Prisinfo
275
Billetter

Sted
Emanuel Vigeland Museum
Nettside

Om arrangøren

Stemmeklang



Kalender

Stemmeklang

13/11/2021 kl. 14:00

Sidan 2009 har Stemmeklang hatt konsertar i Emanuel Vigelands Museum – eit mausoleum med ein heilt spesiell akustikk og atmosfære som berre må opplevast!

Som alltid på programmet står vokalstykker skrive spesielt for mausoleet av komponist Kristin Bolstad. Musikken nyttar rommet si unike klang fullt ut, og vekslar mellom å spela på lag med rommet og å utfordra det. Mausoleet i Emanuel Vigelands Museum er ei oppleving i seg sjølv med si dunkle framtoning, sterke og eksplisitte freskar, og ein helt spesiell akustikk.

Stemmeklang er eit stadspesifikt prosjekt for Emanuel Vigelands Museum i Oslo. Rommet sin etterklang på rundt 10-17 sekund står sentralt i måten verka er blitt utvikla, like eins som rommet sine eigenfrekvensar og overtonane frå desse som blir brukt aktivt i det musikalske materialet. Plassering av vokalistane og retninga på lyden har vore eitt av dei romlege verkemidla som blir brukt for å skapa ulike former for effektar av rørsle.

Utøvarar: Kristin Bolstad, Linnéa Sundfær Casserly, Karoline Dahl Gullberg, Julie Kleive og Gabrielle Sørensen.

Konserttips Oslo