Dirigent, komponist, musikar og kulturleiar. Bjarni Frímann Bjarnason flyttar frå Island til Bergen når han tiltrer stillinga som kunstnarisk leiar i BIT20 Ensemble i januar 2025. (Foto: Thor Brødreskift)

Björks dirigent vert ny kunstnarisk leiar i BIT20 Ensemble – og vel seg Bergen som bustad

Bjarni Frímann Bjarnason flyttar til Bergen når han skal leie BIT20 Ensemble. – Det første eg vil gjera i stillinga er å lytta til kva folk har lyst til å gjera, seier islendingen.

Kalender

New York? New York?! Here we go again

25/05/2024 Kl. 17:00

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

25/05/2024 Kl. 19:00

Oslo

Roger Arve Vigulf og strykere

26/05/2024 Kl. 19

Vestfold og Telemark

Ensemble Ernst på Ridehuset

26/05/2024 Kl. 18.00

Oslo

Bjarni Frímann Bjarnason (1989) omtalast som ein karismatisk dirigent og komponist, og som ein av dei mest allsidige og talentfulle musikarane i sin generasjon.

Stillinga som kunstnarisk leiar i BIT20 Ensemble utgjer 40 prosent med åremål over tre år. Bjarnason startar i januar 2025, og overtek etter Trond Madsen. Med den nye stillinga flyttar islendingen til Bergen, eit val som vekker merksemd etter ei tid med debatt rundt bustaden til bergenske kulturleiarar.
– Det er viktig å leva i det samfunnet der ein skal ha sitt virke, kommenterer Bjarnason. – I kulturlivet vert det nesten sett på som positivt å ha gullkort med SAS og arbeida utanbys frå. I mine auge vert det som å køyra fire skip samstundes. Det gir jo ingen jævla meining.

Bjarnason kjenner BIT20 Ensemble godt, og har arbeida saman med ensemblet før, som dirigent.
– Eg vert dratt mot deira kompetanse, mot og galskap til å gjera noko nytt. Det første eg vil gjera i stillinga er å lytta til kva folk har lyst til å gjera, fortel han. – Fordelen med eit mindre orkester som BIT20 Ensemble er at det er mykje kortare responstid enn med eit fullt orkester. Ein kan reagera på tendensar i samfunnet mykje raskare.

Bjarni Frímann Bjarnason har klassisk bakgrunn som pianist og fiolinist, og studerte til å bli dirigent ved Hochschule für Musik Hanns Eisler i Berlin, opplyser BIT20 Ensemble. Han er tidlegare musikalsk leiar for den islandske operaen samt frilansar, og var dirigent på Björks turné Björk Orchestral, som reiste verda rundt og gjesta mellom anna Coachella i California og Bergenfest.

– Eg har gjort så mye forskjellig at eg trur verkeleg eg kan vera med på å bryte ned grenser mellom musikalske sjangrar. Dette er jo svada alle kjem med, men eg meiner det!, seier Bjarnason i eit intervju med BT.

Dagleg leiar i BIT20 Ensemble, Stig Rasmussen, ser fram til å få Bjarnason til Bergen.
– Kompleksiteten i musikken vår krev musikarar av ypparste nivå, og difor er me utruleg nøgde med å ha landa Bjarnason som kunstnarisk leiar. Det visar at BIT20 Ensemble har tiltrekkingskraft internasjonalt og ein attraktivitet på høgt nivå, seier han.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.