
Nordstoga & Reistad gjer Hartvig Kiran
Bli med på plateslepp og konsert med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på Josefine Vertshus, Oslo 3. mars!
I meir enn 20 år har Nordstoga og Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framfører viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengande. Over alt der dei fer set dei spor, dei er ei musikalsk lukkepille.
Visene på plata er henta frå «Tom Duley og andre viser ved Hartvig Kiran», som kom ut i 1962. Kiran var lyrikar og kringkastingsmann og viseboka med omsetjingane hans av gamle amerikanske folkeviser vart svært populær. Nokre av songane er oppførde med kjend låtskrivar, andre har ukjent opphav. Nokre er svært gamle, med røter attende til 1700-tallet. Engelskspråklege versjonar er utgjevne på plate av ei rad amerikanske artistar. Forutan «Tom Dooley» er nok «Sixteen tons» den som har sett størst spor etter seg. Tennessee Ernie Ford sin versjon, med den ikoniske klarinettintroen, vart ein millionselgjar. Sidan har m.a. Elvis og B.B. King hatt songen på repertoaret. Hartvig Kirans norske omsetjingar vart ein del av visebølgja på 60-og 70-tallet, og blei tekne i bruk av m.a. Lillebjørn Nilsen, Lars Klevstrand og Hege Tunaal.
Det vil også bli sal av CDar!
Dørene opnar: kl 19.00
Konsertstart: kl 20.00
Billettpris: 390,- pluss avgift
Lenke til billettar: https://www.ticketmaster.no/event/711591