Présences-festivalen er i gang i Paris for 16. året på rad. Denne franske samtidsmusikkfestivalen, som eigentleg er ein orkesterfestival, har dei siste tre år hatt norsk fokus. I år stod Oslo-Filharmonien for det norske utøvarbidraget, og presenterte eit program med verk av Lasse Thoresen, Ludvig Irgens Jensen og festivalkomponisten Krzysztof Penderecki. Fredagens konsert utmerkar seg neppe som noko det franske publikum vil festa seg ved for ettertida, men ynskjast velkomen som eitt steg i rett retning, skriv Ballades meldar i denne konsertomtalen frå Paris.
9-12. februar er det er duka for Norsk Komponistforening sitt årlege fagseminar i Åsgårdstrand. Temaet i år er ”musikk og meining”, og seminaret har invitert David Toop og Christina Kubisch til å halda innlegg. Toop stiller spørsmål om denne såkalte ’meininga’ er musikalsk og Kubisch vil foredra om elektromagnetiske undersøkingar. I tillegg kjem Olav Anton Thommesen, Hallgjerd Aksnes, Odd Are Berkåk og dessutan 16 komponistar som parvis vil analysera meininga med sine kollegers verk.
Sveinung Bjelland er aktuell med sin fyrste solocd frå Simax, med sonater av Scarlatti og Mendelssohn. Han har òg nyleg fullført femte runde av Glogerfestspillene på Kongsberg, der han og Isa Katharina Gericke er kunstnarlege leiarar. Ballade har møtt Bjelland for å snakka om lanseringa av CD-en og om dei to komponistane, som Bjelland meiner utgjer byrjinga og avslutninga på den galante perioden. - Mendelssohn og Scarlatti representerer hver sin ende av en stilistisk periode; den galante stilen, seier Bjelland. - Jeg ville vise likheter mellom komponistene og samtidig hvordan utviklingen har gått fram til Mendelssohns sonater.
Med overskriften "bæsjende kuer, overstyrt baljebass og skeive vibrafoner" inviterer asamisimasa til konsert på Parkteatret i Oslo torsdag 2. februar. Her fremføres musikk av Trond Reinholdtsen og Øyvind Torvund, samt to nye britiske verk. Ensemblet forbereder seg i disse dager på idylliske Bogstad gård utenfor Oslo.
Morgenbladet publiserte i desember artikkelen ”Orkesteret i graven”, er norske symfoniorkestre klare for avvikling?” Søkelyset er orkestra si manglande evne til nyskaping. - Orkesteret føles rett og slett ikke som et relevant medium hvis man er opptatt av å få til noe nytt, seier komponist Maja Ratkje til Morgenbladet. - Redselen for at de ved å spille mer samtidsmusikk ikke klarer å fylle salene er det største problemet. Politikken vi har i dag legger vekt på at man må nå mange for at noe skal være bra. Det blir det ikke bra kultur av – det er en kultur bygget på angst, meiner Rolf Wallin. I dag disponerer dei seks store orkestra halvparten av alle statlege pengar til musikkformål - eller nærare 250 millionar kroner. Er det fornuftig og rettferdig all den tid dei ikkje maktar å fylla mandatet sitt om å vera nyskapande?
Lærere klassisk og rytmisk piano + tysk
Arrangementssjef
Instituttleiar ved Griegakademiet
Repetitør Opera
Musikkonsulent
Kulturskulerektor
Musikkpedagog/ Musikkterapeut
Jazzlærere