Prisinfo
100/200
Billetter

Sted
Kulturhuset i Bergen
Nettside

Om arrangøren

Eirik Sognnes



Eirik Sognnes: Releasekonsert: Nattas Barn- Norges skeiveste album noensinne

19/05/2023 kl. 2000

Hjarteleg velkomen til sleppkonsert av Noregs skeivaste album nokonsinne!
Skeiv kjærleik og seksualitet er svært underrepresentert i norsk musikk. På debutalbumet “Nattas Barn” gjer eg noko med dette. På Kulturhuset i kveld servera me dykk songar om kjærleik, seksualitet, begjær, einsemd, sorg, dans og moro, akkurat som livet er for oss alle, berre i ei skeiv tekstlig innpakning, blir du med?
Dørene åpner: 20.00
Konsertstart: 21.00
Voksen: 200 kr
Student: 100 kr
Bakgrunn for album:
Sommaren 2022 blei me ramma av terror. Eg var sjølv på London pub denne kvelden. Eg som hadde levd i ti år som open homo på ei bølgja av optimisme og framtidstru fekk mykje å tenka på. Eg følte eg hadde vore ein “gratispassasjer” i fridomskampen så langt, så eg spurte meg sjølv: “Kva kan du bidra med i kampen?”.
Mitt svar blei å gå heim å skriva eit skeivt norsk frigjeringsrockealbum som eksplisitt tok opp i seg kjærlighet, begjær, einsemd, sorg, dans og moro mellom gut og gut! Representasjon er svært viktig i ein likestillingskamp. I norsk musikk er skeiv kjærleik, seksualitet og fridomskamp, nesten heilt fråverande. Albumet Nattas Barn er mitt bidrag til å gjere noko med dette.
Håpar me sjåast?


Flere saker Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio