Prisinfo
Ordinær 355, Earlybird/student/honnørrabatt se billettlink
Billetter

Sted
Riksscenen
Nettside

Om arrangøren

Riksscenen



Kalender

Jubileumskonsert – Schola 60 år!

15/06/2024 Kl. 17.00

Oslo

Irsk søndagskonsert med Caraid

16/06/2024 Kl. 15:00

Oslo

POING spelar HELLBILLIES

17/03/2023 kl. 20

Poing med vener spelar “Sylvspente Boots”!
I fjor var det 30 år sidan sjølvaste Hellbillies platedebuterte med skiva “Sylvspente Boots”, ei plate som gjekk rett inn i den norske folkesjela og vart ein instant klassiker. Dette jubiléet gjorde til at Folkmusikkveka på Ål fekk Poing til å spela plata frå a til å på sitt vis, ei plate som er bygd på amerikanske countryhits med Arne Moslåtten sine tekstar på klingande halling. En konsert som ble en kjempesuksess med Hellbillies på æresplass foran scenen, og et stappfullt lokale der allsangen og stillheten gikk om hverandre. Stillheten, siden Poing av og til gjør om låtene fullstendig i sitt grenseløse univers, slik at lyttingen tar over for et øyeblikk.

«Ein sylskarp Fender-gitar kan vel òg nyttast til å understreka ein norsk røyndom!»
– Arne Moslåtten

At ein slik god idé berre skal spelast ein gong er ei skam, så for alle dei som ikkje fekk oppleva dette på heimstaden til Hellbillies i fjor sumar, får de no sjansen her i den nye heimstaden til brorparten av bandet – Oslo!

Poing er kjende for sin kommuniserande, overraskande og uformelle konsertform, samstundes som trioen går i djubda av musikken og den ibuande kvaliteten den har. Kombiner dette med at dei tre er blant verdas fremste utøvarar på sine instrument, og du har oppskrifta på kva de som publikum kan vente dykk. Med seg på hyllesten har dei Lady Hardanger og Michael Donovan som utvida backingband, og ein haug med vokalistar som skal tolke jubiléumsplata, blant dei Arve Moen Bergset og Tuva Syvertsen, for å nemne nokon.

Det vert Hellbillies i heilt ny drakt denne kvelden, men energien og musikken på denne debutplata er tid- og grenselaus. Det vert høve til å synge med, nikke anerkjennande til delar du kjenner att og undre deg over element du ikkje hadde tenkt på før eventuelt som er heilt nye.

Vel møtt til Poing & co spelar Hellbillies!

Frode Haltli – trekkspel
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon
Håkon Thelin – kontrabass

Marius Graff – div strenger, vokal
Olav Christer Rossebø – div strenger, vokal
Ingeleiv Berstad – vokal, fele
Anne Marit Bergheim – div strenger, vokal
Michael Donovan – fele, vokal

Vokalistar:
Aslag Haugen, Tuva Syvertsen, Arve Moen Bergset, Silje Risdal Liahagen, Solfrid Gjeldokk, Margit Myhr m.fl