Som et apropos til dagens kommunevalg, bringer Ballade her videre Solveig Grødem Sandelsons kommentar til kulturmeldingen, som ble lagt frem 29. august. - Det spørst om vi ikkje fekk den kulturmeldinga vi fortente, skriver hun, og anklager kulturlivet for å ha lagt seg på en svært så defensiv linje i forhold til Kulturmeldingen, der man for all del ikke måtte støte noen. - Det er viktig ikkje å vera kontroversiell. Det er viktig ikkje å bruka ord som kling kritisk, det er viktig å virka samlande. Sånn at heile kulturlivet kan opptre i samla flokk når dei må våga seg ut av sin eigen sfære, ironiserer Sandelson. - Norsk kulturliv har tradisjonelt sett på seg sjølv som ei samling skjøre planter. Ei samling det ikkje skal meir enn eit vindpust til for å blåsa livet ut av.
Den trettande internasjonale kammermusikkfestivalen i Stavanger er over. - Programmets mange innfallsvinklar gjer årets festival meir samtidig og relevant enn sine forgjengarar, skriv Solveig Grødem Sandelson i denne kommentaren. - Det svinga verkeleg av programmet i år, som det kanskje aldri før har gjort, i alle fall ikkje i dette hundreåret. Spennet er større, frå den heilt tidlege musikken til den heilt nye, frå moderne instrument til eldgamle, frå såkalt autentiske oppføringar, til røffe, uvørne, sterkt personlege. Slik klarer festivalen i år både å kommentera sine eigne røter, reflektera over tradisjonar og historie, opg halda fram både det nyaste og det kjæraste.
Før han lot Festspela klinga ut i Griegs a-mollkonsert, rakk pianisten Håkon Austbø også å leggja ut striper av støyfrie tankar for Ballade. Om konsertforma og kunsten, om det trivialiserte norske kultursynet og dei banaliserte, like norske media. Solveig Grødem Sandelson har intervjua årets a-mollpianist under Festspela I Bergen.
Festspela er over. Med eit program som på sitt beste klarte å presentera musikk som ei direkte ytring, sprungen ut av ulike livsvilkår, visjonar og historier. I årets program synes det som om Festspelleiinga vel å la det ukjende presentera seg gjennom det som geografisk og kulturelt er oss framandt, heller enn gjennom det heilt uhøyrde, nyskapte. Det skal ikkje mye fantasi til for å sjå at her rører ein ved gamle sårflater. Norske kunstnarar både innanfor samtidsmusikken og folkemusikken kjenner seg faretrugande marginaliserte og oversette. Men for publikum er det ikkje etter skiljelinjer som ukjend og utanlandsk, eller nyskapt og norsk at Festspelprogrammet først og fremst viser sine svake og sterke trådar. Dei avteiknar seg langt tydelegare og ganske annleis dersom ein spør seg kva som klarer setja oss i bevegelse, klarer utfordra og forstyrra, skriv Ballades Solveig Grødem Sandelson.
Mens Festspela enno syng mellom dei sju fjell, leitar aktørar, kritikarar og publikum etter møtestader, etter romma for det opne, utforskande og utvekslande. Der erfaringar kan bli prøvd ut, diskuterte og korrigerte. Ballades Solveig Grødem Sandelson fann fram til komponisten Knut Vaage, ein av dei utvalde norske samtidskomponistane som er representerte i årets program. - Festspela må fortsetja å vera ei drivkraft for å få ting til å skje, også i den nye kunstmusikken, seier han. - For å bruka direktørens eigne ord, døyr eit språk, skjer eit kulturtap.
For første gong er Fartein Valens songar samla på ein CD. Innspelte på Simax med sopranen Siri Torjesen, pianist Håkon Austbø, Bergen Filharmoniske Orkester og dirigent Christian Eggen. Den historiske dokumentasjonsverdien synes innlysande, men utover det, kva er det ved Valens alvorsfylte verk som kan gi liv til prosjektet også i tanke, tekst og tone? Ballades Solveig Grødem Sandelson spurde initiativtakar Siri Torjesen.
Driftsselskapet Tou scene a/s er under etablering. Målsettinga er at Tou skal bli ein motor for utviklinga av dei skapande kunstmiljøa i regionen, gjennom kombinasjonen av eit publikumsretta program og produksjonsverksemd i huset. Martyn Reed er arrangementsleiar, og som stemme frå Stavangers friskaste tilskot på kulturarenaen, lar vi han få siste ordet i denne serien frå Stavangers kuturliv.
I den fasen konserthussaka i Stavanger er inne i, synes det umuleg å skilja to debattar. Den eine tar i bruk det ein kan kalla postmoderne omgrep, om urbanisering, regionalisering og nivellering, medan den andre synes å halda seg til meir modernistiske omgrep som elitekultur, snobbisme og stormannsgalskap. I dag ser vi nærare på nokre av innvendingane, som i stor grad held seg til sistnemnde termar.
Akkurat nå, i Stavangers offentlege samtalar om kultur, kan det synast som om dei mest radikale visjonane og haldningane kjem frå dei som sit med makta - politisk så vel som administrativt. Har ein rett og slett eit nytenkjande etablissement i denne byen, eller er dette utslag av provinsiell stormannsgalskap, slik kritikse stemmer vil ha det til? I denne delen av Ballades serie om Stavangers kulturliv, er det etablissementet som får ordet.
Stavanger er Norges mest internasjonale småby, både kontinental og provinsiell. På åttitalet vart Café Sting sjølve arnestaden for nyskapande kultur- og kulturstemmer. Så sentral vart den vesle caféen at det enno synes logisk å begynna Ballades kulturvandring i oljebyen her.
Lærere klassisk og rytmisk piano + tysk
Arrangementssjef
Instituttleiar ved Griegakademiet
Repetitør Opera
Musikkonsulent
Kulturskulerektor
Vikar på slagverk
Vikar på horn
Musikkpedagog/ Musikkterapeut
Jazzlærere