Arkiv

Solveig Grødem Sandelson

Sterke kulturstemmer i Stavanger

2. desember 2002

Sist tysdag, 26.11.02, presenterte Stavanger sin ferdigskrivne kulturbysøknad. Søknaden om å få status som europeisk Kulturby i 2008 har breid støtte, politisk, administrativt og geografisk. Stavanger har sørgd for å innhenta støtte frå alle omkringliggjande kommunar og dei ti største byane i Norge. I Stavanger bystyre har bare RV og FrP gått imot. Ballade presenterer her dei viktigaste visjonane frå søknaden, og lar dei innleia ein artikkelserie om brytningar og haldningar i eit sannsynlegvis kraftig ekspanderande kulturliv – kulturlivet i Stavanger.

Dei magiske augneblinkas festival

19. august 2002

– Den kreative samansetjinga av store musikarar er kunstnarisk leiar Truls Mørks store styrke, skriv Solveig Grødem Sandelson i si oppsummering av årets utgåve av Den Internasjonale Kammermusikkfestivalen i Stavanger. Ho meiner at festivalen i år nok mangla ei overbygning som kunne opna større rom for innsikt og refleksjon, men at det framleis er nok av grensesprengjande framføringar, dramatikk, gneistrande samspel – og magiske augneblink.

Forteljingar om det ugripelege – avrunding

29. november 2001

I åtte bolkar har Ballade presentert utdrag frå hovudoppgåva «Forteljingar om det ugripelege –
kunstsyn og maktspel i diskursar om norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk». No presenterar vi avrundinga, komplett med liste over kjelder og referansar. Føljetongen avsluttas med ei forteljing som kan indikera korleis kunsten og kunstnarens rolle kan få innpass i diskursar utanfor den reint estetiske, samstundes som det ugripelege får rom nok til å kunna stadfesta sin eigen identitet.

Historier frå det utsondra

28. november 2001

Ballade presenterar no nest siste del av føljetongen bygga på Solveig Grødem Sandelsons hovudoppgåve «Forteljingar om det ugripelege – kunstsyn og maktspel i diskursar om norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk». – I ein kultur der det overordna målet er å gi alle menneske like høve til å utfalda seg, blir det langt viktigare å framvisa opningane dette gir for likskap og fellesskap, enn opningar til å bryta ut av det.

Kunst- og kultursyn i politikken

22. november 2001

Kva slags kunst- og kultursyn, tematisert eller ikkje, kjem til uttrykk i språket Staten bruker i sine Stortingsmeldingar om kultur? Dette ser Solveig Grødem Sandelson nærare på i dagens utgåve av føljetongen «Forteljingar om det ugripelege».

Reaksjonar mot historiesynet i den estetiske modernismen

21. november 2001

Den tvingande bindinga i modernismen si fordring om alltid å vera på høgde med det historiske nivået i materialet, knyttar til slutt det ugripelege einsidig til dette. Tanken om at kunsten må vera fri, blir igjen utslagsgivande for nye eller andre estetiske kriterier for dette overskridande aspektet, skriv Solveig Grødem Sandelson i denne nye bolken frå hennar hovudoppgåve «Forteljingar om det ugripelege».

Historiesyn i ulike kunstsyn

19. november 2001

I den fjerde delen av Ballades artikkelserie om kunstsyn i norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk tar
Solveig Grødem Sandelson i dag for seg kva roller historiesynet synes å spela i ulike kunstsyn, i debattar om desse, og i språket om det ugripelege. Kapittelet er henta frå hovudoppgåva «Forteljingar om det ugripelege».

På sporet av Fartein Valen og kjempen på Siljustøl

16. november 2001

– Det er det at man finner fram til fellesnevneren som alt det andre kan gå opp i. At man samler seg om det store, det endelige – det evig universelle. Uten at jeg før har reflektert over det vil jeg vel ubevisst det samme som det som ligger bak De Forente Nasjoner og tanken om fellesstaten. Det er Fartein Valen som talar slik om formålet med sin kunst. Håpet om å nå fram til det evig universelle finn avspeglinga si i det moderne prosjektet, og kunstnaren som vil fram til dette, kan finna si avspegling både i det romantiske kunstnaridealet, og også i den estetiske modernismen si kunstnarrolle.

Subjektiv sanning i estetikken

15. november 2001

I Ballades artikkelserie om kunstsyn i norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk ser vi i dag nærare på tydinga til estetikkomgrepet vi kjenner i dag, og på subjektiv sanning i estetikken. Fokus legges også på Kant sitt syn på subjektet og estetisk erkjenning, og på Nietzsche sine skiftande tankar om kunsten og geniet.

Forteljingar om det ugripelege – kunstsyn og maktspel i diskursar om norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk

14. november 2001

Kva for premissar ligg til grunne for den manglande norske kulturdebatten? For å svare på dette må ein se nærare på kva for eit kunst- og kunstnarsyn vi kan spora i tekstar om samtidsmusikk og kulturpolitikk. Korleis kan ein framstilla og synleggjera det ugripelege ved kunstens vesen i tekstar om musikk? Og kva type kunstsyn og kunst finn staten – som på mange måtar er samtidsmusikken sitt mesenat – det viktig å setja sitt stempel på? I si hovudoppgåve i musikkvitskap vil Solveig Grødem Sandelson sjå nærare på desse og mange andre tema vedrørande norsk samtidsmusikk og kulturpolitikk. Ballade presenterar utdrag frå oppgåva «Forteljingar om det ugripelege» som føljetong.

Stillinger

Festivaldirektør

Nordland Musikkfestuke

Dirigent – hovedkorps

Hosle og Bekkestua skolekorps i Bærum

Direktør for komponisthjemmene

KODE Kunstmuseer og komponisthjem

Kantor

Haugesund Kirkelige Fellesråd

Festivalsjef

Kongsberg Jazzfestival

Assistentdirigent

Arktisk Filharmoni AS