Arkiv

Tore Skaug

– Kva plass får folkemusikken i Kanal 4?

24/03/03

Vil Kanal 4 greie å oppfylle den hyggelege konsesjonssøknaden sin – eller vil den nye kommersielle radiokanalen falle inn i ein
formateringspraksis som til forveksling liknar det vi har høyrt før? På Norsk Folkemusikk- og Danselags (FND) seminar i Oslo laurdag blei spørsmålet formulert slik: Blir det slåttespel og kveding å høyre når Stein Gauslaa & Co. startar opp? Og svaret var ja. – Men, sa radiosjef Gauslaa, – vi vil ikkje lage ein gamaldags Folkemusikkhalvtime av det slaget som sender signal til alle andre om at «nå blir det hardingfele, så skru av!» Nedanfor er Kvinten-redaktør Tore Skaug sin rapport fra møtet.

Professor til Høgskulen i Telemark

17/02/03

Frå komande haust kan høgskuleavdelinga på Rauland i Telemark invitere til hovudfagsstudium i folkekultur, og det er spelemannen og filosofen Vidar Lande som blir den første professor i Øvre Telemark og den første som er utøvar på hardingfele, meldar Kvinten.

Landstad-feiring frå Kviteseid til Stiklestad

13/09/02

Diktarpresten og folkevisesamlaren Magnus Brostrup Landstad blir feira over store delar av landet 200 år etter sin fødsel. Slekta hans var frå Verdal, og han var prest både i Kviteseid, Seljord, Vestfold og Østfold, så programmet for jubileumsåret er vidtfemnande geografisk såvel som tematisk. Agnes Buen Garnås er blant dei som feirer Landstad om dagen, med den ferske CDen «Han rider den mørke natt» på VIA Music.

Gunnar Stubseid ny rektor ved Ole Bull Akademiet

21/08/02

Styret i Ole Bull Akademiet har tilsett Gunnar Stubseid (54) som ny rektor etter Jostein Mæland, som går av med pensjon 1. januar 2003. Stubseid har dei siste 4 åra vore undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet.

«Nivelkinn»-CD får «kongeleg» lansering

28/06/02

1. august kjem «Nivelkinn» på CD med Heilo/Grappa som utgjevar. Lanseringa skjer i Bø i Telemark eitt år etter suksessframføringa på Telemarkfestivalen, og med prinsesse Märtha Louise på første rad er det grunn til å snakke om ei kongeleg lansering. Der er Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga som har gitt Aslaug Vaas diktsyklus ei musikalsk drakt.

Landets beste spelemenn, kvedarar og dansarar knivar i Vågå

27/06/02

Landskappleiken i Vågå er i gang. Det er ikkje langt mellom høgdepunkta når det folkemusikkinteresserte Noreg samlast til den årlege, uoffisielle noregsmeisterskapen, men sjølvsagt er interessa konsentrert om kven som er aller best til å syngje og spela fele her i landet. Dei beste kvedarane tevlar fredag, og laurdag skal 32 av landets fremste spelemenn fram for en sakkunnig dommartrio.

Agnes Buen Garnås syng Landstad – i Landstads kyrkje

10/06/02

Folketonekunstnaren Agnes Buen Garnås har sunge inn ein Landstad-CD på Via Music: «Han rider den mørke natt». Plata kjem seinare i år, men alt 23. juni vil ein kunne høyre konsertversjonen i Kviteseid gamle kyrkje, den 850 år gamle steinkyrkja som var houvdkyrkje for Kviteseid på Landstads tid.

Folkemusikkveka på Ål: Øyvind Brabant årets «fanitull»

06/06/02

Det blei heimesiger i fanitulltevlinga på Ål i år. Med ei prikkfri framføring av hallingspringaren «Kåte-Reiar» gjekk Øyvind Brabant frå Nesbyen til topps og kunne ta imot førstepremien på 15 000 kr frå eigedomsmogul og hallingdøl Olav Thon. Her kan du lese rapporten frå Tore Skaug.