Stemmeklang
Stemmeklang er 15 år og lagar StemmeklangFest!
24. og 25. oktober blir det konsertar med Stemmeklang og stadspesifikk musikk skrive av komponist Kristin Bolstad.
26. oktober blir det konsertar med det stadspesifikke verket OSEAN, eit samarbeid mellom Stemmeklang og Parallax trio (sjå eigen event).
Konsertane med Stemmeklang i mausoleet vart raskt ein tradisjon etter oppstarten i 2009, og er eit glimrande høve for å oppleva mausoleet sin overvelmande akustikk og heilt spesielle atmosfære.
Utøvarar: Kristin Bolstad, Linnéa Sundfær Casserly, Karoline Gullberg, Julie Kleive og Gabrielle Sørensen.
KONSERTAR STEMMEKLANG:
Torsdag 24. oktober kl 18 + 20
Fredag 25. oktober kl 18 + 20
KONSERTAR STEMMEKLANG + PARALLAX
Laurdag 26. oktober kl 16 + 17.30
Billettar til alle konsertar under Stemmeklangfest kan kjøpast her: https://stemmeklang.hoopla.no/
Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Støtta av: Norsk Kulturråd, Norsk Komponistforening og Creo vederlagsfond.