Oslo lag for folkemusikk er 100 år – om media, bevisstgjering og interesse
13/10/03- Den tid er forbi då folk trudde at den beste og einaste folkemusikaren i Norge var han som budde lengst inn i ein Vestlandsfjord, i den minste bygda utan veg, i den minste hytta med geiter på taket, iført den eldste bunaden og med den lengste slektstavla innanfor bygda, skriv folkemusikar Unni Løvlid i dette opne brevet kring Oslo lag for folkemusikk sin 100 årsmarkering . - Folkemusikken er ei av musikkformene som krev at du som mottakar tar fyrste skritt, eit umenneskeleg krav i vår flimmerkvardag der dei fleste av oss er drukna i informasjon frå medier som mykje er basert på sensasjon og skandalar, hevder ho.