Arkiv

Torkjell Hovland

Dagdrøymelyttinga: Gir du denne musikken heile deg, får du ei verd tilbake

24/01/23

Svar ærleg: Kva gjorde du på sist du høyrde på musikk? Nye plater frå Mette Henriette og Deathprod er eit høve for å oppleve ei heil verd – om du berre legg vekk alle andre distraksjonar og let tankane bli med inn.

All Ears 2023: Frileik i bur

16/01/23

Nok ein gong baud All Ears på tankevekkande musikk, men opplevinga av den sterile festsalen forstyrrer meir enn den tilfører.

Den nye Ultima-direktøren: – Samtidsmusikk er ei haldning

10/01/23

Ho likar ikkje komfortsona eller dogmer. Den nye direktøren og kunstnariske leiaren for Ultima vil fokusere på dugnaden i Ultima – og lytte.

Årets norske juleplate

13/12/22

Desember er mørketid. Men her er tre ferske utgjevingar som spelar på lyset i mørketida.

Rural Tapes: Eit rikt, indre liv, heimedyrka i Grimstad

12/12/22

Men med internasjonale venner frå Dream Syndicate og R.E.M. Musikk du kan oppleve djupare og djupare for kvar gjennomlytting.

One Small Step gir deg steppdans og dadaistisk stemmeleik

22/11/22

Gløym Riverdance og vaudeville – Janne Erakers skoperkusjon i samspel med kontrabass på kyrkjegolvet i Gol stavkyrkje vil opne synet ditt på steppdans. Men kanskje ikkje på plate?

Rik, men splitta lydverd frå Vassvik solo

21/11/22

Torgeir Vassvik kan visa til eit halvt århundre med nysgjerrigheit. På hans tredje soloplate får vi vere med inn i lydlandskapa hans, eg skulle berre ynskje vi kunne vere lenger i kvart landskap.

Erfaren debutant overbeviser med si reisedagbok

15/11/22

Ikkje alle fusjoner er vellukka. Men Inger Hannisdal har kome heim og fortel oss heile musikalske forteljingar på si første plate.

To av verdas skarpaste gitaristar rundt bålet på Torshov

08/11/22

Knut Reiersrud og Bombino spelte for eit lydhørt og feststemt Oslo World-publikum på Cosmopolite. Det var ein fest, sjølv om Ballades meldar gjerne skulle høyrt meir variert samspel mellom dei to gitaristane.

Flyktningen

23/10/22

Europa rasar saman og vi inviterer ukrainsk musikk inn i salane. Valentin Silvestrov er Ukrainas største komponist – og no er han også flyktning. Det siste skulle han helst sluppe.