og alltid overraskende

Jazzfest Trondheim: Festivalens høydepunkt og alltid overraskende

– Det som særpreger Trondheim Jazzorkester, er at du aldri vet hva du får. Og det er jo det jazz handler om, å bli overrasket, skriver Trygve Lundemo etter siste ukes Jazzfest i Trondheim.

Færre søkere til estetiske linjer på videregående: – Det oppleves for usikkert å velge den retningen

Færre søkere til estetiske linjer på videregående: – Det oppleves for usikkert å velge den retningen

Flere fylker og kommuner legger ned estetiske linjer på videregående, og i takt med dette går søkertallene til disse linjene ned. Periskop og Ballade har forsøkt å finne ut av årsaken til hvorfor færre ungdommer søker seg til estetiske fag.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio