Fartein Valen stipend 2003
Sveio kommune tillysar med dette «Fartein Valen-stipendet» for komponistar som i hovudsak bur og arbeidar i Noreg.
Tildelinga vil skje med bakgrunn i plan for bruk av stipendet, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid i form av partitur, evt. lydopptak i tillegg dersom ein sjølv ynskjer det. Den som får tildelt «Fartein Valen Stipendet» må arbeida ein periode i Sveio innan eit år etter tildelinga. Opphaldet skal vera minimum ei veke – maksimum seks veker. Kommunen stiller bustad og arbeidsplass til rådvelde. Den tidlegare bustaden til Fartein Valen, Valenheimen, vert nytta til føremålet. Huset ligg vakkert til i rolege omgjevnader, 40 km nord for Haugesund. Huset framstår både som eit museum og eit moderne husvære. Kjøkken, daglegstove, bad og soverom er restaurert for å tilfredsstilla moderne krav. Atmosfæren i huset er spesiell og gjer det til ein særs inspirerande arbeidsplass.
Offentleggjering av tildelinga skjer gjennom pressemeldingar. I tillegg vert den som får stipendet presentert under Fartein Valen Dagane 2003 som årets komponist.
Storleiken på stipendet er kr 25.000. Søknadsfrist er 1.oktober 2002 og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, tlf 53740100 faks 53740096. E-post: ole.j.furdal@sveio.kommune.no.
Sveio og Haugesund kammermusikkfestival – Fartein Valen Dagane, vil formidla inntrykk av ein av dei framste og mest nyskapande komponistane Noreg har hatt. Det vert lagt vekt på eit variert og spennande program som vil auka forståinga av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponisten sin heim og miljøet rundt. I år 2003 vert festivalen arrangert 24. – 27. april. Festivalen er presentert på webadressa www.prosalg.no/festiviteten
Medlemmene i juryen er Arvid Vollsnes (UiO), Fartein Valen-Sendstad/Sølvi Vinnes (Hovudeier Valenheimen), Erling Dahl/Monica Jangaard (Troldhaugen), Mathias Vikse (varaordfører Sveio), Eirik Apeland (medlem hovudutvalg kultur) og Nils henrik Asheim (Norsk komponistforening). Undertegnede er sekretær. Tidligere har Ståle Kleiberg og Jostein Stalheim fått stipendet.
For nærare informasjon om statuttane til Fartein Valen-stipendet, sjå lenkja nedanfor.

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger
Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.



















































